Kva får du om du blandar musikkteknologi og gaming med ein liten dose galskap? Du kan mellom anna få ein Zelda-medley til å ta av på YouTube!
– Interessa mi for innspelingar, produksjon og musikkteknologi starta då eg sjølv var student her på UiA, seier universitetslektor ved Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk Espen Grundetjern.
Heilt sidan studietida har han vore meir enn middels opptatt av korleis ein kan bruke musikkteknologi til å synge eller spele inn notearrangement.
For to år sidan laga han ein video der han arrangerte «Ave Maria» ved hjelp av noteprogrammet Sibelius og innspelingsprogrammet Logic. Utgangspunktet var ei undervisingsoppgåve for studentane på Årsstudium i musikk, der Espen er ein av lærarane.
Espen publiserte Ave Maria-arrangementet på YouTube og sidan har det blitt mange fleire videoar. Filmane er ofte krydra med ulike luer, parykkar og hattar for å synleggjere alle stemmene som er involverte i den ferdige innspelinga.
– Eg gjekk jo inn i dette med fleire hattar på, og det viser også igjen i videoane eg legg ut, seier han.
Espen kombinerer gjerne interessene gaming og musikk når han lagar innhald til YouTube-kanalen sin. Rett før jul la han ut den videoen som han har brukt mest tid på til no: ein medley som inneheld 14 ulike melodiar frå videospelserien «The Legend of Zelda».
– Eg trur eg brukte opp mot 100 timar på den, seier Espen.
Zelda-medleyen har til no hatt over 17 000 visningar og engasjementet i kommentarfeltet er stort. Tilbakemeldingane er såpass fine at Espen trur det fort kan bli fleire filmar.
– Når resultata er gode, så blir ein jo litt biten av basillen, seier han.
Det er eit omfattande arbeid som ligg til grunn for den rundt åtte minutt lange Zelda-videoen. Espen starta med å finne songane og passande arrangement. Ingen av dei 14 melodiane var arrangerte for hans besetning.
Ocarina-fløyta går igjen i Zelda-musikken, så Espen gjekk til innkjøp av ei slik fløyte og lærte seg å traktere den.
– Og så måtte eg jo spele og synge inn alle stemmene og tilpasse overgangane. Dette gjorde eg heime for å ikkje forstyrre heile fakultetet, fortel han.
Til sitt eige studio i heimen har han også skaffa seg grøn skjerm og oppgradert redigeringsverktøyet til Final Cut. Han kallar YouTube-formidlinga for eit reint overskotsprosjekt:
– Eg gjer dette først og framst for min eigen del, fordi eg synest det er moro. Det gir meg overskot. Men eg håpar at det også er med på å utvikle meg som lærar, seier Espen.
Mykje av undervisningsopplegget på årsstudium i musikk er retta mot innspeling av til dømes kor og arrangement. Espen har bakgrunn som bassist og meiner at han sjølv ikkje er ein spesielt dyktig vokalist. Han er likevel tydeleg på at stemma er eit instrument ein kan ha stor glede av om ein vågar å prøve seg fram:
– Det finst utruleg mange hjelpemiddel der ute. Ein kan få til mykje om ein har ei uredd og nysgjerrig innstilling, seier han.
Espen er opptatt av å inspirere studentane til å eksperimentere med musikkteknologiske verktøy. Dette er noko av grunnen til at han sjølv er ivrig etter å utforske mogelegheitene som ligg i digital behandling av musikk.
– Eg synest det er veldig gøy å kunne kombinere fag og hobby. Dersom min leik med desse verktøya kan vere med på å motivere studentane, så synest eg at det berre er bra, seier Espen.