0
Hopp til hovedinnhold

Splitter nytt doktorgradsprogram opnar no for søkarar

Stipendiatutlysingane for det nye doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid blei godkjende i tilsettingsutvalet denne veka. 

Kunstnarisk utviklingsarbeid doktorgradsprogram
Det nye doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid blir det første i sitt slag i regionen.

Dermed går Fakultet for kunstfag no vidare med å lyse ut stillingane eksternt, slik at interesserte kandidatar kan søke. Doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid er ein felles grad mellom Fakultet for kunstfag ved Universitetet i Agder (UiA) og Fakultet for utøvande kunstfag ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Det finst i dag inga doktorgradsutdanning for kunstnarisk utviklingsarbeid i regionen. Dei fire eksisterande programma er lokalisert i Oslo (NMH og KHiO), Bergen (UiB) og Trondheim (NTNU). Doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid blir det andre av totalt to doktorgradsprogram ved Fakultet for kunstfag.

– Fakultetet vårt er ein viktig nasjonal aktør innan utøvande utdanning. Då er det òg viktig at vi tilbyr utdanning på topp nivå. Med så mykje kunstnarisk høg kompetanse i staben, stiller vi sterkt i å kunne gje dei nye stipendiatane eit godt rettleiingstilbod, sa dekan Marit Wergeland i samband med at universitetsstyret ved UiA godkjende planane for det nye programmet våren 2021.

Foreløpig studieplan er vedtatt av fakultetsstyra ved dei samarbeidande universiteta. Institusjonane ventar på endeleg etableringsvedtak frå Kunnskapsdepartementet. 

Søknadsfrist for doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid er 15.01.2022. Eventuelle spørsmål om programmet kan rettast til førsteamanuensis og studieprogramleiar Per Elias Drabløs.