Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Forskarar går i djupet

Utbygging, overfiske og klimaendringar truar kystsona. Forskarane overvakar kystsona for å forstå korleis artar og økosystem reagerer på endringane.  

Halvor Knutsen, leiar av Senter for marin forsking

Halvor Knutsen, leader of the Centre for Coastal Research. 

– Dei siste tiåra ser vi at kystsona, meir enn noko anna økosystem, er trua av menneskeleg påverknad. Avrenning frå landbruket, klimaendringar, urbanisering og forureining er nokre av årsakene, seier professor Halvor Knutsen, leiar av Senter for marin forsking (Centre for Coastal Research - CCR) på UiA. 

Knutsen og 30 forskarkollegaer ved senteret forskar på det som skjer i havet langs kystsona. Torsk, leppefisk, hummar, aure, flått, krypsiv, vitamin, ernæring og taredyrking er nokre av temaa. Forskarane håper resultata kan hjelpe til å løyse nokre av utfordringane i kystsona. 

– Utbygging øydelegg sårbare livsmiljø langs kysten. Overfiske reduserer artar, biologisk mangfald og endrar økosystemstrukturen i havet. Klimaendringar fører til eit forsterka press frå dei andre meir direkte menneskelege påverknadene, seier Knutsen.

Målet for forskarane er å auke innsikta om korleis endringar langs kysten påverkar organismar, artar og økosystem. 

– Samstundes må vi forske på korleis vi kan restaurere økosystemet, eller reversere og redusere effektane av klimaendringar, seier Knutsen. 

FAKTA/ Utvalde prosjekt frå Senter for marin forsking

Saman med forsking på torsken i kystsona er dette nokre av forskingsprosjekta til senteret: 

Ecogenome: Ein genetisk kartlegging av ei rekke kystartar i Noreg (tare, fisk, skaldyr). I prosjektet undersøker dei kva som styrar oppdelinga i bestandane og kva tilpassing dei gjer i det marine økosystem.

MarGen II: Prosjektet er nyleg finansiert og skal i samarbeid med svenske og danske forskingsnettverk og marine næringar arbeide med problemstillingar som næringslivet i landa er oppteken av. Til dømes hjelpe oppdrettsnæringa med kunnskap om lønnsemd og sikre berekraftige løysingar. 

Life History, Genetics and Sustainability of Atlantic Cod: Genererer kunnskap om artars tilpassingar til klimaendringar. Torsk blir brukt som modellart. Metodane dei bruker er avanserte DNA-analyser og statistisk verktøy.

Færre torsk langs Sørlandskysten

Dei marine forskarane kallar torsken ein nøkkelart. Dersom den blir borte, vil det kunne få store konsekvensar for andre artar i havet. 

Torskebestanden er ein nøkkelart i havet. Om torsken blir borte, kan det få store konsekvensar for samfunnet av artar i havet, seier forskarane i CCR.

Cod is a key species in the ocean. If cod disappears, there will be considerable consequences for other species in the ocean, say the researchers in CCR.

Forskaren Even Moland frå Senter for marin forsking byter batteria og lastar ned data frå ei såkalla lyttebøye. Bøya kan seie noko om korleis artane oppfører og beveger seg

The researcher Even Moland from the Centre for Coastal Research changes batteries and downloads data from a so-named listening buoy. The buoy can say something about how the species behave and move. 

Forskarane har sett på oppdeling av bestandar av torsk i Skagerrak. Dei har funne at nordsjøtorsken og den lokale fjordtorsken ikkje kryssar fritt med kvarandre. Dei har testa DNA og merka torsken og andre artar for å følgje med på korleis dei oppfører seg og kven som fiskar på dei. Nokre artar held seg i eit mindre område, mens andre har større område dei bevegar seg mellom. 

Dei siste åra har både havforskarane og mange sørlendingar vore opptekne av torskebestanden langs Sørlandskysten. Det blir stadig færre kysttorsk, og forskarane forsøker å finne ut kvifor han blir borte. 

– Det kan vere fleire grunnar til at det blir mindre torsk. Havet blir varmare og det liker ikkje torsken. Klimaendringar gir ein havtemperatur på 16-17 grader og oppover om sommaren. Det gjer at torsken trekker nedover i djupet. Der finst det ikkje like mykje mat som nærare overflata, seier Knutsen. 

 Temperatur og mattilgang endrar seg også for småtorsken når planktonsamfunnet blir endra. 

– Når livsgrunnlaget er litt redusert for torsken, blir torskebestandane i sørlandsfjordane sårbare for fiske frå yrkes- og fritidsfiskarar, seier Knutsen. 

– På svenskekysten er det dei siste 20 åra blitt drastisk færre torsk langs kysten. Liknande tendensar er observert i austre deler av kysten på Sørlandet, seier Knutsen. 

I enkelte område i Kragerø er det nå blitt restriksjonar på fritidsfiske på torsk i gytetida. 

Havforskingsinstituttet Flødevigen

Senter for marin forsking blei etablert av UiA i 2012 og blir drive i samarbeid med Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal. Havforskingsinstituttet har støtta senteret over fleire år. 

Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Flødevigen i Arendal har i ei årrekkje samla inn data langs Sørlandskysten. Dette er eit unikt datamateriale for forskarar frå Senter for marin forsking.

Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Flødevigen i Arendal har i ei årrekkje samla inn data langs Sørlandskysten. Dette er eit unikt datamateriale for forskarar frå Senter for marin forsking.

UiA og forskarane har tilgang til både data, fasilitetar og laboratorium ved Havforskingsinstituttet. I tillegg til data frå eigne feltarbeid, har dei tilgang til data som forskarar frå Havforskingsinstituttet har samla inn i ei årrekkje. 

Mellom anna har forskarar i Flødevigen heilt sidan 1919 og fram til i dag samla inn data på artar langs kysten i Noreg ved hjelp av ei strandnót. Nóta har form som eit stort garn, og er trekt frå Vest-Agder og heilt til svenskegrensa. Den hentar inn artar frå over 20 område langs kysten, og er ei unik informasjonskjelde om det som finst i havet og endringar som går føre seg over tid. 

Ved å samanlikne funn i strandnóta frå år til år, ser forskarane no endringar i mangfaldet av artar langs kysten.

– I nóta ser vi til dømes no fleire varmekjære artar og artar frå sørlegare strøk som vi ikkje har sett tidlegare. Endringar i artssamansetnaden i havet kan føre til at enkelte artar ikkje får maten dei treng for å overleve. Då kan vi risikere at samansetnaden av artar i kystsona blir endra, og at dagens sentrale artar blir reduserte eller heilt borte, seier Knutsen.  

Tett samarbeid med kystsonestudentar

Mange av studentane ved masterstudiet i kystsoneøkologi på UiA koplar praksisen til havforskingssenteret og Flødevigens fasilitetar. Der har dei ein DNA-lab for genetisk analyse, og utstyr som kan seie noko om korleis artar bevegar seg og korleis dei oppfører seg. 

Strandnóta er ei god informasjonskjelde om det som finst i havet.

The beach seine is a good information source about what can be found in the ocean. 

Studiet blei sett i gang hausten 2018. Med 50 søkarar til 20 studieplassar første året er det ingen tvil om at studiet har slått bra ann. Studentane lærer mellom anna korleis menneskelege aktivitetar påverkar økosystema langs kysten. 

UiA, næringslivet i regionen og forskingsmiljøa knytt til senteret samarbeider tett med masterstudiet.

– Utdanninga har vore ein føresetnad for at forskingsmiljøet innan havforsking på UiA skal kunne utvikle seg, seier Knutsen. 

Alliansebygging

Professor ved UiO, Nils Chr. Stenseth er styreleiar av Senter for marin forsking.

UiO professor Nils Chr. Stenseth is chairman of the Centre for Coastal Research.

Dei siste åra er det lagt ned mykje arbeid i å etablere eit sterkt nettverk innan kystsoneforsking på Sørlandet. UiA, Havforskingsinstituttet i Flødevigen, Universitetet i Oslo, Norsk institutt for vassforsking, GRID-Arendal og fylke og kommunar på Sørlandet er sentrale aktørar. 

No har senteret tatt posisjon som regionens knutepunkt innan kystsoneforsking.

– Vi har medlemmar frå alle relevante institusjonar i Sør-Noreg. Havforskingsinstituttet skal levere kunnskapsbaserte råd for framtidas kystsoneforvaltning. Då er det viktig at vi samarbeider godt og leverer solid forsking som hjelper dei, seier Knutsen. 

FAKTA/ Toppforskingssentre på UiA

Frå 2019 har UiA seks toppforskningssentre:

  • Centre for Coastal Research (CCR)
  • Senter for e-helse
  • The Mathematics Education Research Group Agder (MERGA)
  • Centre for Artificial Intelligence Research (CAIR)
  • Centre for Lifecourse Nutrition
  • Top Research Centre Mechatronics

Toppforskningssentra blir prioriterte av UiA etter allereie oppnådde resultat, og ambisjonar for vidare utvikling.

Sentra skal ha nasjonale og internasjonale ambisjonar, og skal arbeide etter universitetets strategi. Ved tildelinga blei det òg lagt vekt på ekstern finansiering og kjønnsbalanse. 

Statusen inneber ei finansiering på NOK 10 millionar over 5 år. Sentra får også to ekstra rekrutteringsstillingar og midlar til infrastruktur.

Ekstra tyngde

Hausten 2018 vedtok universitetsstyret på UiA at fem forskingssenter får status som toppforskingssenter. Senter for marin forsking er ein av dei. Med statusen føljer ei finansiering over 5 år. Dei kjem godt med, ifølge leiaren. 

– Status som toppforskingssenter gir oss ekstra tyngde. I tillegg får vi no sjansen til å utvikle meir generell kunnskap om korleis det går med kyst- og havområda rett utanfor vindauga våre, seier Knutsen. 

Professor Nils Chr. Stenseth frå UiO er styreleiar for senteret. Han fortel at satsinga frå UiA betyr mykje for vidare utvikling av senteret innan marin forsking og utdanning i Agder.

– Senteret er ei kraftsatsing frå UiA og inneber eit glimrande grunnlag for utstrekt samarbeid med mange institusjonar i regionen, inkludert UiO.Forskingsmiljøet har eit høgt ambisjonsnivå på forsking og publisering, seier Stenseth.