Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Sunniva Whittaker på plass som ny rektor

Torsdag 1. august starta professor Sunniva Whittaker som ny rektor ved UiA. Som rektor vil ho synleggjere universitetet og styrke studenten, og skal mellom anna tilsetje ein studentmentor som sin personlege rådgjevar.

Sunniva Whittaker er utdanna språkforskar og litteraturvitar, men har fylt på med økonomi- og leiarfag. Som ny rektor vil ho ha studenten i sentrum og UiA fram i lyset.

– Vi er eit universitet og må bli enda synlegare i det offentlege rom med vår kunnskap og kompetanse, seier UiAs nye rektor.

Sunniva Whittaker står med eitt bein i den humanistiske tradisjonen og eitt i den økonomiske. Av økonomane har ho mellom anna lært å snakke om kunnskap og marknadsverdi i éi og same setning. Det er nok ei setning mange av hennar kollegaer ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ikkje er heilt fortrulege med. Historisk har det i alle fall ikkje vore vanleg for humanistar å kople kunnskap og marknadsverdi.

– Dette er i endring i våre dagar, men før var det nok slik at humanisten sat i si eiga bobla i eit elfenbeinstårn og forska på ting som var interessante utan å tenkje mykje på etterspørselen etter humanistisk kunnskap, seier Whittaker.

Ho sa verkeleg «boble» og «elfenbeinstårn», men ho understrekar at ho her snakkar i store bokstavar for å få fram eit poeng. Ho har sjølv kjent på kropp og tenkjemåte at det er forskjell på humanistar og økonomar.

– Eg snakkar mest om fortida no, men eg kom til ei heilt anna verd og ein heilt ny tenkjemåte da eg gjekk frå språkforsking ved universitetet til å jobbe ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Der lærte eg mykje av å arbeide tett på økonomar, seier Whittaker.

Kunnskapen og marknadsverdien

På Handelshøyskolen fekk ho første gong høyre forskarar som snakka om kunnskap og marknadsverdi. For språkforskaren var det gresk. Og i dette tilfellet hadde nok ikkje hennar latin- og greskkyndige far kunne hjelpt henne heller.

Den vordande rektoren lærte seg sjølv å omsetje økonomisk talemåte til menneskespråk. Ho hadde ikkje noko val. Ho arbeidde på Norges Handelshøyskole i 21 år frå 1996-2017. Deretter kom ho kom til UiA og vart dekan, vitskapleg sjef for forskarane ved Fakultet for humaniora og pedagogikk og frå hausten 2019 rektor.

– At kunnskap har høg marknadsverdi betyr at kunnskapen vert etterspurt i samfunnet. For å skape etterspurnad må du synleggjere relevansen av tilbodet, eller marknadsføre tilbodet, for å bruke eit økonomisk omgrep, seier Whittaker.

Hybrid-rektor

No er ho sjølv eit levande bevis på at fagblanding kan vere av det gode. UiAs nye rektor er akademias svar på hybrid-bilen. Ho koplar inn humanistiske fag der det trengst og økonomifag der det er nyttig.

– Eg har kvar dag både nytte og glede av menneskekunnskapen eg har lært via humanistiske fag og den kompetansen eg har fått gjennom fag på Handelshøyskolen, seier ho.

Engelsk og norsk

Ho er fødd i Trondheim, oppvaksen i Canada. Norsk og engelsk er morsmåla hennar. Etter kvart vart det studiar og bustad i Frankrike og det som den gong heitte Sovjetunionen.

Ho har fransk, litteraturvitskap og russisk som fag, og er utdanna konferansetolk. Ho les Tolstoj på russisk og Houellebecq på fransk. Austerrikaren Thomas Bernhard les ho på norsk. Grunnen er ikkje berre at tysken frå gymnaset er rusten, men også at omsetjaren Sverre Dahl er ein fryd å lese. Doktoravhandlinga hennar er skriven på fransk og dreiar seg om lingvistiske problem, mellom anna om korleis argumentasjon er integrert i språklege strukturar. Men så kom ho altså til denne handelshøgskulen i Bergen, og der studerte ho fag som makroøkonomi, marknadsføring og organisasjonsteori ved sida av jobben.

– Mange tek økonomisk-administrative fag for å verte leiarar, men eg tenkjer at humaniora godt kan verte tydelegare på at menneskekunnskap og kulturkompetanse frå humanistiske fag også gir relevant leiarerfaring, seier ho.

Rektoratet ved UiA 2019-2023

Bilde av rektor Sunniva Whittaker.

Sunniva Whittaker, rektor

Professor med doktorgrad i fransk lingvistikk frå UiB. Kom frå stillinga som dekan ved Fakultet for humaniora og pedagogikk. Har tidlegare vore både instituttleiar og prorektor ved Norges Handelshøyskole.

