0
Hopp til hovedinnhold

Det kan vere 100 hoggormar under bakken der vi no står

Vi er på jakt etter slettsnok, den mest folkesky slangen vi har her i landet. Kvelarslange er han også. Men slangeforskaren stoppar like gjerne for å registrere buorm og hoggorm.

– Sjå der, no kryp han ned i det holet eg viste deg i stad, seier Beate S. Johansen.

Men han gjer ikkje det. Han ormar seg framover i graset og mot holet Johansen peiker på, men han når aldri heilt fram. Brått stikk hoggormen hovudet rett ned i bakken og vert borte. Søkk vekk er han, saman med han andre.

For dei var to, rundt 60 centimeter lange var dei og kolsvarte. Dei låg der i sola og lata som ingenting. Det må sjølvsagt ha vore eit anna hol der. Slangen grev seg ikkje rett ned i jorda, men eg har ikkje behov for å leggje meg ned på knea for å sjå nærare etter. Holet fører lukt til hoggormland. Og viss eg skal tru anslaga til turkameraten min, kan det vere 100 hoggormar under bakken der vi no står.

Bilde av buorm som DNA-testes.

Forskaren tek DNA-prøve av buormen.

Omringa av orm

Når éin av dei kan dukke under jorda i eit hol vi ikkje kan sjå, kan fort 1, 2, 3 eller 100 av slektningane dukke opp gjennom andre usynlege hol i bakken. Når eg ser meg rundt, er det gras, lyngtuster, stein og hol i bakken overalt omkring meg. Vi er omringa av ormehol.

Du skal ha gode tursko og stødige nervar når du seier ja til å dra på feltarbeid med Beate S. Johansen. Det med skoa har eg ordna. Støvlar er best, men ifølgje slangeforskaren held det med gode tursko som er litt høgare enn vanlege joggesko.

Ho er zoolog ved UiA Naturmuseum og botanisk hage og elskar alt som kryp og buktar seg fram gjennom lyng og kratt.

Bilde av buorm som viser frem undersiden.

Her ligg buormen på ryggen og viser fram undersida.

Reptil og amfibium

Zoologen forskar på reptil og amfibium, men denne gongen handlar det ikkje om amfibiar som salamander, frosk eller padde. Det dreiar seg om reptila våre, hoggorm, buorm, stålorm og slettsnok. Johansen forskar på slettsnok, men ho registrerer også hoggorm og buorm når ho kjem over dei.

Her i landet finst slettsnoken på søraustlandet frå Oslo-fjorden og nedover langs Sørlands-kysten mot Rogaland. Han kan verte opp mot 90 centimeter lang, og han held seg gjerne saman med andre reptil. Både reptil og amfibium er freda. Dei står alle på den internasjonale raudlista over trua dyreartar og er verna av Bernkonvensjonen og Viltloven.

Nasjonalt forskingsprosjekt

Johansen er mellom anna med i eit landsomfattande prosjekt i regi av miljøorganisasjonen Sabima, som har hovudkontor i Oslo. Arbeidet går ut på å registrere slettsnokbestanden og finne ut meir om korleis denne sky slangen lever. Ho byrja å registrere slettsnok i 2014.

Nyleg har ho også radiomerka seks slettsnokar.

– Eg skal observere korleis dei lever og få meir kunnskap om kor store område dei bevegar seg på og kor langt og ofte dei flyttar på seg, seier ho.

Treng meir kunnskap

Det er mykje vi antar om slangar, men dei lever omtrent halve året frå september til april i dvale og er vanskelege å studere.

– Målet med dette forskings- og utviklingsarbeidet er å skaffe oss meir grunnleggjande kunnskap om slettsnoken, kva han et, kvar han jaktar, når han jaktar, kor mange ungar slangen får, når dei parer seg og når ho føder, seier Johansen.

Frå før veit forskarane ein heil del om dei norske slangane, til dømes at dei gjerne held til i det same området. Dei veit at slettsnoken gjerne føder ungar i august og september, men berre annakvart år. Dei veit også at mykje varme gir raskare fosterutvikling, og at slettsnoken som andre norske slangar føder levande ungar. Dei veit også at buormen er eit unntak, fordi han legg egg, og at buormen ikkje alltid veit sitt eige beste. Slettsnoken kan gjerne finne på å ete han opp.

Mens dei fleste av oss prøver å unngå slangar, prøver Johansen å finne dei. Ho finn dei gjerne i open skog, i solvendte lier og bakkar. Område med jordgangar, lyngmarker, myrer og steinrøyser med buskar og kratt er ideelt. Slangane trivst der dei kan gøyme seg unna, verne seg mot sol og  innsyn i buskaset og liggje på varme steinar og verme seg opp.

Slangar er bufaste og held seg gjerne 3-400 meter frå overvintringsplassen sin. Antakeleg er dei slike heimfødingar fordi dei rett og slett kjenner heimplassen sin og veit kvar dei i full fart kan gøyme seg.

Bilde av Beate S. Johansen som bruker en infrarød temperaturmåler for å måle hvor varm hoggormen er.

Beate S. Johansen bruker ein infraraud temperaturmålar for å måle kor varm hoggormen er. (Foto: Jon Petter Thorsen)

Svarte hoggormar

Det gjekk kanskje eitt til to minutt frå vi såg hoggormane til dei smatt ned i sine usynlege hol.

Mens eg står stiv som ein pinne, kjenner pulsen stige og held pusten for å late som eg er eit tre i vinden, er Johansen framme med kamera og fotograferer hoggormane.

Ho bøyer seg over dei og måler kroppstemperaturen deira med ein handhalden infraraud temperaturmålar. Heldigvis for henne kan målaren registrere temperaturen frå 20-30 centimeters avstand.

