Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Skaper samhald i matematikkmiljøet

Studentar frå ulike studieretningar innan matematikk tar campus tilbake med sosiale og faglege samlingar. 

Gruppebilde av studenter foran campus
Læringsassistentar i MatRIC skaper samhold for matematikk-miljøet på UiA. Fra venstre: Marjan Daliri, Julie Kogstad, Elisabeth Træland, Birgitte Øverland, Martin Nordskog, Hallvard Foss og Oskar Solberg.

– Det har vore godt oppmøte på alle samlingar. Målet er å skape eit betre samhald på tvers av emne og studieretningar i matematikk.

Det seier Martin Nordskog. Han er læringsassistent i matematikk mens han går femte året på lektorutdanning i matematikk, fysikk og naturfag på UiA. 

Gjennom vår- og haust-semesteret i 2022 har Nordskog og 7 andre læringsassistentar arrangert workshops, aktivitetskveldar og fagdagar.  

I tillegg driftar fleire av assistentane drop-in-tilbodet til MatRIC der studentar kan få matematikkhjelp.

– Etter pandemien merka vi eit behov for å samlast fysisk. Mykje av undervisinga er framleis digital og mange studentar sit aleine og slit i ulike matematikk-emne. Ved å arbeide i grupper kan vi jobbe med problemstillingane saman, i staden for kvar for oss, seier han. 

Les meir om drop-in-tilbodet til MatRIC her

Aktivitetskveldar

Eit anna tiltak er aktivitetskveldar med sosialt innhald. Det har vore ein stor suksess. Kring 20 studentar har møtt opp kvar gong. 

Hallvard Foss går fjerde året på lektorutdanning med matematikk, naturfag og idrett, og har vore ansvarleg for arrangementa i førre semester. Bakgrunnen for initiativet er mellom anna resultata frå fjorårets SHOT-undersøking blant studentane på UiA. Der kom det fram at mange studentar kjenner seg einsame.

– Vi møtest for å vere sosiale og mange har same interesse. Vi køyrer mellom anna quizar og rebusar. Tilbodet er for alle matematikk-nivå, seier Foss.

Her blir studentane kjent med einannan under quizen. Men dei får óg høve til å ete mat saman. Det blir alltid servert eit godt måltid til alle som kjem. Mange møter på fleire arrangement. Dette er eit godt teikn, ifølge Foss. 

– Mange har no eit miljø å høyre til i. For mange av deltakarane er også terskelen no lågare for å komme på innom drop-in-tilbodet vårt, seier Foss. 

Kurs for nye lærarstudentar

I tillegg til sosiale kveldar er det også arrangert faglege samlingar for ulike studieretningar. Mellom anna har det blitt gjennomført fleire kurs for ferske lærarstudentar før dei skal ut i den viktige og lærerike obligatoriske praksisperioden med elevar i grunnskulen.  

Birgitte Øverland er grunnskulelærar-student med master i matematikk. Ho har, saman med fleire student-kollegaer, arrangert tre kurs i 2022. 

– Mange gruar seg før praksisperioden og treng tips til aktivitetar og oppgåver i matematikk-emna. Det har vi ein god gjennomgang av i kursa våre, seier ho.

Det har vore godt oppmøte på desse samlingane også. Deltakarane får aktivitetar knytt til praksis og introduksjonsoppgåver knytt til ulike rekneartar. I tillegg får dei grunnleggjande tips til praksisperioden. 

– Studentane er nøgde og fleire kjem tilbake fleire gonger. Mange tek også med seg kopiar av opplegget som vi legg fram for å bruke i praksis. Det er godt å sjå at det vi gjer er nyttig, seier Øverland. 

 

I 2023 vil 16 vere læringsassistentar og bidra med drop-in-tilbodet, fagkveldar, aktivitetar og workshops.

I 2023 vil 16 vere læringsassistentar og bidra med drop-in-tilbodet, fagkveldar, aktivitetar og workshops.