Bilde av Morten Brekke, viserektor for utdanning.

Morten Brekke, viserektor for utdanning

Dosent med bakgrunn frå Institutt for ingeniørvitskap. Tilsett ved UiA sidan 1993. Utdanna cand.scient i teoretisk astrofysikk ved UiO. Fekk i 2018 utnemninga merittert undervisar ved UiA.

Bilde av Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar.

Hans Kjetil Lysgård, viserektor for forsking og tverrfaglege satsingar

Professor med bakgrunn frå Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging. Doktorgrad i samfunnsgeografi frå NTNU. Arbeidserfaring frå NTNU og NORCE (tidlegare Agderforskning).

Bilde av Gøril Hannås, viserektor for samfunnskontakt og nyskaping.

Gøril Hannås, viserektor for samfunnskontakt og nyskaping

Førsteamanuensis med bakgrunn frå Institutt for arbeidsliv og innovasjon der ho også har vore instituttleiar. Doktorgrad i logistikk frå Høgskolen i Molde. Arbeidserfaring frå konsernleiinga i National Oilwell Varco Norge.

Vennleg og bestemt

UiAs nye rektor er ein vennleg sjef. Dei som kjenner henne frå den sida, meiner ho er ein open og real sjef. Ho kan lytte og lytte litt til. Ho er interessert i det du seier og vil gjerne involvere alle. Forankring, forankring, forankring, seier ho.

Ho kan tenkje sjølv og meine motsett av det folk seier også, men altså ikkje på nokon brå og sjølvhevdande måte. Sunniva Whittaker er ein smidig sjef. Du skulle nesten tru ho hadde gått på leiarkurs ved Norges Handelshøyskole og lært å dosere perfekt mellom å lytte og bestemme.

– Eg har aldri tenkt eg skulle verte sjef, eller rektor for den del. Eg har aldri tenkt at eg har hatt talent i den retninga, seier ho.

Kanskje er det nettopp denne avslappande haldninga til å sjefe som har gjort henne kapabel som rektor?

Krig og fred

Ho er oppteken av universitetets rolle i samfunnsdebatten. I fjor arrangerte ho ein konferanse der UiA-forskarar og fagfolk frå inn- og utland diskuterte kva for rolle forskarar frå filosofi, litteratur, historie og andre humaniorafag skal ha i det offentlege rom.

Bakgrunnen for konferansen var stortingsmelding nummer 25, 2017, Humaniora i Norge. Der vart det peikt på at dei humanistiske faga må markere seg tydelegare i det offentlege ordskiftet.

«Vi må alltid vere bevisste på at forskinga og undervisninga skal vere samfunnsrelevant og bidra til å forstå og løyse samfunnsproblem», sa ho den gongen.

Ein av hovudførelesarane ved konferansen var den amerikanske professoren Gary Saul Morson, spesialist på russisk litteratur. Det passa bra for Whittaker som har Tolstoj som favorittforfattar.

Whittaker hadde dessutan lese boka til Morson, Cents and Sensibility. Boka gir uttrykk for eit perspektiv på samarbeid som Whittaker stiller seg bak. Morson skriv saman med ein økonom og professorane er opptekne av det økonomar og humanistar kan lære av einannan.

Whittaker ønskjer verken krig eller fred mellom ulike fag og vitskapstradisjonar. Ho vil ha diskusjon. Målet er at UiA skal involvere seg enda meir i den offentlege debatten.

– Vi studerer oss ikkje fram til kunnskap vi skal halde for oss sjølve. Vi er eit ope og inkluderande universitet og vil delta i diskusjonen om det gode samfunn på fleire arenaer. Universitetet har samskaping som visjon, og den visjonen var ein av grunnane til at eg i første omgang flytta til Kristiansand og vart dekan på UiA, seier Whittaker.

Studenten i sentrum

Som rektor vil ho styrke studenten, og skal mellom anna tilsetje ein studentmentor som sin personlege rådgjevar. Mentoren skal halde henne orientert om det som er viktig for studentane. Ideen har ho frå næringslivet.

– Studentane skal kome på høgde med faga dei studerer, men som universitet må vi også kunne forstå ståstaden til studenten. Eg ser fram til å samarbeide tett med studentane, seier Whittaker.

Ho vil leggje vekt på å vidareutvikle samarbeidet mellom næringslivet og offentlege institusjonar i landsdelen, ikkje minst for å sikre gode praksisplassar for studentar frå alle dei ulike faga ved universitetet.

– Praksis og anna arbeidslivstilknyting er ei viktig sak for meg. Der har tidlegare rektor Frank Reichert lagt eit godt grunnlag for vidare satsing. UiA er ein hjørnesteinsorganisasjon i regionen og vi skal markere oss enda tydelegare i tida framover, seier Whittaker.