Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

− Ei av de beste investeringane du kan gjere

Utvekslingsstudentar frå siviløkonomstudiet ved UiA er i praksis hos norske bedrifter i Indonesia samtidig med at dei studerer. Studentar med ei slik erfaring merkar fort fordelane når dei kjem heim til Noreg.

Anders Bohlin, foto

Anders Bohlin er sjef for Jotun i Indonesia og er einaste nordmann blant dei 700 tilsette.

Karianne Khron Taranger, Elise Haaland Leveraas, Nathalie Kliment og Frida Neverdal Olsen, foto

Fire UiA-studentar var på jubileumsfeiring i Indonesia: Frå venstre Karianne Khron Taranger, Elise Haaland Leveraas, Nathalie Kliment og Frida Neverdal Olsen.

Christine Bruhn frå Fetsund og Ragnhild Grimstad, foto

Masterstudentane Christine Bruhn frå Fetsund (f.v.) og Ragnhild Grimstad frå Bergen var fem månader på utveksling og praksis i Indonesia.

Masterstudent Christine Bruhn var hausten 2017 på utveksling ved Universitas Gadjah Mada, det eldste og største universitetet i Indonesia. Samtidig var ho i praksis ved det lokale kontoret til den norske malingprodusenten Jotun.

Da ho kom heim til Noreg, var vegen til arbeidslivet kort.

– Arbeidserfaringa og kunnskapen frå ein annan kultur var viktig for at eg fekk fast arbeid etter studia, seier ho.

Allereie på jobbintervjuet fekk Bruhn positive tilbakemeldingar frå den nye arbeidsgjevaren sin, revisorfirmaet EY, på den internasjonale erfaringa ho fekk med seg frå tida som UiA-student.

– Det å ha arbeidd i ei internasjonal verksemd og kunne meistre engelsk som arbeidsspråk var viktig, seier Bruhn. Jotun i Indonesia  gav henne reelle arbeidsoppgåver. Anders Bohlin leiar avdelinga til konsernet i Indonesia. Han set pris på energien studentane tar med seg inn i oppgåveløysinga, og understrekar den reelle nytta firmaet har av arbeidet.

– Studentane får prøve teoretisk kunnskap i praksis. Dei får eit veldig godt innblikk i korleis det er å arbeide i eit internasjonalt selskap, seier Anders Bohlin i Jotun.

Stor nytte i masteroppgåver

Studentar på siviløkonomstudiet ved Handelshøgskulen ved UiA får høve til utveksling og praksis i utlandet. Studentane kan bruke eit semester ved samarbeidsinstitusjonane til UiA i Tanzania, India, Kina eller Indonesia. Opplegget er frivillig og studentane vert plukka ut etter søknad og intervju.

Studenten Ragnhild Grimstad kom gjennom nålauget, og valde å reise til Indonesia. Ho hadde praksis hos Innovasjon Noreg.

Fredrik Bjerke Abdelmaguid er landsjef for Innovasjon Noreg i Indonesia. Han fortel at dei har stor nytte av praksisstudentane som skriv masteroppgåver med emne frå Indonesia.

– Oppgåvene dei skriv, er relevante for arbeidet me gjer. Resultata brukar me i dialog med indonesiske myndigheiter og bedrifter. Noreg treng fleire selskap som vil vekse i utlandet. Då treng me
også fleire nordmenn med internasjonal erfaring, seier Bjerke Abdelmaguid.

Studentane er bindeleddet

I mars 2018 blei det 25 år lange samarbeidet mellom UiA og Universitas Gadjah Mada (UGM) markert.

UiA har ein utvekslingsavtale med UGM for studentar innan økonomi, forretningsliv, samfunnsfag og politikk. Om lag 750 norske studentar har besøkt Indonesia i løpet av åra. Mange har også kome andre vegen. UiA har hatt indonesiske studentar på utveksling på både bachelor-, master- og doktorgradsnivå.

– Samarbeidet har gitt svært gode resultat, både for dei involverte fakulteta og for UiA som heilskap, seier dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap Anne Halvorsen.

Forskarane ved de to universiteta nyt også godt av utvekslingsavtalen. Via studentane har dei knytt band som har lagt grunnlag for vidare samarbeid, til dømes å skrive vitskaplege artiklar saman.

Under jubileumsfest, fagseminar og strategiske samtalar, vart det klart at universiteta vil styrke og utvikle samarbeidet vidare.

– Me er veldig glade for samarbeidet, og ønskjer å halde fram med det. Me ønskjer å utvide samarbeidsområda til felles nytte. Vennskapet og kontakten mellom enkeltpersonar frå ulike land vil også auke vår forståing av samfunnet, sa rektor Ir. Panut Mulyono i si helsingstale.

− Ein av oss

Stein Kristiansen og Pujo Semed, foto

UiA-professor Stein Kristiansen fekk skryt under feiringa av kollega og venn gjennom mange år, Pujo Semed, førsteamanuensis ved Avdelingen for antropologi ved UGM.

Professor Stein Kristiansen ved Handelshøgskulen ved UiA har vore sentral i arbeidet med å kople dei to universiteta saman.

– Indonesia er eit stort og stadig viktigare land. Landet tar snart steget opp til å bli ein av dei ti største økonomiane i verda. Me må sende ut studentar og forskarar for å byggje opp kompetansen vår om Indonesia, seier Kristiansen.

– Professor Stein Kristiansen er ein av oss og står oss veldig nær. Han er ein flink lærar og dyktig formidlar. Indonesia er hans andre heimland, sa rektor Mulyono under markeringa av universitetssamarbeidet.

Byggjer personlege relasjoner

Vegard Kaale

Ambassadør Vegard Kaale oppfordrar studentar til å ta delar av utdanninga si i utlandet.

Den posisjon og respekt Kristiansen har hos dei indonesiske forskarane dreiar seg mykje om personlege relasjonar, så vel som fagleg samarbeid. Relasjonsbygging er sentralt i forretningslivet i Indonesia. Det får utvekslingsstudentane god trening i gjennom konferansar og møte med mykje småsnakking og nettverksarbeid.

Noreg har i alle år hatt ein handelsøkonomi retta utover. Tett på denne verksemda sit ambassadørane i dei ulike landa Noreg handlar med.

– Det er viktig å vektleggje meir enn Europa og få auga opp for dei store marknadene som ligg lengre unna. Det er av uvurderleg betyding for norske verksemder, seier Noregs ambassadør til Indonesia Vegard Kaale.

Vil ha fleire studentar

Med sine 237 millionar innbyggjarar er Indonesia det fjerde mest folkerike landet i verda. Landet har ambisjonar om å bli eit av dei økonomisk leiande landa i verda innan 2030. Den norske ambassadøren ønskjer fleire norske utvekslingsstudentar velkomen i åra som kjem. Han trur ikkje dei vil angre på eit opphald i Indonesia.

– Det å kome tilbake til Noreg og kunne gjere nytte av erfaringane hos ein arbeidsgjevar, uansett om det er i privat eller offentleg sektor, meiner eg er ei av dei beste investeringane du kan gjere, seier ambassadør Vegard Kaale.