0
Hopp til hovedinnhold

Utdanningspris for å føre etikk inn i økonomiutdanninga

Førsteamanuensis Arngrim Hunnes og førstelektor Torunn S. Olsen har jobba hardt for å styrke etikkfaget i økonomiutdanninga. Nå har dei blitt tildelte UiAs Utdanningspris for innsatsen.

Arngrim Hunnes og Torunn S. Olsen, bilete.
Arngrim Hunnes og Torunn S. Olsen undervisar rundt 400 studentar i sitt emne.

– Dei vektlegg å utvikle undervisninga i tett samarbeid med studentane. Som emneansvarlige på kvar sin campus har dei tatt oppgåva som utdanningsleiara på alvor. På en systematisk måte har dei innført nødvendige endringar, evaluert opplegget og justert det heile etter innkomne tilbakemeldingar, sa viserektor for utdanning Astrid Birgitte Eggen ved utdelinga av prisen.

La om undervisninga

Bilete frå forelesning, bilete.

Emnet handlar blant anna om bedrifters samfunnsansvar i norsk og internasjonal kontekst.

Prisen er på 100.000 kroner, som skal brukas til tiltak som fremmer utvikling av læringsmiljø og studiekvalitet i prisvinnaranes fagmiljø. Torunn S. Olsen arbeider ved Institutt for arbeidsliv og innovasjon ved Campus Grimstad, mens Arngrim Hunnes arbeider ved Institutt for økonomi ved Campus Kristiansand. begge institutt tilhøyrar Handelshøgskulen ved UiA.

Olsen og Hunnes underviser i emnet «Etikk og bedrifters samfunnsansvar». Her har dei lagt om den tradisjonelle undervisninga for å få studentane til å snakke om etikk, og reflektere og diskutere temaet. Dette bidrar til en styrking av etikkfagets status i økonomiutdanninga, samtidig som studentane blir meir involvert i undervisninga.

- Langt i frå ferdig

«Dersom økonomistudiet skal bidra til studentars utvikling som moralske og reflekterande individ, må utdanninga supplerast med perspektiv frå humaniora», skrev Hunnes i en kronikk i Fædrelandsvennen i september i år.

– Vi sett stor pris på å få denne prisen og bli sett for arbeidet vi har lagt ned. Arbeidet er langt i frå ferdig, men vi er godt i gang. Vi må diskutere litt med instituttleiar om kva vi skal bruke prispengane til, men det er klart at vi ønsker å vidareutvikle emnet økonomisk tenking og etikk, sa Olsen. 

Send studiet på mail