Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Begge to har imponert

For første gong har Handelshøgskolen ved UiA hatt traineer frå Trainee Sør. Det ga meirsmak.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av Iselin Kanestrøm og Stian Westbye foran fakultetsbygg.
Iselin Kanestrøm og Stian Westbye er snart feridge som trainee-ar ved Handelshøgskulen ved UiA.

– Det var skummelt å skulle begynne på ein ny stad med nye oppgåver, men det gjekk veldig greitt, seier Iselin Kanestrøm.

Ho og Stian Westbye byrja hausten 2020 som traineear på Handelshøgskolen ved UiA. Dei er begge ein del av det regionale traineeprogrammet Trainee Sør, som lar nyutdanna mastergradstudentar få prøve seg i forskjellige bedrifter på Sørlandet.

Stian Westbye har en bachelor i økonomi og ein master i innovasjon og kunnskapsutvikling frå Universitetet i Agder, og Iselin Kanestrøm er utdanna siviløkonom ved Universitetet i Aalborg. Deira traineestillingar på Handelshøyskolen ved UiA blei nokså forskjellige.

Økonomi og benchmarking

– Då eg byrja hadde nettopp ein controllar sagt opp si stilling på fakultetet. Den fyrste tida jobba eg tett med ho, slik at eg kunne overta mange av oppgåvene hennar då ho slutta. Oppgåvene har variert frå kvardagsoppgåver som å godkjenne fakturaar til større saker som budsjettering. Nå har det blitt tilsett ein ny controllar, som eg har fått lære opp i rutinane, seier Kanestrøm.

Westbys arbeid gjekk ut på å lage ein benchmark av Handelshøgskolen ved UiAs marknadsføring og studieportefølje. Det vil seie at han kartla kva andre ledande handelshøgskular i Norden gjer, og sjå på korleis Handelshøyskolen ved UiA kan ta grep.

– Det var ein brei og omfattande oppgåve, som eg spissa inn til totalt 16 handelshøgskular. Det har vore lærerikt å sjå på korleis dei bygger opp studia sine, korleis dei nyttar praksis og korleis dei marknadsførar seg. Nokon av tiltaka eg har foreslått er omfattande og vil ta tid å få til, imens andre er meir enkle å gjennomføre , seier Westbye.

– Gøy halvår

Dei har begge gått rett frå studentlivet til å jobbe på eit universitet, og seier at det har vært interessant å sjå korleis det er «bak kulissane».

– Det har vore et veldig gøy halvår, og eg har blitt kjend med mange flinke folk. Det har gitt meg innsikt i å jobbe i ein stor organisasjon, seier Kanestrøm.

Begge skal nå vidare til nye trainee-stillingar. Westbye skal til Gard i Arendal, og Kanestrøm til Nye Veier i Kristiansand. Fakultetsdirektør Gro Elisabeth Lundevik er veldig nøgd med jobben trainee-ane har gjort.

– Vi er veldig glade for at det ble nettopp Iselin og Stian som takka ja til å jobbe hos oss. Begge to har imponert meg og alle som har jobba med dei på fakultetet. Dei har handtert oppgåvene med høg fagleg dyktigheit, jobba sjølvstendig og levert betydeleg over forventningane. På vegne av alle på fakultetet vil eg takke dei for den solide jobben, og ønsker dei lykke til vidare, seier fakultetsdirektøren.