0
Hopp til hovedinnhold

Mer kunnskap om sjøarealene i Agder

Agder fylkeskommune har gjennom «Blått Kompetansesenter Sør» starta arbeidet med å samla og analysera arealbruken i kystsona i Agder. 

Mer kunnskap om arealer
Viktige aspekter

Det er eit sterkt ønske frå både sentrale og lokale myndigheiter at det skal tilretteleggast for økt blå vekst og næringsutvikling knytt til kysten.

– Føremålet med arbeidet er å stimulera til berekraftig forvaltning og verdiskaping. Bakgrunnen for arbeidet er den tidlegare rapporten «Moglegheitskartlegging for kystbaserte næringar i Agder» og definerte mål i Regionplan Agder 2030 om meir berekraftig verdiskaping, seier prosjektleiar Morten Mattingsdal ved Blått Kompetansesenter Sør.

Arbeidet, som starta i januar 2022, blir utført som eit konsulentoppdrag. Dette blir leidd av NIVA og skal gjennomførast i samarbeid med Akvaplan-niva.

 

Meir konkret så skal oppdraget
1) samla eksisterande og ny kunnskap som mykje brukte rekreasjonsområde, hamnar, akvakultur, fiskefelt, vasskvalitet og sårbare naturtypar mm.
2) Arbeidet skal gjera totalvurderingar for kvar kystkommune og dessutan koma med konkrete forslag til eigna areal til berekraftig havbruk. 

Arbeidet blir leia av Federico Gaeta Haaland ved Flekkefjord vidaregåande skule, og vil framover vera i tett dialog med mellom anna Blå Vekst Agder (næringssjefar i kystkommunane) og skal vera ferdig i oktober 2022.

Om Blått Kompetansesenter Sør

Blått Kompetansesenter Sør (BKS) er eit prosjekt drive frå Universitetet i Agder, men eigd av Agder fylkeskommune. BKS skal arbeide for å samla og analysera kunnskap om sjøareala og kartlegge behova og arealbruken til sjømatnæringa; havbruk og fiskeri. Ei tilskuddsordning for næringslivet er ein del av kompetansesenteret, og har ei ramme på 5,3 millionar.