Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold
Frå opninga av Kraftverk, Bom-bom-patruljen
Bom-bom-patruljen tromma publikum inn til den offisielle opninga av Kraftverk. Gruppa er samansett av studentar frå UiAs Institutt for rytmisk musikk. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Slagkraftig opning av Kraftverk

Kraftverk er bygget der kunstfag, kultur og kunnskap møtest. Nyvinninga skal vere eit kraftsenter for studentane i Kristiansand. 

Ordførar Mathias Bernander, UiA-rektor Sunniva Whittaker og ei rekkje represantantar frå dei ulike kreftene som har gjort Kraftverk mogeleg, var tilstades då dørene opna måndag kveld. 

Bilde frå opninga av Kraftverk

Ordførar Mathias Bernander, Jacob Mæland (SiA), Andreas Pedersen Engeset (Kristiansand studentsamfunn), Sunniva Whittaker (UiA) og Kjersti Løken Stavrum (Cultiva) opna Kraftverk med eit smell. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Opninga av Kristiansands nye kraftsenter for kunst, kultur, samskaping og innovasjon samla over 400 personar i dei tidlegare lokala til Sørlandets kunstmuseum i Skippergata. Studentane frå Fakultet for kunstfag sette sitt tydelege preg på programmet: 

–  Det var ei oppleving å sjå mangfaldet av utrykk som studentane viste fram. Eg blei stolt av Fakultet for kunstfag då eg gjekk gjennom fire etasjar i Kraftverk fylt med aktivitet, seier hussjef Mads Hatlevik. 

Bilde frå opninga av Kraftverk

Studentane frå samtidsteater ved UiA bidrog med ei tankevekkande framsyning. Dei understreka samtidig potensialet i rommet Blackbox som har ei takhøgd på heile 6 meter. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Bilde frå opninga av Kraftverk

Konsertsalen i Kraftverk rommar 300 personar og fekk testa kapasiteten då studentane frå Institutt for rytmisk musikk entra scena under opningsfesten. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Bilde frå opninga av Kraftverk

Klar tale i inngangspartiet til studenthuset. Studentar frå UiAs Institutt for visuell kunst og formidling driv Galleri 250 Liter, som har utstillinga «We need space» fram til 20. oktober. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Fram til nyleg var Hatlevik sjølv tilsett ved fakultetet. Han gjekk inn i rolla som hussjef for Kraftverk gjennom stiftinga Cultiva i starten av oktober.

Ifølgje Hatlevik vil Kraftverk vere ein stad der kunstfagstudentane kan møte profesjonelle, ein utvida bransje og publikum på eiga heimebane. 

Mads Hatlevik, hussjef på Kraftverk

Mads Hatlevik, hussjef på Kraftverk

– Eg håpar terskelen for studentane blir låg for å eksperimentere og våge å vise fram kva dei kan.

– Men eg trur dette blir like viktig for byen som det er for studentane sjølve, seier Hatlevik. 

– Legg til rette for samskaping

Prosessen med å transformere det gamle kunstmuseet i Skippergata til eit nytt felleskap for samskaping og innovasjon har pågått sidan 2021. Studenthuset BARE deler under- og førsteetasje med Fakultet for kunstfag. Deretter følgjer to etasjar som gir rom til gründerar, verksemder, kunnskapsmiljø og kompetansesenter. Blant desse er CreaTeME, UiAs nye senter for framifrå utdanning. På loftet er det kontorfellesskap for fleire av stiftingane i regionen.

Bilde frå opninga av Kraftverk, CreaTeME

CreaTeME arbeider for kreativ bruk av teknologi i musikkutdanningane. CreaTeME er blant kompetansesentra som no har flytta inn i Kraftverk. (Foto: Jørund Føreland Pedersen)

Hatlevik fortel at stiftinga Cultiva skal sikre arbeidsplasser og gode levekår i Kristiansand gjennom støtte til kunst-, kultur- og kunnskapsprosjekt.  Kraftverk er eit verkemiddel for å oppnå dette. Kraftverk skal blant anna skal fungere som ein koplingsboks mellom UiA og miljøa i byen:

– Kraftverk legg til rette for samskaping og innovasjon. Vi håpar at både tilsette og studentar tar eigarskap til huset og ser kva mogelegheiter som finst, seier Hatlevik.  

Bilde frå opninga av Kraftverk, Hanna Gravdal

Intimkonserten med Hanna Gravdal, student ved UiAs Institutt for rytmisk musikk, viste fleksibiliteten som ligg i Kraftverks romløysingar. (Foto: Jørund F. Pedersen)

Bilde frå opninga av Kraftverk

Studentar frå UiAs fagmiljø i elektronisk musikk engasjerte publikum med kunstnarlege og tekniske ferdigheiter i heile Kraftverk under opningsfesten. (Foto: J. Føreland Pedersen.)