Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA-band vann Spellemannprisen

Dei møttest på UiA og spelte saman på eksamensfestivalen UiArt. Sju år seinare står Gabba som vinnarar av Spellemannprisen 2022.

Gabba på scena under Spellemann 2022
Joikemeister John André Eira heldt takketalen for Gabba under Spellemann-utdelinga. Her er han flankert av (f.v.) Espen Bakke (bass), Marius Trøan Hansen (slagverk), Ola B. Vårtun (keyboard og produsent), Idar Eliassen Pedersen (trompet) og Christoffer Mietle Furuheim (gitar). Foto: Jonathan V. Kise

– Tusen takk til Ola for hans eksamenskonsert i 2016. Elles hadde ikkje dette bandet eksistert, sa Gabba-vokalist og joikemeister John André Eira då han takka for Spellemannprisen frå scena i H3 Arena sist helg.

Alle dei seks faste medlemmene i Gabba har bakgrunn frå UiA og Institutt for rytmisk musikk. Av dei som har medverka på plata, er alle artistane med eitt unntak også tidlegare UiA-studentar.

Gabba stod som vinnarar i klassen for tradisjonsmusikk under årets prisutdeling. Musikken til bandet blir omtala som viddeblues. Uttrykket speglar deira felles kjærleik til samiske og norske tradisjonar.

Fann tonen i K-bygget

Mannen med eksamenskonserten i 2016 – Ola Brandsnes Vårtun – er keyboardist og produsent i Gabba. Han fortel at bandet såg dagens lys då joikemeister John André Eira og han sjølv testa ut tonesetting av eit par joikar i eit øvingsrom på UiA i 2015.

– Eg hugsar godt den dagen i øvingsrommet lengst inne i korridoren i andre etasje på K-bygget. John André joika og vi jamma litt. Så samla vi ein gjeng for å sjå om vi kunne utvikle dette vidare, seier Vårtun.

Magien mellom studentane i øvingsrommet oppstod nesten umiddelbart:

– Etter berre tre minutt merka vi at her er det eit sound og ein dynamikk som kan bli til noko. Vi kunne begynne å spele inn etter veldig kort tid. Når vi først var i flyten, kom vi raskt vidare til neste nivå i prosjektet. 

Vårtun meiner at dette også fortel noko om styrken i musikkmiljøet på UiA:

– Det er så mange flinke folk ein kan samarbeide med. I tillegg har ein god tilgang på både øvingsrom og studio.

UiArt var eit høgdepunkt

Den vellukka jam-stunda i øvingsommet i K-bygget gjorde at Gabba raskt blei etablert som gruppe. Våren etter stod heile Gabba på scena då Vårtun framførte eksamenskonserten sin.

UiArt er eksamensfestivalen til studentane på Fakultet for kunstfag. Festivalen er pakka med konsertar, førestillingar og utstillingar og byr på ei heilt spesiell stemning.

– Eg hugsar eksamensfestivalen som eitt av høgdepunkta frå tida mi på UiA, seier Vårtun.

– Ein får ei god kjensle av å vere ein del av eit stort miljø. Festivalperioden er prega av mykje øving og speling. Og det er jo dét vi utøvande musikarar likar aller best.

Vårtun har følgjande råd til studentane som snart skal i elden under UiArt-festivalen 2023:

– Nyt det! Ein er heldige som får oppleve festivalen. Det er vår i lufta og det skjer noko heile tida.

Han minner om at det er viktig å gå på konsert som publikum også, sjølv om det som musikar fort blir mykje øving på eigen og andre sine eksamenar.

– Det er mykje læring i å høyre andre spele, og ikkje minst er det veldig viktig å støtte kvarandre. Alle eksamenskonsertar er like viktige og like spennande.

Gabba-konsert i 2018

I sommar skal Gabba blant anna opptre på Førdefestivalen, som er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. Her er dei på scena under ein konsert i 2018. Foto: Øystein Jensen.

Avstandsforhold og pandemi

Etter eksamensfestivalen i 2016 gjekk Gabba inn i ein periode prega av avstand. Nokre medlemmer heldt fram med masterstudiar på UiA, medan andre busette seg på ein annan kant av landet.

Vårtun fortel at Gabba løyste avstandsforholdet med å spele inn materialet i ulike bolkar. I 2018 var det sjølvtitulerte debutalbumet ferdig miksa og mastra. Dei gav ut nokre singlar og vurderte tilbod frå fleire ulike plateselskap. Og så kom pandemien.

Til slutt bestemte Gabba seg for å gje ut albumet sjølv gjennom selskapet til Vårtun.

– For oss var det riktig å gi ut plata på eige selskap. Plateselskapa meiner kanskje at dei har ein fasit for korleis ein skal gå fram. Vår erfaring er at det ikkje er farleg å gjere jobben sjølv, seier han.

Ny musikk på veg

Tildelinga av Spellemannprisen 2022 har gitt Gabba ny motivasjon til å arbeide videre med tradisjonsmusikken. Ifølgje Vårtun var det uventa å bli nominert, men enda meir uventa å faktisk vinne prisen:

– Ærefrykt er vel det ordet som passar best. Dei tre andre nominerte i vår klasse står alle for utruleg godt handverk.

Vårtun håpar at prisen viser at Gabba har klart å ta vare på tradjoiken i si opprinnelege form, samtidig som dei musikalske kombinasjonane står for noko nytt og spenstig.

No er Gabba i gang med å spele inn materiale til eit nytt album. I løpet av sommaren blir det også ein del konsertoppdrag,

– Vi skal spele på Førdefestivalen i juli. Det kjem meir framover også, så berre følg med, seier han.

Gabba består av: John André Eira, Idar Eliassen Pedersen, Christoffer Mietle Furuheim, Espen Bakke, Marius Trøan Hansen og Ola Brandsnes Vårtun. På albumet Gabba medverkar også Bjørn Kåre Odde, Emilie Bjørnstad og Ole Andreas Hagelia.

Les meir om Gabba på bandet si heimeside