Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Går bedrifta di konkurs neste år? Det kan denne studentbedrifta fortelje deg

Studentbedrifta Sentient Finance har utvikla en kunstig intelligens som gjer det mogleg å føreseie konkursar i bedrifter.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Jahn Åsvald Einarsmo og Rolf Enver Bjørnestad.
Jahn Åsvald Einarsmo (t.v.) og Rolf Enver Bjørnestad starta med ein masteroppgave. Nå har dei starta bedrift.

– Dette er ei vidareutvikling av den kunstige intelligensen me utvikla i vår masteroppgåve. I masteroppgåva såg me på 900 finansregnskap, og trente datasystemet til å sjå etter svindel. Nå har me utvida datasettet til 4,4 millionar finansregnskap, og trente datasystemet til å sjå etter konkursar, seier Rolf Enver Bjørnestad.

Den kunstige intelligensen er ein sjølvlærande oppskrift, også kalla algoritme, som på bakgrunn av gammal informasjon kan lære seg å forstå kordan framtida vil utvikle seg.

Han og Jahn Åsvald Einarsmo har begge fullført vidareutdanninga Executive MBA ved Universitetet i Agder, og jobbar nå vidare med ideen med hjelp frå UiA Nyskaping. Nyleg fekk dei tildelt ein million kroner frå Forskningsrådets STUD-ENT-ordning.

19 år med finansregnskap

– Pengane skal gå til å utvikle produktet vårt vidare. Me har allereie kjøpt inn finansregnskap frå 1998-2017, og å kjøpe dei inn kostar ein del pengar. Vi skal også hente mykje informasjon frå opne kjelder på internett, og trene datasystemet vår vidare, seier Jahn Åsvald. 

Skjermbilete av nettløysninga til Sentinent Finance.

Slik ser nettløysninga til Sentient Finance ut.

Med seg på laget har dei Jahn Thomas Fidje, som tar ein næringslivs-doktorgrad med spesialisering i kunstig intelligens på UiA.  Saman har dei laga ei nettside der du kan taste inn et organisasjonsnummer til ei bedrift, og med 96,7 prosents nøyaktigheit kalkulere sjansen for at bedrifta går konkurs i løpet av det neste året.

– Heilt i forskingsfronten

– Sentient Finance  jobbar med ein type dataprogram med kunstig intelligens som ligg heilt i forskingsfronten. De har dratt nytte av en teknikk som det vert snakka mykje om, men som veldig få utanfor akademia beherskar og enda sjeldnare bruker i praksis, seier Morten Goodwin, førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi ved UiA, og assisterande direktør ved Center for Artificial Intellegence Research (CAIR).

Sentient Finance har presentert sin idé for fleire bankar, og dei merker stor interesse. Ny finansteknologi vert utvikla av mange i Noreg i dag, men Sentient Finance er unike med si bruk av kunstig intelligens.

– Me ser eit potensial for å kunne ekspandere til fleire land etter kvart, slik som Sverige og Finland. Mykje kjem an på kva slags data som er mogleg å få tak i. Me har ein solid kombinasjon i vårt team, med erfaring frå arbeidslivet og teknologisk kompetanse frå akademia, og har ein langsiktig plan for bedrifta, seier Jahn Åsvald.

– Nyskapande

På Handelshøgskulen ved UiA har dei også fått god hjelp av førsteamanuensis Terje Heskestad, som  også var rettleiar for masteroppgåva deira.

– Det som dei har fått til er nyskapande. De har brukt kunstig intelligens på noko som ikkje er gjort tidlegare. Dette har potensial, og vil kunne gjere analysearbeidet meir effektivt i framtida. Dette betyr ikkje at regnskapsbrukaren blir overflødig som mange synes å hevde, men at man kan bruke tid og kunnskap på vurderingar. Poenget er at du slepper standard arbeidsoppgåver – og kan bruke kunstig intelligens til å identifisere kva du bør vurdere nærmare, seier Heskestad.