Ofte stilte spørsmål om Studentweb og semesterregistrering
Korleis skal eg logge inn i Studentweb? Du kan logge inn i StudentWeb anten med brukarnamn og passord eller ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID, Buypass eller Commfides)
Kva skal eg gjere når eg ikkje får lagra Min profil på grunn av feil i epostadresse? Forsøk å endre store bokstavar til små i epostadressa di. Dette vil kunne løyse problemet.
Er semesterregistreringa gyldig når eg har betalt semesteravgifta til annan høgskole/universitet enn UiA? Du må først vise/sende dokumentasjon på at du har betalt semesteravgift, slik at vi kan registrere den manuelt. Send dokumentasjon til servicetorget@uia.no.
Eg har betalt semesteravgifta, men dette er ikkje synleg i Studentweb Det kan ta 3-5 dagar frå du har betalt til dette er registrert hos oss. Dette har å gjere med kor raskt BBS sender betalingsopplysningar til UiA, og kan variere frå bank til bank.
Eg får ikkje meld meg til undervisning (Canvas) på emnet? Om du ikkje får opp emnet i utdanningsplanen, kan du ta kontakt med ein studierettleiar/studiekonsulent på ditt fakultet.
Kvifor får eg feilmelding når eg melder meg til utsett eksamen? Dette kan skuldast at den utsette eksamenen ikkje er oppretta i Studentweb enno. Ta kontakt med Eksamenskontoret for å få status på dei utsette eksamenane, og få vite når og korleis du skal melde deg opp. Merk at det ikkje er mogleg å melde seg til utsett eksamen på Studentweb før sensuren for ordinær eksamen føreligg.
Det hender også det er problem med å melde seg til utsett eksamen frå resultatoversikten. Forsøk i staden å gå inn i din utdanningsplan. Klikk på "Vis tidlegare semester", og meld deg til vurdering derfrå.
Det står feil studieprogram på fakturaen min? Det gjer ikkje noko, vi registrerar betalinga di uansett. Berre betal den fakturaen som ligg i din Studentweb, sjølv om den står på feil studieprogram.
Kva betyr det å samtykke til bruk av bilete frå studentkort? Da gjev du samtykke til at biletet som vart tatt i samband med at du fekk studentkort også kan brukast i interne system faglærar brukar knytt til undervisninga, som Faglærerweb, klasselister og oppmøteregistrering. Bilete vil aldri bli brukt i eksterne system eller i system som er tilgjengelige for medstudentar. Ved å samtykke til dette, gjer du arbeidet for faglærar enklare. Bilete av ein student er ei personopplysning, jf. Personopplysningslova §2, nr 1. Difor må du samtykke før bilete kan brukast i interne UiA-system.