Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Meir leik og mindre vaksenstyring i barnehagen

Mange av barnehageforskarane ved Universitetet i Agder er skeptiske til reglar og meiner pedagogiske opplegg stel dyrebar tid til leik for barna.

– Den dominerande barnehagepedagogikken dei siste 10-20 åra har avgrensa den spontane leiken og den direkte måten barn er saman på, seier Dag Øystein Nome, førsteamanuensis og barnehageforskar ved Universitet i Agder.

Han er kritisk til mange av dei pedagogiske ambisjonane i barnehagen, og særleg den strenge ordenskulturen.

– Det har nok utvikla seg ein forskingstradisjon på Universitetet i Agder som er skeptisk til målstyring og altfor mange pedagogiske opplegg i barnehagen. Mange av forskarane hos oss ønskjer avgjort meir leik og mindre vaksenstyring for dei minste barna, seier Nome.

Ja til støy

Nome disputerte nyleg med ei doktoravhandling som dreidde seg om kommunikasjonen mellom dei yngste barnehagebarna. Avhandlinga viser korleis vaksenstyringa hemmar samtalen mellom dei små.

– Barn på to år fører ikkje djupe samtalar, men dei skapar likevel meiningsfulle opplevingar saman før verbalspråket er fullt utvikla. Dei kommuniserer mellom anna ved hjelp av rytme og lyd, seier Nome.

Når barna bruker lyd som kommunikasjon, tolkar dei vaksne det som uro og støy.

– Støy kan vere ein viktig del av kommunikasjonsforma mellom barna. Barnehagepersonalets ønske om å skape orden, ro og pedagogisk framdrift, kan fort kome i konflikt med det som er aller mest verdifullt for barna, nemlig samtalen og samveret dei har seg imellom, seier Nome.

Færre standardopplegg

Nome ønskjer seg mindre av dei fleste former for standardising i barnehagen. Han er imot eit styringsregime som under parolen «Tidlig innsats» stimulerer til bruk av målretta og standardiserte pedagogiske program i barnehagen.

Han nemner mellom anna kartleggingsverktøy som «Tras» og «Alle med» og program som «Steg for steg», «De utrolige årene» og «Være sammen» som døme på vaksenstyrt arbeid i barnehagen.

– Eg vil ha mindre bruk av alle opplegg som fastset standardiserte eller manualliknande måtar å arbeide på. Slikt stel tida frå leik og naturlege kvardagserfaringar for barna, seier han.

Nome understrekar at barn vanlegvis ikkje treng pedagogiske program i det heile teke for å trene på å vere saman.

– Barn finn ut av kvarandre frå dei er rundt to år. Dei les kva dei andre ønskjer og forstår kva dei andre opplever. Eg håper forskinga mi bidrar til at barnehagen vert enda meir innretta etter barna. Eg meiner det er sunt at barnehagen legg enda meir vekt på den spontane veremåten til barna, seier Nome.

Han viser til at den vaksenstyrte leiken i grunnen ikkje er ein ekte leik.

– I den vaksenstyrte leiken er ikkje målet leik. Målet er at ein skal lære noko. Eg meiner barna må få meir tid til å leike saman på eigne premiss. Leiken treng ikkje vere nyttig og lærerik. Det kan være andre hendingar som er vel så viktige for at barna opplever meining og personleg utvikling, seier Nome.

Ny debatt om barnehagen

Barnehagelærer og barn i skogen, foto
Barn i lek, foto
Bøtte, foto
Trehjulssykkel, foto

Førsteamanuensis Lisbeth Ljosdal Skreland ved Universitetet i Agder kjem snart med ei ny bok som er bygt på doktoravhandlinga hennar om reglar i barnehagen.

– Mange av reglane i barnehagen rammar inn kvardagen for barn og vaksne. Eit viktig trekk ved reglane er forankra i viktige verdiar, til dømes at ein har ansvaret for barn som ikkje er eins eigne, seier Skreland.

Skreland har arbeidd 18 år i barnehage før ho vart forskar på universitetet. Ho meiner at det først dei siste åra har blitt mogleg å kome med viktig kritikk av barnehagen.

– I 2006 kom lova om rett til barnehage, og før det var ikkje tida moden for nokon reell debatt om innhaldet i barnehagen. 

Dersom vi kritiserte barnehagen i 1990åra, vart vi alltid møtt med motargument om at det ikkje var noko betre å vere heime, seier Skreland.

Ho meiner at tida no er inne for å kunne diskutere kva som er gode og dårlege barnehagar.

– Debattklimaet er annleis i dag, og det er bra for barnehagen. Vi må sjå på praksisen i barnehagen med eit kritisk blikk. No kan vi endeleg diskutere kvaliteten på innhaldet, seier Skreland.

For mange reglar i barnehagen

Doktoravhandlinga og boka hennar er også eit bidrag i så måte. Studien stadfestar mistanken hennar om at barnehagen er regelstyrt.

Dei fleste reglane ser ut til å vere laga for å gjere kvardagen lettare for dei vaksne, men ho fann færre reglar i leiken til barna. Straks dei vaksne er involvert, slår regelverka inn, til dømes under måltid og samlingsstunder.

– Dei vaksne styrer og kontrollerer barna på dei vaksne sine premiss, seier Skreland. Skreland understrekar at ho har stor tru på at barnehagane no utviklar seg i riktig retning. Ho er dessutan mildare stemt til reglar i dag enn før.

– Det er også gode grunnar til at det finst reglar som strukturerer kvardagen for barn og vaksne. Reglar som gjer kvardagen tryggare for barn og vaksne, er også nødvendig, seier ho.

Referansar

Dag Øystein Nome: De yngste barnas nonverbale sosiale handlingsrepertoar – slik det kommer til uttrykk i norske barnehager . Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder. (2017).

Lisbeth Ljosdal Skreland: På mandager er det ikke lov med papirfly, En studie av regler og yrkesutøvelse. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder. (2016)