Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Kortfilmar skal lære studentar statistikk

16 kortfilmar med UiA-studentar skal gi eit kræsjkurs i statistikk. 

Skjermbilde av kortfilm
MatRIC og Jo Røislien lanserte 16 kortfilmar (Illustrasjon: skjermbilde)

– Filmane er korte og enkle og illustrerer omgrep i statistikk. Dei skal hjelpe studentane å forstå statistikk på ein enkel måte, seier Thomas Gjesteland. 

Han er  professor og leiar for MatRIC, Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching på UiA. 

Thomas Gjesteland er professor i fysikk og leiar av MatRIC på UiA.

Thomas Gjesteland er professor i fysikk og leiar av MatRIC på UiA.

MatRIC i tett samarbeid med Jo Røislien står bak serien med 16 korte filmar om statistikk. Røislien er professor i medisinsk statistikk og arbeider ved det helsevitskaplege fakultet på Universitetet i Stavanger, og har erfaring frå ei rekkje videoproduksjonar.

MatRIC er eit ressurssenter som arbeider for å endre og betre matematikkundervisninga for studentar i heile Noreg. Kortfilmane er eit ledd i dette arbeidet, og er eit supplement til undervising om grunnleggjande statistikk. 

– I filmane blir det brukt pappkassar, perler og statistar frå UiA saman med eit enkelt og kvardagsleg språk. Dette gjer den abstrakte statistikken meir konkret, seier Gjesteland.

Fleire digitale plattformar

Kortfilmane ligg ute på MatRIC sin nettstad under MatRIC TV. Der ligg dei saman med mange andre gode læringsressursar. Alt ligg ope og tilgjengeleg for alle. 

– Vi håpar videoane vil hjelpe studentane til å sjå alt dei kan bruke statistikk til, seier Gjesteland. 

Mange studentar i høgare utdanning kjem på eit eller anna tidspunkt innom statistikk og metode. Om ein skriv bachelor- eller masteroppgåve må ein ha kompetanse om dette. 

Statistikk beskriv tal og datamengder. Og med stadig fleire digitale plattformar blir det samla mykje meir data enn tidlegare. 

– Desse dataane er det behov for å tolke og forstå. Grunnleggjande kompetanse i statistikk er ein verdifull kompetanse å ha, seier Gjesteland.

 

Filmlansering

Torsdag 27. april og fredag 28. april inviterte MatRIC til filmlansering og inspirasjonsforedrag om statistikk saman med Jo Røislien. 

– Statistikk er viktig fordi det gir oss handfast informasjon om eit saksområde. Utan statistikk og tal på samfunnet styrer vi samfunnet i blinde, seier Røislien. 

Røislien har lang erfaring med bruk av film for å illustrere tal. Han har mellom anna vore med å laga fleire dokumentarar med NRK og TV-reklame for Telia.  

– Video passer godt som eit supplement til undervising. Menneskjer har mange sansar og i  videoane kan vi både sjå, lytte og få noko illustrert på kort tid, seier han. 

Videoane er på mellom 2-4 minutt kvar, og kan sjåast på fritida, på bussen, på kafé eller mens du leser pensum. 

MatRIC og Jo Røislien heldt inspirasjonsforedrag om statistikk og lanserte 16 kortfilmar.

MatRIC og Jo Røislien heldt inspirasjonsforedrag om statistikk og lanserte 16 kortfilmar.