Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Studentar lanserte årets racerbil

60 studentar frå 11 studielinjer deltek i studentforeininga Align Racing UiA der dei byggjer sin eigen racerbil. Torsdag 25. april avduka dei årets racerbil. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av årets racerbilteam lanserte den nye racerbilen på Campus Grimstad torsdag 25. april. Solan heiter bilen.
Årets racerbilteam lanserte den nye racerbilen på Campus Grimstad torsdag 25. april. Solan heiter bilen.

– I år byggjer vi på mange erfaringar frå i fjor. Årets bil er mindre og lettare enn fjorårets bilog har fått namnet Solan, sa Andreas Wæhle da den nye bilen blei avduka.

Wæhle er mekatronikkstudent og prosjektleiar for Align Racing UiA. 

Kristine Knaben er ansvarleg for avdukinga 25. april og Andreas Wæhle er prosjektleiar i Align Racing UiA.

Kristine Knaben er ansvarleg for avdukinga 25. april og Andreas Wæhle er prosjektleiar i Align Racing UiA. 

Kvart år byggjer den tverrfaglege studentforeininga, Align Racing UiA, ein ny racerbil som dei konkurrerer med i den internasjonale Formula Student UK-konkurransen på racerbil-banen i Silverstone i England.  

– Årets bil har mellom anna store oppgraderingar på ramme, girsystem og gasskontroll. Den er designa og meir tilpassa for dei små banane den skal kjøre på under konkurransen, seier Wæhle. 

Racerbilen Solan

Salen på Campus Grimstad var fullsett da bilen blei presentert. Her var både spente sponsorar, samarbeidspartnarar, studentar og medlemmar frå Align Racing til stades. 

– Etter tusenvis av arbeidstimar, blod, sveitte og nokre tårer, er vi i dag veldig stolte av å presentere årets racerbil, Solan, og teamet i Align Racing UiA, sa Kristine Knaben, kommunikasjonssjef i Align Racing UiA og ansvarleg for avdukinga. 

Align Racing UiA held vanlegvis til i verkstadlokalet til MIL-labben på Universitetet i Agder Campus Grimstad. Dei har også kontorlokale på Campus Kristiansand. Dei er ei tverrfagleg gruppe på 60 studentar frå 11 studielinjer frå UiA.  

– Vi er stolte over å ha skapt ein organisasjon som ikkje berre byggjer bil. Teamet i Align Racing UiA står også for design, økonomi, administrasjon, marknadsføring og leiing, sa Knaben. 

– Vi må rette ein stor takk til samarbeidspartnarane våre, spesielt Ugland og UiA for støtte frå dag ein. Utan dykk hadde vi ikkje stått her i dag, sa Knaben.  

Unik erfaring

Michael Rygaard Hansen er dekan for Fakultetet for teknologi og realfag på UiA. Han var til stades under avdukinga og imponert over racerbilen, og det studentane hadde fått til sidan prosjektstarten i august. 

Bilde av Michael Rygaard Hansen,  dekan for Fakultet for teknologi og realfag.

Michael Rygaard Hansen er dekan for Fakultet for teknologi og realfag. 

– Eitt av dei viktigaste bidraga frå Align Racing UiA er at dei gir studentane relevant erfaring. I klasserommet kan vi lære dei mykje gjennom teori og prosjektbasert undervising, men i eit prosjekt som dette får dei så mykje meir. Her får dei erfare problemstillingar og situasjonar som vi aldri kan forberede dei for i klasserommet, sa Rygaard Hansen. 

I Align Racing planlegg, konstruerer, designar og byggjer dei ein racerbil som dei skal konkurrere med i den internasjonale konkurransen til sommaren. Studentane i foreininga får ei unik erfaring å ta med seg ut i arbeidslivet. 

Samskaping

– Engasjementet i Align Racing UiAer ein kick-start på arbeidslivet. Vi får erfaring frå arbeid i eit team på 60 studentar. Saman skal vi gjennomføre eit stort prosjekt med ei heftig tidslinje, samstundes med studiane, sa Wæhle. 

Rygaard Hansen og Fakultet for teknologi og realfag har vore støttespelar frå dag éin. Han fortel at Align Racing UiA legg ein ekstra dimensjon til utdanninga for fakultetet og UiA. 

– Prosjektet er gjennomført på ein venleg, kompetent og profesjonell måte, og det vil eg takke dei for. Samarbeidet på tvers i foreininga og mellom fakulteta er noko UiA som organisasjon kan lære av, sa Rygaard Hansen. 

Samansett kompetanse

I studentforeininga kan alle studielinjer bidra. Racerbil-laget må bestå av studentar med ulik bakgrunn og kompetanse.

– Vi treng folk som kan bidra med alt frå ingeniørkompetanse, økonomi og administrasjon til marknadsføring og IT. I tillegg må vi ha sjåførar som er villige til å leggje ned dei treningstimane som trengst, sa Wæhle. 

Wæhle var også med i foreininga i fjor då dei bygde racerbilen Ludvig. 

– Eg veit kor mye arbeid som trengst for at vi skal lykkast med dette. Nøkkelen er å ha kvalitet i alt vi gjør og eit godt lagarbeid, sa Wæhle. 

Internasjonal konkurranse

Omkring 100 lag frå heile verda deltek i den internasjonale racerbil-konkurransen for studentar. Konkurransen består av ein teoretisk del og ein praktisk del. I den teoretiske delen må racerbil-laget levere inn rapportar som presenterer verksemda Align RacingUiA, ein kostnadsrapport og ein eigen rapport der dei presenterer designelementa i konstruksjonen av bilen. Den praktiske delen er å kjøre fire løp med bilen dei har laga. 

Align Racing UiA deltok for første gong i konkurransen i 2018. Då blei dei kåra til årets nykomar. I år sikter dei sikter dei seg inn mot den prestisjefylte marknadsføringsprisen. 

– Prisen blir delt ut av eit britisk racerbil-magasin som heiter Race Car Magazine. Magasinet vurderer kvaliteten og frekvensen på det som blir publisert i sosiale medium. Marknadsføringsavdelinga vår arbeider med dette, sa Knaben.