Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Universitetet tilset grunnskulelærarar for å bli betre på data

– Nøkkelen til å heve lærarutdanninga i framtida er å knyte lærarutdanninga enda tettare opp mot grunnskulen, seier Johan Kristian Andreasen. Universitetet i Agder har tilsett åtte lærarar frå grunnskulen i delstillingar ved universitetet.

– Dette gjer vi fordi vi trur tettare samarbeid med dyktige lærarar i vår region, vil styrke både universitetet, lærarstudentane og etter kvart grunnskulane, seier Johan Kristian Andreasen.

Johan Kristian Andreasen, foto

Johan Kristian Andreasen.

Han er universitetslektor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder (UiA) og leiar eit fireårig forskings- og utviklingsprosjekt om digital kompetanse ved grunnskulelærarutdanning ved UiA.

Satsinga kallast Profesjonsfagleg digital kompetanse (ProDiG-prosjektet), og vert gjennomført frå 2016-2020. Prosjektet er finansiert med 20 millionar kroner av Kunnskapsdepartementet, og er eit samarbeid mellom Kristiansand og Vennesla kommunar og UiA.

Pedagogisk teknologibruk

Blant dei fem basisferdigheitene i læreplanen for grunnskulen er lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter.

– Studentar i dag kan mykje data, men vi må lære lærarstudentane å bruke digitale læremidlar til å styrke undervisning og læring i fag som norsk, historie, engelsk og alle andre fag, seier Andreasen.

Han legg vekt på at digital kompetanse dreiar seg om meir enn berre å kunne bruke ulike dataverktøy og programvarer.

– Lærarstudentane skal lære korleis digitale læremidlar kan nyttast pedagogisk, til å motivere elevane, tilpasse undervisninga og gi auka læringsutbytte, seier Andreasen.

På UiA får studentane innføring i undervisningsmetodar og teori; på skulane får dei praktisk erfaring i å undervise elevar ved hjelp av digitale verktøy.

Utvida samarbeid

Det er ikkje nytt at lærarutdanninga ved UiA samarbeider med grunnskulen. Den praktiske opplæringa studentane får av dyktige grunnskolelærarar har alltid vore ein sentral del av lærarutdanninga. No vert samarbeidet utvida ved at UiA har tilsett grunnskulelærarar i ProDiG-prosjektet.

Andreasen understrekar at nøkkelen for å lykkast med gode og forskingsbaserte lærarutdanningar, er å kople utdanninga enda tettare til lærarkvardagen. Dei åtte grunnskolelærarane frå Kristiansand og Vennesla er tilsette i kvar si 20 prosentstilling, og skal vere med og utdanne lærarstudentane innan bruk av teknologi.

– Vi ønskjer å utnytte kompetansen som allereie finst i skulane. Lærarane skal arbeide tett saman med fleire fagmiljø på UiA for å utvikle den nye femårige lærarutdanninga. Ved at dyktige lærarar frå skular og universitet får høve til å samarbeide om utviklinga, vil studentane få ei meir framtidsretta utdanning med meir fagleg og praktisk tyngde, seier Andreasen.

Tilpassa digital undervisning

Prosjektleiaren meiner skulen treng lærarar som kan tilpasse digitale verktøy for alle elevane.

– Tilpassing av opplæringa er først og fremst ei pedagogisk oppgåve, og for å kunne utnytte digitale læremidlar trengst det ein grunnkompetanse som set pedagogen i stand til å tilpasse undervisninga ei mangfaldig elevgruppe, seier Andreasen.

Han minner om at dei UiA-tilsette grunnskulelærarane ikkje har IKT som hovudoppgåva si, men bruker IKT som ein naturleg og nødvendig del av undervisninga i alle fag på skulen.

– Det et nettopp den kompetansen frå praktisk bruk av teknologi som er viktig for våre studentar, seier han.

Agder-regionen er førebudd

Kommunane i Agder satsar stort på digital kompetanse i grunnskulen. Andreasen vedgår at fleire av skulane gjerne ligg i forkant av lærarutdanninga ved UiA. Elevar har gjerne fått nettbrett eller berbare datamaskiner av skulen, og lærarane har får opplæring i pedagogisk bruk av desse verktøya.

– Målet er at våre nye lærarstudentar blir oppdaterte på IKT og kan gå direkte ut i skulen og halde eit høgt nivå. No er vi i gang med å lage ei meir framtidsretta utdanning, seier Andreasen.

Frå førsteklasse til masternivå

Samtidig med satsinga på lærarstudentane, utviklar UiA fleire etter- og vidareutdanningskurs.

