Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ny leiar på Institutt for naturvitskap

Hans Weinberger er tilsett som ny instituttleiar for Institutt for naturvitskap frå 1. juli. Weinberger har brei forskarerfaring og kjem frå åremålsstilling som direktør for Norsk teknisk museum i Oslo. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Foto av ny insituttleiar
Hans Weinberger startar som insituttleiar på Institutt for naturvitskap på UiA 1. juli.

– Det kjennest bra å komme tilbake til universitetsverda. Jobben som instituttleiar er spennande og eg ser fram til å gjere ein god innsats både for instituttet, fakultetet og heile universitetet, seier Weinberger. 

Weinberger er utdanna sivilingeniør i teknisk fysikk (1991) ved den Kungliga Tekniska högskolan (KTH) i Stockholm. I 1997 disputerte han som doktor og i 2005 blei han dosent innan teknikk- og vitskapshistorie ved same institusjon. 

I tillegg til sjølve jobben på instituttet er det særleg UiAs ambisjonar om å arbeide tverrfagleg som talar til han. 

– Som gammal innovasjonsforskar veit eg at mykje nytt kjem til når ein kryssar etablerte grensar. Det lokka meg å kunne arbeide tverrfagleg på eit universitet med mange ulike fagområde, seier Weinberger. 

Som forskar ved KTH har Weinberger studert forskingspolitikk, europeisk integrasjon og sikkerheitspolitikk. I tillegg har han skrive bok om oppstartinga av svensk strålevern. Han har også arbeidd med utdanning og i periodar vore administrativt ansvarleg for studieprogram som studierektor ved KTH.

Frå 2006 til 2018 har Weinberger hatt ei åremålsstilling som museumsdirektør ved Norsk Teknisk Museum. Under hans leiing har dei skaffa seg fleire gode internasjonale samarbeidspartnarar og blitt tildelt fleire internasjonale prisar for framifrå utstillingar. Besøkstalla er dobla etter offensiv satsing på eksperimentelle utstillingar og programmering. Museet har også ekspandert i tilsette, samlingar og utstillingsareal.  

Dei siste to åra har han arbeidd som konsulent og med frivillig arbeid som direktør for forskings- og utviklingsarbeid i Nordisk bibelmuseum.