0
Hopp til hovedinnhold

Vil utdanne skriveføre økonomar med etisk sans

Økonomane John A. Hunnes og Torunn Skåltveit Olsen meiner det må meir enn økonomi til for å førebu økonomistudentar på framtidas utfordringar.

– Det er fleire gode grunnar til å satse på etikk og skriving. Ein av dei er at arbeidsmarknaden etterspør kompetanse på berekraft. Bedrifter ønsker å tilsette personar som evnar å tenka kritisk om det bedrifta held på med, og gjerne formulere seg omkring det også. Etikk skal sitje i ryggrada på framtidas økonomar, seier førsteamanuensis John A. Hunnes ved Handelshøgskulen ved UiA.

Han minner om at berekraft er det nye inn-ordet som også gjeld for økonomifaget.

– Anten du skal investere eller drive ei bedrift, må du tenkje berekraft og stadig vurdere etiske dilemma knytt til grøn utvikling. Arbeidsgivarane er interesserte i arbeidstakarar som evnar å reflektere og ta gode etiske avgjersler. Samtidig ser vi at studentar ønskjer å arbeide for miljøbevisste bedrifter som tar etisk ansvar. Det må utdanningsinstitusjonane ta innover seg, og det er det vi har gjort, seier Hunnes.

Etisk bevisste økonomar

Bilde av førsteamanuensis John Arngrim Hunnes.

– Anten du skal investere eller drive ei bedrift, må du tenkje berekraft og stadig vurdere etiske dilemma knytt til grøn utvikling. Arbeidsgivarane er interesserte i arbeidstakarar som evnar å reflektere og ta gode etiske avgjersler, seier førsteamanuensis John Arngrim Hunnes.

Saman med førstelektor Torunn Skåltveit Olsen har han lagt om på eksamen, under-visning og pensum i etikk.

– I fleire år har etikk vore ein liten del av økonomiutdanninga. Det er typisk noko ein er innom mot slutten av økonom-utdanninga, seier han. Hunnes og Olsen valde å byrja etikkundervisninga allereie i første semester. Målet var mellom anna å innarbeide etikk som ein grunnleggjande del av faget, og ikkje som eit tillegg til økonomifaget.

 – Vi vil at etikk skal danne ein basis som studentane tar med seg i løpet av utdanninga. Vi forbetra undervisninga mellom anna ved å diskutere aktuelle etiske problem og reflektere saman med studentane. Oppgåvene vi laga til studentane tok gjerne utgangspunkt i dagsaktuelle avisartiklar, seier Hunnes.

Undervisninga gjekk frå einvegs-kommunikasjon til seminar basert på dialog og refleksjon. Førelesningane blei spelte inn på video, og det blei lagt opp til eigeninnsats og innleveringar frå studentane. Emnet «Etikk og bedrifters samfunnsansvar» består nå av tre delar: akademisk skriving, etikk og bedrifters samfunnsansvar i norsk og internasjonal samanheng.

Leitar etter optimalt undervisingsopplegg

Hunnes og Olsen prøver stadig å finne den optimale undervisningsforma og har gjort seg fleire erfaringar undervegs. Tidleg i omlegginga av faget dukka det opp eit behov for å læra studentane akademisk skriving.

– Alle skriveferdigheiter vi som akademikarar og økonomar tek for gitt må lærast, til dømes det å bruke kjelder, kunne drøfte ei sak og bruke teori når du skriv. Vi tok dette inn i vårt emne fordi det ikkje var andre stader studentane kunne lære dette. I samarbeid med biblioteket får studentane nå seks timar med plenumsførelesningar om akademisk skriving, seier Olsen.

Og det stopper ikkje der. Ein av dei mest omfangsrike arbeidsoppgåvene dei to økonomane har teke på seg, er å gi grundige tilbakemeldingar på oppgåvene studentane skriv.

– Den mest ambisiøse delen av opplegget vårt er at vi gir individuelle tilbakemeldingar til våre 350 studentar. Vi får dei inn i grupper på tre, og bruker 45 minutt på kvar gruppe. Dette gjer at vi får høve til å snakke med kvar enkelt student om skriving, økonomi og etisk refleksjon allereie første semester. Det blir ein god ballast for studentane å ta med seg vidare, seier Hunnes.

Bilde av førstelektor Torunn Skåltveit Olsen.

Torunn Skåltveit Olsen er førstelektor ved Handelshøgskulen ved UiA, og forskar blant anna på problemstillingar knyta til unge uføre, deltidsarbeid, sjukefråvær og bedrifters samfunnsansvar.

Han understrekar at det er heilt avgjerande å ha ei leiing av Handelshøgskulen ved UiA som er med på nye undervisningsopplegg og støttar forskarane med ressursar undervegs.

– Vi har fått den støtta vi har behov for heile vegen, seier han.

Dagsaktuelle oppgåver

Andreas Mosvold Salvesen er ein av studentane som har gjennomført det nye etikk-emnet.

– Vi fekk ikkje mange oppgåver, men dei vi fekk var svært dagsaktuelle og dermed relevante og interessante for oss studentar. Dei dagsaktuelle oppgåvene bidrog til konstruktive diskusjonar i gruppearbeida, seier han.

Studenten trur at ein styrking av etikk-faget vil gi framtidige økonomar meir legitimitet.

– Vi veks opp i ei verd der vi må læra oss å ta meir omsyn til både miljø og menneske. Difor er det viktig å vektlegge kva vi som økonomar kan bidra med. Eg trur også at legitimiteten til økonomen blir styrka av at vi kan meir om etikk, seier han.

Fekk pris for omlegginga

Universitetet i Agder deler kvart år ut ein pris til nyskapande undervisings- og utviklingsprosjekt. Utdanningsprisen 2018 gjekk til Hunnes og Olsens arbeid med etikk og skriving i økonomifaget. Dei prisvinnande forskarane ligg ikkje på latsida, men held stadig på med å utvikle emnet. Dei har allereie publisert ein internasjonal artikkel om det pedagogiske opplegget, og har planar om å skrive fire nye, to av dei i samarbeid med kollegaer frå ingeniørvitskap og pedagogikk. To bøker er også på veg.

– Vi ser for oss å gi ut kvar vår vitskaplege bok i løpet av 2020. Mi bok dreier seg om etikk og økonomi, mens Torunn skriv om bedrifters samfunnsansvar, seier Hunnes.