0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskar vann internasjonal pris

For første gong fekk ein forskar frå eit norsk universitet prestisjepris frå den finske handelshøgskulen Hanken School of Economics. 

Hossein Baharmand frå UiA vann internasjonal pris for beste doktorgradsavhandling innan logistikk i humanitært arbeid og leiing av forsyningskjeder.

Den finske handelshøgskulen, Hanken School of Economics, deler anna kvart år ut ein pris for beste doktorgradsavhandling innan fagfeltet logistikk i humanitært arbeid og leiing av forsyningskjeder. Tidlegare har prisen gått til kandidatar frå amerikanske universitet, men denne gongen var det Universitetet i Agder sin tur.

– Det er ei anerkjenning at eit team med ekspertar har sett på arbeidet mitt og finn det verdifullt. Det har vore eit mål for meg å arbeide med noko som kan ha verdi for andre, seier Hossein Baharmand ved UiA.

Prisvinnaren er knytt til Senter for integrert krisehandtering (CIEM) og Institutt for IKT der han nå er tilsett som post-doktor. Baharmand disputerte i desember 2018 med ei avhandling om meir fleksibel nødhjelps-kommunikasjon ved naturkatastrofar.

Handelshøgskulen i Finland og Humanitarian Logistics and Supply Chain Research Institute (HUMLOG) står bak den såkalla HUMLOG-prisen. Handelshøgskulen har lang tradisjon for å vere eit samlingspunkt for forsking innan nødhjelpsarbeid. Dei brukar prisen for å påskjøne master- og doktorgradskandidatar som bringar noko nytt innan fagfeltet fram. 

1000 euro og halvt år i Finland

Med prisen følgjer ein premie på 1000 euro, ein invitasjon til å delta på EurOMA-konferansen i juni og tilbod om å levere inn ein artikkel i det anerkjente tidsskriftet Journal of Humanitarian Logistics and Supply Chain Management

Vinnaren av prisen blir også tilboden eit forskingsopphald hos Institutt for HUMLOG i seks månader. Målet med dette er å danne ei plattform for samskaping av kunnskap og forsking innanfor det humanitære fagfeltet.  

Interessa for fagfeltet

Prisvinnaren blei fagleg interessert i fagfeltet då han opplevde jordskjelvet i Bam i Iran i 2003. Over 20.000 personar omkom og Baharmand mista fleire slektningar. 

I etterkant av jordskjelvet såg han fleire manglar ved nødhjelps-arbeidet. Mange oppgåver tok for lang tid. Det tok til dømes fleire månader før folk i nød fekk varar dei trengte.

– Eg bestemte meg difor for å halde fram med studia og rette dei inn mot logistikk og gjennomføring av humanitære operasjonar, seier Baharmand. 

Professor Tina Comes frå institutt for IKT på UiA var hovudrettleiar for Baharmand.

Professor Tina Comes frå institutt for IKT på UiA var hovudrettleiar for Baharmand.

Nominert av eigen rettleiar

Hossein har hatt professor Tina Comes frå Institutt for IKT på UiA som hovudrettleiar. Professor Matthieu Lauras frå IMT Mines Albi ved Universitetet i Toulouse i Frankrike har vore birettleiar. Professorane nominerte Baharmand til prisen. 

– Vi er imponert over arbeidet hans. Avhandlinga er viktig i samband med utvikling av teori for fagfeltet, men også for dei som driv med nødhjelpsarbeid. Arbeidet hans har potensial til å bidra med positiv endring av nødhjelpskommunikasjon, seier Comes. 

 

Send studiet på mail