0
Hopp til hovedinnhold

Engasjert og opptatt av UiA som institusjon

«At eg har erfaring både frå fakultet og fellesadministrasjonen ser eg som viktig – ein lærer mykje av å sjå utfordringane frå fleire perspektiv.»

Målfrid Tangedal

Seniorrådgivar, Forskingsadministrativ avdeling

Kvifor stiller du til val?

– Eg er svært engasjert i universitetet både som arbeidsplass og som fagleg institusjon. Eg stiller til val fordi eg ønsker å delta i den vidare utviklinga og eg håper å kunne representere gruppa mi på ein god måte.

Kva er dei tre viktigaste sakene du vil arbeida for i dei neste fire åra?

– At styret tilrettelegg best mogeleg for kjerneverksemdende våre, forsking og utdanning. Det er viktig å bygge opp rundt fakulteta på ein slik måte at kjerneverksemda får høve til å utvikle seg. Her er autonomi og tildelingar av stillingar viktig, men også ein kompetent og aktiv administrasjon. Administrasjonen må organiserast slik at vi mest mogeleg effektivt får retta støtta der den trengs. I dei siste åra har for eksempel den forskingsadministrative støtta på fakulteta auka, og dette er viktig for forskarane.

– Fortsatt fokus på forsking. Eg kom til UiA eitt år etter at det vart Universitet, og fokuset den gong låg tungt på undervising og utdanning. Sidan den gong har UiA hatt eit fantastisk løft på forskingssida, og det har vore ein kjempespennande prosess. Eg har stor respekt for våre vitskapleg tilsette, og det arbeidet dei har lagt ned, og vidare utvikling her bør også vere av stor interesse for styret. Framover må vi sikre at vi følger opp utviklingsavtalen vi har inngått med KD, som tydeleg presiserer at UiA skal ha tilstrekkelege administrative ressursar til at forskarane kan kunne levere dei vitskaplege resultata.

– Samarbeid. Vi er ein liten institusjon, med mange dyktige tilsette. Samarbeid internt og eksternt er viktig på alle nivå. Vi får til mykje bra allereie, men det er viktig at vi har rom til å sjå kva løysingar som kan skapast på tvers og korleis vi internt kan utnytte kompetansen vi har best mogeleg. Her er eg opptatt av samspelet mellom vitskapleg tilsette og administrasjon, korleis vi avheng gjensidig av kvarandre og korleis vi kan få dette til å fungere på best mogeleg måte.

Kva for eigenskapar og kompetanse har du som gjer at kollegaene dine bør stemma på deg?

– Eg har hovudfag i sosiologi frå UiB og har allsidig administrativ erfaring både frå UiB og UiA. Eg har vore tilsett ved UiA sidan 2008, og har jobba både med studie-, forskings-, og ph.d.-administrasjon i tillegg til leiingsstøtte. Lang og brei erfaring med andre ord, som har gitt meg eit stort kontaktnett på UiA og erfaring frå kor «skoen trykkar» på dei ulike nivåa. Det at eg har erfaring både frå fakultet og fellesadministrasjonen ser eg som viktig – ein lærer mykje av å sjå utfordringane frå fleire perspektiv. I tillegg er eg engasjert og svært opptatt av UiA som institusjon.

Utdanning

Cand.polit i sosiologi frå Universitetet i Bergen, 2004

Cand.mag frå Universitetet i Tromsø, 1999

Arbeidserfaring

2019 - : Seniorrådgjevar ved Fakultet for samfunnsvitenskap, UiA.

2016 - 2019: Seniorrådgjevar i Forskingsadministrativ avdeling, UiA

2008 - 2016: Rådgjevar ved Fakultet for samfunnsvitenskap og Handelshøyskolen ved UiA

2003 - 2007: Førstekonsulent ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen

Styreerfaring

2016 - 2019: Sekretær for NARMA (Norsk nettverk for forskningsadministrasjon)

2013 - 2016: Varamedlem i NARMA 

Send studiet på mail