0
Hopp til hovedinnhold

Rekorddeltaking på masteravslutning

Det var ein stor festdag på Campus Grimstad då 151 masterstudentar tok imot diplom for levert masteroppgåve. 

Bilde av feststemte masterstudentar på UiA Campus Grimstad har endeleg levert masteroppgåva.
Feststemte masterstudentar på UiA Campus Grimstad har endeleg levert masteroppgåva.

Torsdag 13. juni var det største auditoriet på Campus Grimstad fylt av 151 spente studentar, vener og familiemedlemer. Totalt var det påmeldt 362 personar. Den tradisjonelle masteravslutninga blei halde for studentar ved Fakultet for teknologi og realfag, Fakultet for helse og idrett og Handelshøgskulen ved UiA. 

Fransizka Maria Vogler frå multimedia og læringsteknologi og Lashand Nadarajah frå industriell økonomi og teknologileiing heldt tale på vegne av studentane.

Fransizka Maria Vogler frå multimedia og læringsteknologi og Lashand Nadarajah frå industriell økonomi og teknologileiing heldt tale på vegne av studentane.

Sentralt i programmet for kvelden var velvalde ord ifrå både rektor Frank Reichert og ordførar i Grimstad kommune, Kjetil Glimsdal. 

– Vi er veldig glade for at dykk valde å studere her på UiA. Vi er sikre på at innan 6 månadar er alle i jobb. Kompetansen dykk har er verdifull og ettertrakta på arbeidsmarknaden, sa Reichert. 

Ordføraren i Grimstad kommune ønska studentane hjarteleg velkommen tilbake for å busette seg i Grimstad. 

Klassevis blei kvar enkelt student ropt opp for å ta i mot diplom for levert masteroppgåve ifrå studieprogramleiar og ein gåve ifrå rektor. For studentane og familiane er dette ei viktig markering, og då får ein akseptere at det tek litt tid når 151 studentar skal fram ein og ein.

Klassevis blei kvar enkelt student ropt opp for å ta i mot diplom for levert masteroppgåve ifrå studieprogramleiar og ein gåve ifrå rektor. 

Pris til studentar

Tre studiar delte ut pris for beste masteroppgåve. I IKT gjekk prisen til Anders Frøytlog, Rikke Helene Bækken fekk for beste oppgåve i fornybar energi, mens Jarle Dybing og Martin Pettersen fekk for prisen i industriell økonomi og teknologileiing.

– Dei har lagt ned ein ekstraordinær innsats og formidla resultata sine på ein veldig god måte, sa Gøril Hannås, instituttleiar for industriell økonomi og teknologileiing, om studentane. 

Kapasiteten sprengt

I auditoriet blei det sett ut ekstra stolar og alle seta var fylde. Markeringa for studentane blir meir og meir populær for kvart år, ifølgje Elisabeth Rasmussen, arrangement-ansvarleg for 

masteravslutninga.

– Kapasiteten er heilt sprengt og det er ingen stolar ledige. Vi synest likevel at det er veldig hyggeleg at så mange foreldre og vener også ønsker å være her på den store dagen for studentane, seier Rasmussen. 

– Om dette held fram må vi kanskje sjå oss kring for lokale utanfor UiA neste år, seier Rasmussen. 

Etter talar, musikkunderhalding og diplomutdeling, haldt festen fram i studentkantina. 

For studentane og familiane er dette ei viktig markering, og då får ein akseptere at det tek litt tid når 151 studentar skal fram ein og ein.

For studentane og familiane er dette ei viktig markering, og då får ein akseptere at det tek litt tid når 151 studentar skal fram ein og ein.