– 18 grader, kroppstemperaturen er 18 grader. Sjå kor han utvidar kroppen for at sola skal verme han opp, seier ho.

Eg ser fort på slangane, men berre for å følgje med på om dei bevegar seg. Svarte er dei begge to, og heilt utan det synlege sikksakkmønsteret langs ryggen som er vanleg på hoggormen andre stader i landet. Enkelte stader på Sørlandet er hoggormen gjerne heilt svart. Ho måler lufttemperatur og bakketemperatur.

Med ein lysmålar sjekkar ho lys- og skuggeforhold. Alt vert notert i feltboka. Ho set seg halvvegs ned på ormebakken og noterer dato, vêrtype, sol, skylag og klokkeslett for observasjonen.

Hemmeleg liv

Eg står og ser på. Nokon må følgje med og seie frå når slangane vender tilbake frå det underjordiske igjen. For dei er litt underjordiske, slangane. Store deler av året held dei seg i jordgangane og steinrøysene sine. Det gjeld alle reptila våre: buormen, stålormen, hoggormen og slettsnoken.

Dei går under jorda rundt september og kjem ikkje ut igjen før det vert varmt.

– Særleg slettsnoken er sky, og vi veit ikkje heilt korleis han lever, seier Johansen.

Feltarbeid

Feltarbeidet hennar dreiar seg om å finne ut meir om denne sky typen. Sjølv om ho registrerer både buorm og hoggorm undervegs, er det slettsnoken ho eigentleg er ute etter. No er vi på eitt av områda ho følgjer med på for å registrere slettsnok. Vi røper ikkje akkurat kvar vi er. Slangeforskaren vil ikkje ha meir renn til observasjonsplassane sine enn det allereie er. Folk er ofte så redde for slangar at dei i vanvare eller med fullt overlegg kan finne på å slå dei ihel, eller verte ståande stokk stiv av skrekk som meg, eller leggje på sprang vekk, vekk frå alt som kryp.

– Slettsnoken har eit mønster på ryggen og eit utrent auge kan fort tru han er ein hoggorm, seier Johansen.

Etterliknar hoggormen

Slettsnoken er litt av ein luring og må sjølv ta noko av ansvaret for at folk tek han for ein hoggorm. Han kan nemleg finne på å etterlikne hoggormen ved å løfte på hovudet, smatte med tunga og sjå ut til å ville bite.

Den vesle slettsnoken er ein kvelarslange som tyner lufta ut av ofra sine i det han et dei. Slettsnoken set gjerne stålorm og firfisle på menyen. Det same med rotteungar, spissmus og buorm. Han et hoggorm også.

– Forskarane har oftare observert at han et hoggorm enn buorm, seier Johansen.

Bilde av forskaren som måler lengda på buormen.

Forskaren måler lengda på buormen.

Bitemerke av slettssnoken

Ho skal absolutt løfte på slettsnoken og har bitemerke etter han på fingre og armar. Slettsnoken er heilt ufarleg for folk, også når han bit. Johansen er forskar og må løfte dei opp. Ho skal vege dei, måle lengda deira og ta spyttprøve. I siste tilfelle held ho rundt halsen på slangen og får han til å gape opp. Så er det inn med ein spyttprøve-pinne og vips har ho fått enda ein dose DNA frå slettsnoken.

DNA-prøver kan ho også sikre seg ved å sanke inn hamen etter slangar som har skifta skinn. Hamskiftet føregår annakvar månad eller ein gong i halvåret. Det er midt i april månad da vi er ute og leitar opp orm i eitt av dei tre områda Johansen driv feltarbeid. Ho har fleire bachelorstudentar i biologi som hjelper til med observasjonsarbeidet.

Studentane overnattar ute på feltet og leitar opp slettsnokar frå morgon til kveld i periodar på våren. Dei skriv bacheloroppgåvene sine knytt til funn og observasjonar frå feltarbeidet.

Frå spyttprøver og slangeskinn har slangeforskaren så langt samla inn i underkant av 60 DNA-prøver frå slettsnoken.

Ormen speler død

Vi kjem over tre hoggormar på dagens ekspedisjon, men ser ikkje noko til slettsnoken. Det kan enno vere for kaldt for han, eller han er berre sky og held seg unna. Eg har endeleg fått noko i nærleik av normalpuls igjen da slangeforskaren bykser inn i krattet. No skal ho til med å løfte på slangar igjen.

Ho har funne ein buorm i slettsnokland. Den må ho også registrere. Fram med kamera. Knipse, knipse. Og knipse enda ein gong. Fram med ein pose, leggje buormen oppi og måle vekta, 54 gram. Fram med målbandet, strekkje ut ormen og måle lengda, 73,5 centimeter. Fram med spyttprøve- pinnen og halde ormen rundt halsen, opp med gapet og hente spytt. Så legg ho ormen ned igjen og viser fram det vakre mønsteret han har på undersida av kroppen, men så vert han berre liggjande der.

– Buormen speler død for at vi skal miste interessa for han. Når han føler seg trua, kan han også utsondre ei liklukt som skal få byttedyra til å forlate han, seier ho.

Johansen ber buormen inn i krattet igjen og legg han der ho fann han. Vi finn ikkje meir i dag. Men Johansen har notert tre hoggormar og ein buorm i feltdagboka. Utover våren og sommaren finn ho fleire. Det gjer også studentane. DNA-prøver vert sikra, og når resultata frå dei radiomerka slangane vert analyserte, kan bachelor- og masterstudentar i fleire år framover skrive oppgåver basert på desse funna. Mens slangeforskaren leitar etter fleire orm og skriv sine studiar om slettsnokens hemmelege liv.