Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Klarar UiA-studentane å løyse ein internasjonal konflikt?

Ein forelesningssal blei omgjort til FNs tryggingsråd for ein dag, for å gi studentane meir innsikt i internasjonale konfliktar og forhandlingar.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde, forelesningssal omgjort til FNs tryggingsråd.
Studentane fekk prøve seg som FN-delegatar, og måtte i tur og orden argumentera for sine standpunkt.

Det er pause i dei «offisielle» forhandlingane, men på gangen diskuterer USA, Storbritannia og andre nasjonar seg i mellom i lunsjen. Akkurat som på ekte, med streng kleskode og namneskilt med FN-logo. Studentane som deltar representerer kvart sitt land, og saman forsøker dei å komme fram til løysingar for konflikten i Jemen. Kvert land har sine eigne interesser og prinsipp å ta vare på, noko som gjer det vanskeleg å få til ei felles løysning. Akkurat som på ekte.

– Liknar veldig

– Eg har sjølv vore i FNs tryggingsråd fleire gonger, og det som studentane gjer her liknar veldig på det som skjer der. Det er jo også poenget, seier Gunvor K. Andresen, leiar av FN-sambandet region Sør-Vest. Ho er sjølv ordstyrar for

Foto, student Ruben Andre Øen.

Ruben Andre Øen representerte Iran i forhandlingane.

dagen, ikledd FN-kappe. Liknande dagar blir heldt i ungdoms- og vidaregåande skular. På UiA blir dagen gjennomført for å gi praktisk-pedagogisk utdanning- og lektorstudentar i historie og samfunnsfag erfaring med korleis dagen er for elevane, og for å lære kor komplisert internasjonale konfliktar og forhandlingar er.

– Det er veldig interessant å skulle representere synspunkt eg sjølv ikkje delar, men som eg likevel må kjempe for, seier Ruben Andre Øen. 

Han studerer til å bli lektor i historie, og spelar Irans representant i forhandlingane. Ikkje ei enkel oppgåve.

– Eg har ikkje så mange stormakter som vener, men eg får litt støtte frå Russland, seier han.

Kompliserte forhandlingar

Lektorstudent i samfunnsfag Jon Martin Bjørgum spelar Russlands representant. Han bruker lunsjen på å forhandle litt med Storbritannia.

– Det er tøffe forhandlingar, men me ser ut til å ha blitt einige om nokre få ting. Det er veldig gøy å sette seg inn i korleis slike forhandlingar går føre seg, og ein lærar mykje om kor komplisert det kan vere. Det er mange resolusjonar og avtalar å hugsa på, seier han.

Bilde, Katja Skjølberg, Gunvor K. Andresen og Ingvild Ruhaven.

Frå venstre: Katja Skjølberg frå institutt for statsvitskap og leiingsfag, Gunvor K. Andresen frå FN-sambandet og Ingvild Ruhaven frå institutt for religion, filosofi og historie.

FN-sambandet og fakultet for samfunnsvitskap har, i tråd med intensjonsavtale mellom partane, samarbeida om tryggingsråd-dagane sidan 2013, med aktuelle internasjonale konfliktar som tema. Kvart år har samfunnsfagstudentar i grunnlærarutdanninga, lektorutdanninga og praktisk-pedagogisk utdanning-studiet, samt studentar i emnet Internasjonal politikk på statsvitskapsstudiet, gjennomført rollespelet.

– Studentane får ei veke på å sette seg inn i det lande dei sjølv skal spele, og kvar delegasjon skal og holde ein opningstale på vegner av landet sitt. Dette er ein særs studentaktiv undervisningsform og ein annleis måte å lære både historie, argumentasjon og politikk på. Vi ser fram til å gjere dette igjen og igjen i åra framover, seier førstelektor Katja Skjølberg ved institutt for statsvitskap og leiingsfag.