Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Frå lærarseminar til universitet

Den 1. september 2007 blei Høgskolen i Agder (HiA) til Universitetet i Agder (UiA). Sidan Trondheim-biskopen Gunnerus gjorde framlegg om eit universitet i Kristiansand i 1771, hadde det da gått 236 år. Universitet kjem så visst ikkje over natta. 

Seminaret på Holt og Kristiansand Museum

UiA har som utdanningsinstitusjon historie tilbake til Holt seminar i Aust-Agder, frå 1839. Men no i 2017 – ved 10-årsjubileet for UiA – kan vi seie at institusjonen også er blitt 10 år eldre i den andre enden, bakover i tid. Agder Naturmuseum er frå i år ein del av UiA. Dette museet er eit av dei eldste i landet. Det starta i 1828 som Kristiansand Museum. Som utdanningsinstitusjon er det likevel Holt seminar som er starten, den to-årige lærarutdanninga der.

Tre periodar frå Holt til UiA

Ernst Håkon Jahr, foto

Ernst Håkon Jahr, rektor ved Høgskolen i Agder 2000 - 2007.

1839 – 1960

Spørsmålet om eit universitet på Agder var lite framme i denne perioden. I 1877 blei lærarskolen flytt frå Holt til Kristiansand. I 1920 blei sjukepleiarutdanninga i Arendal starta. I 1994 gjekk denne sjukepleiarhøgskolen inn i HiA. Det gjorde også lærarhøgskolen.

1960 – 2001

I 1960 kom dr. philos. Halvor Vegard Hauge som rektor til Kristiansand Katedralskole. Han gjorde straks framlegg om eit universitet på Sørlandet. Gjennom Kristiansand Museum og Agder Akademi (skipa 1962) blei det tatt initiativ til ”Universitetskomiteen for Sørlandet” (1963) og til ”Universitetsundervisningen i Kristiansand” (1962–79).

Ingen av desse tiltaka førte fram til eit universitet for Agder. Likevel var det kanskje dei som sikra at det i 1969 blei distriktshøgskole i Kristiansand (ADH).

Arbeidet for eit sørlandsuniversitet blei no lagt noko til sides, sjølv om Hauge – og andre med han – aldri gav opp tanken om eige universitet. Det blei gjort mykje for å utvikle ADH til ein mogleg universitetskandidat. Volumet når det galdt studentar og forsking, var likevel lite å bygge eit universitet på. I 1994 blei 6 institusjonar på Agder fusjonerte. ADH og Lærarhøgskolen, Musikkonservatoriet og Sjukepleiarhøgskolane i Kristiansand og Arendal, og ingeniørutdanninga i Grimstad gjekk saman i HiA. Gimlemoen blei i 1995 peika ut som nytt campusområde i Kristiansand etter ein lokal strid. AP-laget i Vågsbygd var først ute med eit framlegg om Gimlemoen, Høgre ville helst ha HiA ved elva i byen.

Med dét fekk universitetsarbeidet ny fart. Det større volumet på institusjonen gav nytt håp, saman med ei lov i 1995 felles for universitet og høgskolar. Situasjonen var likevel ikkje prinsipielt annleis enn før. Det fanst inga oppskrift på korleis ein skulle gå fram for å lage eit universitet.

Da var det at ein perspektivrik KrF-politikar frå Vest-Agder stod fram. Det var statsråd Jon Lilletun. Han sette 1998 ned eit utval, som m.a. opna for nye universitet. Daverande rektor ved HiA, Knut Brautaset, blei med i utvalet. Det han fekk til der, kan vanskeleg bli verdsett høgt nok.

Med innstillinga frå utvalet (år 2000) kom eit framlegg om kva som skulle til for at ein institusjon skulle kunne kallast eit universitet. Viktigast var kravet om fem master- og fire doktorgradsprogram. I juni 2001 blei dette vedtatt i Stortinget.

2001 - 2007

Det var no avgjerande viktig å få til ei generell heving av den faglege og vitskaplege kompetansen i heile høgskolen. Samstundes blei det lagt stor vekt på ikkje å undergrave grunn- og profesjonsutdanningane. Studenttalet auka med om lag 500 kvart år. Verksemda, som til da hadde vore spreidd på mange adresser i båe fylka, blei samla på to campusområde i Kristiansand og Grimstad. 

Svært viktig var den økonomiske støtta HiA fekk frå Sørlandets Kompetansefond og Aust-Agder utviklings- og kompetansefond.

"

"Utviklinga frå 2007 til 2017 har vore større enn kanskje mange hadde trudd mogleg. Dei fekk rett som sa at det er viktig med eit universitet på Sørlandet."

" Ernst Håkon Jahr, rektor HiA 2000-2007

I desember 2005 blei søknaden om universitetsgodkjenning sendt til styresmaktene, og 19. juni 2007 blei HiA fagleg godkjend som universitet. Saka passerte statsråd 10. august, og HiA blei til UiA 1. september. Den 1. august overtok Torunn Lauvdal som rektor etter Ernst Håkon Jahr. 

Universitetets første dag, 1. september 2007, blei markert i seminarsalen på Holt, der det heile starta i 1839. Ringen var slutta, og universitetet var endeleg her. 

UiA - dei første 10 åra

Utviklinga frå 2007 til 2017 har vore større enn kanskje mange hadde trudd mogleg. Dei fekk rett som sa at det er viktig med eit universitet på Sørlandet. Fagleg har det vore stor framgang frå 2007 til i dag både med forsking og utdanningsprogram. I 2007 hadde UiA 5 doktorgradsprogram, i 2017 er det 15. Forskingspubliseringa er meir enn dobla. Studenttalet held fram med å auke kvart år, og no har UiA rundt 13.000 studentar.

UiA har såleis greidd å hevde seg godt saman med dei andre universiteta i landet, også dei ”gamle”. Det er grunn til å nemne det, ettersom UiA – som dei andre nye universiteta – framleis får pengar frå staten som om det var ein høgskole. Det betyr at UiA har dårlegare forskingsfinansiering enn dei ”gamle” universiteta. Vi må håpe det nye stortinget frå hausten 2017 får til ei meir rettvis ordning her.

I den siste stortingsperioden har universitets- og høgskolesektoren gått gjennom ei strukturendring. Det har vore relativt mange nye fusjonar, og ved UiA var det i fleire år diskusjon om ein mogleg fusjon med Høgskolen i Telemark. Resultatet til slutt blei likevel at UiA held fram som før.

Frå 1998 til 2015 og under tre ulike rektorar var Tor A. Aagedal den solide og iderike direktøren for institusjonen. Utan tvil har han mykje av æra for den utviklinga først HiA og så UiA har hatt.

No tar UiA sats mot nye 10 år med rektor Frank Reichert og universitetsdirektør Seunn SmithTønnessen – og med ny strategiplan: ”Samskaping av kunnskap”. Universitetsbygginga held fram.

Historia vår er interessant. Framtida blir veldig spennande.