For studentar Tillitsvald eller STA kan også vidareformidle eit varsel på vegner av deg. Mottakar pliktar å ta alle varsel seriøst.
For tilsette Verneombod, tillitsvald eller eigen advokat kan også vidareformidle eit varsel på vegner av tilsette. Arbeidsgivar pliktar å ta alle varsel seriøst.
For alle Anonyme varslingar er svært krevjande å forhalde seg til så det blir svært viktig med gode grunngivingar for dei framførte kritiske påstandane.
Ver merksam på at anonyme skylde mot tilsette sjeldent vil kunne føre til god saksbehandling og tiltak. UiA vil i dei fleste saker trenge å vite kven du er for å kunne følgje opp saka på ein forsvarleg måte som varetek begge partane sine rettar.
Er du sjølv ein part i saka? I konflikt- og trakasseringssaker der den som varslar sjølv er part i saka, kan du ikkje krevje anonymitet. Bakgrunnen for dette er kontradiksjonsprinsippet, som inneber at den som varslinga rettar seg mot, skal ha høve til å gjere seg kjend med kva den andre part har lagt fram av informasjon. Uten dette har den det varsles om, ikke mulighet for å kunne forsvare seg fullt ut.