Rune Andersen er universitetslektor ved Institutt for informasjons- og kommunikasjons-teknologi på UiA. Han arbeider mellom anna med å utvikle nye kurs med vekt på relevant bruk av IKT i undervisninga. Denne hausten gjennomfører hans institutt fleire kurs med den vektlegginga, mellom anna IKT for yrkesfaglærarar og innføring i grunnleggjande IKT for tilsette i Statped og andre.

– Slike kurs er viktige fordi dei gir lærarane som arbeider i skulen betre innsikt kva som kan vere nyttig å bruke i den daglege undervisninga. Samtidig får dei meir kunnskap om korleis elevane tenkjer og driv på med når dei ikkje er på skulen, seier Andersen.

Andersen har brei bakgrunn innafor feltet IKT og skule. Han starta yrkeskarrieren som småskulelærar og har erfaring med undervisning i alle klassar frå første til tiande, vidaregåande skule og heilt opp til masternivå på universitetet.

I tillegg har han ein mastergrad i pedagogisk bruk av IKT. Til saman har denne erfaringa gitt han unik kunnskap om pedagogisk bruk av IKT.

Tabbe med datamaskiner

Han meiner storsamfunnet gjorde ein tabbe da elevane fekk datamaskiner før lærarane.

– Det skulle ha vore slik at lærarane fekk maskiner før elevane, og at det vart lagt til rette for ein statleg og felles IKT-opplæring av lærarar først og deretter av elevane, seier Andersen.

Universitets- og høgskular får lågt skår når dei undersøkjer kor tilfredse studentane er med IKT-opplæringa, den same tendensen gjeld for UiA.

– Studentane er godt nøgde med undervisninga på universiteta, men dei er samtidig misnøgde med den digitale opplæringa dei har fått, men no er det mange initiativ på gang for å betre dette, seier Andersen.

Elev- og studentstyrt undervisning

Andersen meiner ProDiG-prosjektet er eitt av svara på mange av IKT-utfordringane skule og universitet har.

– Ein viktig tendens innan pedagogikk for framtida er at vi går frå ein lærarstyrt til ein meir elev- og studentstyrt læring. Den tradisjonelle førelesinga er til dømes på veg ut i fleire fag, og da vert vi avhengige av dyktige lærarar som kan rettleie elevane i bruk av digitale verktøy, seier han.

Andersen er blant dei som ikkje ser noko gale i at ungane ofte sit med datamaskina, nettbrettet eller smarttelefonen. Han meiner det viktigaste er å ha gode rutinar rundt bruken og ei medviten haldning til kva ein bruker verktøya til.

– Vi har kanskje eit sosial klasseskilje mellom rike og mindre heldig stilte i dagens Noreg, men eit digitalt klasseskilje vil vere minst like utfordrande for samfunnet. For at barn og unge skal halde følge med utviklinga, trur eg det er viktig at dei er aktive med nettbrett, smarttelefon og datamaskin. Ungdom i dag bevegar seg i den digitale verda, og dei som ikkje er der, er ekskludert frå dagens røyndom, seier Andersen.

Umogleg å vere teknologiskeptikar

Da Andersen starta som småskulelærar var han faktisk skeptisk til den teknologiske utviklinga, men no har han lagt dei fleste motførestillingane bak seg.

– Realiteten er at verda går framover og teknologien vert meir digital. Teknologien utviklar seg, og vi med den. Da må vi utvikle oss på dette feltet også. Oppgåva vår i utdanningssektoren er å vere skeptiske og spørjande til det som skjer, men vi skal også vere framsynte og leie utviklinga framover, seier Andersen.

FAKTA

ProDiG

Profesjonsfagleg digital kompetanse (ProDiG) er eit forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid mellom Universitetet i Agder og Vennesla og Kristiansand kommunar. Målet er å utvikle grunnskulelærarutdanningar og heve kompetansen innan digital teknologi på universitetet, blant lærarstudentane og i grunnskulen. Prosjektet er fireårig frå 2016-2020 og er finansert av Kunnskapsdepartementet.

Etter- og videreutdanning tilbod ved UiA innan IKT og digital kompetanse:

  • IKT-kurs ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi på UiA
  • IKT for yrkesfaglærarar
  • Innføring i grunnleggjande IKT for tilsette i Statped
  • Grafisk design og video
  • Årskurs i IKT for lærerar i grunnskulen
  • Web og nettkunnskap

Andre etter- og vidareutdanningstilbod under utvikling ved UiA:

  • Strategisk bruk av IKT
  • Digitalisering og forretningsutvikling
  • Digitalisering og ledelse
  • Innovasjon, IKT og ledelse
  • eDialog