Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Mirakelet i Arendal

Nytt historieverk avslører den uformelle makta i Arendal og viser kvifor byen vart den største sjøfartsbyen her i landet på 1700-talet. UiA-professor kallar Arendal for indrefileten i norsk byhistorie.

– Arendal er historisk sett den viktigaste byen langs Agderkysten, seier Knut Dørum.

Han er professor i historie ved Universitetet i Agder (UiA). Saman med arkeolog Eirin Holberg har han skrive det første fagfellevurderte og vitskaplege historieverket om Arendal og stadene rundt, Arendal før kjøpstaden, fram til 1723.

– Med historievitskaplege grep avslører vi den uformelle makta i Arendals historie. Vi set søkjelyset på dei usynlege nettverka og viser korleis byen veks så å seie frå ingenting til Noregs fremste handelsby, seier Dørum.

Professoren samanliknar historieforsking med politiarbeid.

– Historikaren er detektiv. Vi granskar arkiv, samanliknar historier og analyserer kva som ligg under tal, nemningar, rettssaker, handel og familienamn. Målet er å kome oss bak kulissene og avsløre korleis historia eigentleg har falda seg ut, seier han.

By utan privilegium

Boka tek for seg tidsspennet frå istida og fram til Arendal er på høgda som den store sjøfartsbyen i Noreg.

– Det er eit mirakel at denne vesle byen vart eit økonomisk kraftsenter og den største sjøfartsbyen her i landet mot slutten av 1700-talet, seier Dørum.

Det har vore eit poeng for Dørum å vise at Arendal i realiteten vart by og handelssentrum lenge før den formelle statusen som kjøpstad frå og med 1723.

– Arendal by operererte som om han hadde alle handelsrettar lenge før han fekk dei formelt. Byen rådde over mykje kapital og mange skip, hadde full kontroll på bøndene og var sentrum i eit imperium lenge før 1723, seier Dørum.

Arendal mot Kristiansand

Arendalittane brukte mange pengar på å drive utstrekt lobbyverksemd overfor sentraladministrasjon og kongens hoff. Målet var å få kjøpstadrettar. Her låg noko av utgangspunktet for rivaliseringa mellom Arendal og stiftsstaden Kristiansand.

Sistnemnde var kjøpstad allereie frå 1641. Med statusen som kjøpstad følgde ei rekkje med handelsrettar og privilegium, velsigna av kongen sjølv. Derfor var det viktig for arendalittane å få status som kjøpstad, mens det for kristiansandarane var viktig å hindre dei frå å få det.

– Kristiansand gjorde attpåtil eit vedtak i 1680-åra om at arendalittar måtte flytte til Kristiansand. Slik ville Kristiansand i realiteten avfolke Arendal og hindre at byen vart kjøpstad, seier Dørum.

Kongen støtta vedtaket fordi han ønskte å leggje ned ladestader som Arendal og samle handelen i kjøpstader som Kristiansand. Arendalittane var på dette tidspunktet så mektige og velståande at dei berre kjøpte seg eit husvære i Kristiansand, melde flytting, men heldt fram med å bu og drive handel i Arendal.

Bilde av Knut Dørum.

Historieprofessor Knut Dørum med Arendal og Tyholmen i bakgrunnen. Bildet er teke på Fløyheia.

Tømmer og vassdrag

Vassdraget Nidelva og forgreininga av elver og bekkar i Telemark og Aust-Agder var veleigna til å frakte tømmer ned til Arendal. Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at arendalittane vart så velståande.

Kjøpmennene batt bøndene til seg med gjeld, tømmerkontraktar, handel og skatteforskot. Byborgarane lånte ut pengar til folk så dei kunne betale skatten sin, men slik vart dei også gjeldsbundne.

Kjøpmennene hadde monopol på å selje brennevin, sukker, kaffi og klede til bøndene. Bøndene gjorde alt arbeidet med tømmeret. Dei felte tre, frakta tømmeret til elva, fløytte det til byen og leverte til kjøpmennene til låge prisar.

– Her gjer arendalittane det same som dei gjer i Risør og Kristiansand. Det er det same systemet med utnytting av bøndene ved monopolisering av varer frå kjøpmennene og så vidare. Men Arendal har også andre fordelar. Dei har det store vassdraget og dei har kjøpmenn som er råare og flinkare enn i dei andre sørlandsbyane, seier Dørum.

Borgarskapet i Arendal bygde eit handelsimperium på 1600-talet. Ved hjelp av gjeldsbinding, kontroll, tvang og monopol overfor bønder og arbeidarar fekk dei kontroll over eit stort omland.

Familiedynasti styrer byen

– Det er få, men viktige familiar som gjer Arendal til landets viktigaste sjøfartsby. Dei bankar Kristiansand, slår ut Risør og Christiania og set attpåtil Bergen i skuggen etter kvart, seier Dørum.

Det er opp- og nedturar, men jamt over dominerer Arendal norsk handels- og sjøfartsliv i hundreåra frå 1650 og fram til 1880-åra.

Tre familiar styrde byen politisk, sosialt og økonomisk på 1600-talet. Det var familiane Brinch, Ellefsen og Anders Sørensen og Søren Andersen.

Herren i Arendal

Laurits Pedersen Brinch har kontroll over byen i 30 år i perioden 1680-1702.

– Han er rå. Han og andre arendalittar lurer bøndene trill rundt, triksar med rekneskapa, sel dei dårlege varer og kjøper rimeleg arbeidskraft og tømmer frå dei, seier Dørum.

Brinch vart kalla Herren i Arendal. Folk bøygde seg i støvet når dei møtte han på gata, og den gang var klasseskilnadene store. Den som gløymde å bukke og skrape låg tynt an overfor storkarane. Dørum skriv i boka om bonden som måtte sende tenesteguten med gåve til Brinch for å orsake seg.

– Han hadde nok sagt god dag til den store Brinch, men hadde ikkje bukka djupt og beundrande nok, seier Dørum.

Brinch eig byen. Han er den nest rikaste i Arendal og blant dei fem-seks rikaste i heile landet. Formuen hans svarer til 40 store gardsbruk. Også dei andre familiane som styrer Arendal i denne tida er uhorveleg rike, ifølgje Dørum.

Historiefaget og lokalhistorie

Professoren meiner by- og lokalhistorie er noko av det viktigaste ein historikar kan arbeide med.

Han er skeptisk til utviklinga i historiefaget der inngåande kunnskap om norske forhold vert borte i globale perspektiv.

– Som norsk historikar, kan eg bidra med inngåande kunnskap om norsk historie. Det kjem av at eg kan norsk, eg kan lese gammalnorsk, eldre dansk og gamal skrift, og eg veit korleis viktige norske ord og omgrep om mål, vekt og andre saksforhold har skifta meining opp gjennom tidene, seier Dørum.

 

Eit historieverk om Arendal by i tre band er planlagt til 300-årsjubilleet for byen i 2023. Band éin er skrive av arkeolog Eirin Holberg og professor Knut Dørum. Band to og tre vert skrivne av andre forfattarar.