0
Hopp til hovedinnhold

Geir Haaland fekk opprykk til førstelektor

Etter mange år som studieprogramleiar og universitetslektor har Geir Haaland fått ny tittel – og sitt første publikasjonspoeng.

Bilde av Geir Haaland.
Haaland har over 20 års erfaring i revisorfaget, både som undervisar og som leiar i revisjonsselskap.

– Då eg starta som universitetslektor i 2007 hadde eg ikkje noko mål om å gjere ein akademisk karriere. Det hadde eg gjort tidlegare innan revisoryrket. Men for tre-fire år sia starta eg likevel for alvor å tenkje på opprykk, og undersøkte kva som skulle til.  Nå føler eg meg tilfreds for å ha fått dette til, seier Geir Haaland.

For å få opprykk frå universitetslektor til førstelektor må ein ha både spesialkompetanse og pedagogisk kompetanse, og kunne vise til forsking og utviklingsarbeid i omfang og nivå tilsvarande det som krevjast for ein doktorgrad. Heile den akademiske CVen skal kartleggast og dokumenterast, og det blir fort mange sider. Det er i tillegg mogleg å levere eit profileringsdokument, kor universitetslektoren ser tilbake og freistar å vise den raude tråden gjennom karrieren.

– Krevjande

– Eg meldte meg på førstelektor/dosent-programmet, som UiA tilbyr til de som ønskjer å vere betre rusta til søknadsprosessen. Det er eit godt tiltak, og eg fekk mykje ut av det sjølv om eg var i innspurten på prosessen. Å dokumentere alt ein har gjort og vore med på gjennom åra er krevjande i ein travel kvardag, men det gjekk openbart bra. CV-en enda på åtte sider, medan profileringsdokumentet enda på 13. Og så var det over 40 vedlegg, seier Haaland.

Dekan Roger Normann ved Handelshøgskulen ved UiA er glad for opprykket til Haaland.

– Eg veit at det er eit resultat av langt og målretta arbeid, og eg ynskjer å gratulere Geir med opprykket til førstelektor. For fakultetet er dette viktig både for vår forsking og undervisning, seier han.

Over 20 års praksis

Haaland har i fleire år vært studieprogramleiar for masterprogrammet i rekneskap og revisjon. På dispensasjon, for ein skal eigentleg ha såkalla førstekompetanse for å være studieprogramleiar. Haaland har over 20 års praksis i faget, blant anna som partnar og regionleiar i revisjonsselskapet PricewaterhouseCoopers Agder.

– Dei fleste som søkjer om å bli førstelektor har også publisert fagfellevurderte artiklar, men det hadde eg ikkje gjort. Eg har derimot publisert ei rekkje artiklar i bransje- og fagtidsskrift, og dei har nådd ut til mange lesarar. Eg har og vore ein aktiv formidlar i og utanfor akademia. Og for ordens skuld; eg har nettopp fått mitt første publikasjonspoeng, ler Geir Haaland.

Artikkelen «Multi-mode standardisation and comperability: Norways failed attempt to adopt the IFRS for SMEs», kor han er medforfattar, er nemleg nyleg antatt for publisering i journalen Accounting and Business Research på ABS level 3.