0
Hopp til hovedinnhold

UiA-teknologi anerkjent av EU

Teknologi utvikla i MSCA-RISE-prosjektet CLOVER har høgt potensiale for innovasjon, meiner Europakommisjonens Innovation Radar.

Foto av logo til CLOVER-prosjekt

Det er første gong eit Horizon 2020-prosjekt frå UiA blir lagt merke til av Innovation Radar. 

– Denne anerkjenninga aukar sjansa for vidare søknadar i relaterte prosjekt, og kan også vere av interesse for industrielle partnarar, seier professor Michael Ruderman, frå Institutt for ingeniørvitskap ved Fakultet for teknologi og realfag ved UiA.

Professor Michael Ruderman frå Institutt for ingeniørvitskap

Professor Michael Ruderman frå Institutt for ingeniørvitskap

CLOVER-prosjektet (Robust Control, State Estimation and Disturbance Compensation for Highly Dynamic Environmental Mechatronic Systems) starta i 2017. UiA spelar ein aktiv rolle saman med 10 andre europeiske partnarar og to partnar frå Mexico og Japan. Partnarane i prosjektet er frå både akademiske institusjonar og industrielle bedrifter.  

Målet med prosjektet er å tilby ein ny miljøvennleg metodikk i eit mekatronisk styringssystem. Designet til systemet må hente kunnskap frå fleire fagfelt. 

Innovation Radar skal synleggjere EU-finansierte prosjekt med høgt potensiale for gode innovasjonar og som er gode innovatørar.

Det er første gong eit Horizon 2020-prosjekt frå UiA blir lagt merke til av Innovation Radar. Det er UiAs innovasjon “Antagonistic hydraulic setup for real-time control developments and tests” som har blitt analysert og som nå er inkludert i innovasjonsplattformen.