Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Kor mykje kostar det å transportere ein konteinar?

Førsteamanuensis Ziaul Haque Munim ved Handelshøgskolen ved UiA forskar på å føreseie shippingkostnader for konteinarar i internasjonal transport. Han mottok nylig prisen KLU Young Researcher Best Paper Award for et av sine prosjekt. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetslektor Ziaul Haque Munim, foto.
Førsteamanuensis Ziaul Haque Munim fekk utdelt prisen under ein konferanse i Kenya i september.

– Meir enn 80 prosent av verdshandelen skjer på havet, noko som er lett å gløyme i kvardagen. Han er så populær fordi han er billig, men det er vanskeleg å fastslå kva den nøyaktige prisen blir for ein enkelt konteinar på grunn av alle variablane, seier Munim

- For eksempel var kostnaden for å frakte ein konteinar frå Kina til Nord-Europa den 31. august 933 dollar. Ei uke seinare, den 7. september, sank prisen til 885 dollar, seier Munim.

Høgare kapasitet enn etterspurnad

Han sende inn sitt bidrag til konferansen International Association of Maritime Economists, som blei halden i Mombasa i Kenya 18.–21. september. Bidraget hadde tittelen “Forecasting Container Shipping Freight Rates for the major trade routes: a comparison of artificial neural network and conventional models”, skreven saman med Doktor Hans-Joachim Schramm fra Vienna University of Economics and Business i Østerrike.

– Å kunne føreseie transportkostnaden er veldig nyttig for shippingselskapa. Kapasiteten er som oftast høgare enn etterspurnaden, så ved å kjenne til forventa prisnivå er det enklare å prioritere kva for skip som bør segle kva for rute. I dag er det nokon få slike verktøy, men dei er ikkje mykje brukte, seier Munim.

Millionar å spare

Metoden han har utvikla, føreseier kostnadane ei veke fram i tid, men også lengre førespeglingar er mogleg.

- Førespeglingane blir meir generelle jo lengre fram i tid det er, men det er potensielt fleire millionar kroner å spare på å kunne gjere dette. Eit skip tar 3–5 år å bygge, og det er jo ikkje alltid at behovet som var då det blei bestilt, samsvarar med behovet når det er ferdig, seier Munim. Han planlegg å utvikle nye metodar for å føreseingsmodeller og teknikker ved bruk av maskinlæring.