0
Hopp til hovedinnhold

– Må tenkje nytt rundt kulturell bistand

Kulturelle prosjekt innan bistand møter i dag same skjemavelde og resultatkrav som bistand innan vegbygging og fiskeri. Ei ny doktorgradsavhandling presenterer nytt rammeverk tilpassa musikk og kulturprosjekt.

Solveig Korum disputerer 29. juni 2021 med avhandlinga «Music in international development: The experience of Concerts Norway (2000-2018)»
Solveig Korum disputerer 29. juni 2021 med avhandlinga «Music in international development: The experience of Concerts Norway (2000-2018)»

Solveig Korum er stipendiat på Institutt for rytmisk musikk. Ho disputerer med avhandlinga «Music in international development: The experience of Concerts Norway (2000-2018)» .

I doktorgradsprosjektet har Korum forska på musikkens verdi i bistandsprosjekt. Erfaringane ho har gjort, er basert på Rikskonsertane sitt internasjonale arbeid, og syner at desse prosjekta styrka kulturell infrastruktur og kompetanse i bistandsland. Bistanden støtta musikkopplæring og overføring av kunstnarlege og tekniske ferdigheiter, og dokumentasjon og bevaring av immateriell kulturarv.

Korum trekkjer fram at fleire viktige aspekt med desse prosjekta sjeldan er synlege i dei resultatbaserte rammeverka som nyttast i dag.

– Kulturarbeid er ein langsiktig prosess. Arbeid med musikk på tvers av landegrenser har sprengkraft til å skape endring, både hos individ og i samfunn. Investering av bistandskroner på kulturfeltet har stor verdi, men det er vanskeleg å tallfeste, seier Korum.

 Kultur har fått ein meir instrumentell rolle

Korum jobba som prosjektleiar for Rikskonsertane og har sett på deira aktiviteter frå 2000-2018 med særleg fokus på India, Palestina og Sri Lanka. I byrjinga var konsertane prega av  gjensidig respekt og det å bli kjent med kvarandres kulturar.

– Då Høgre overtok regjeringa i 2013 skjedde det endringar. Statsbudsjettet sin pott til kulturbistand blei redusert frå 128 millioner i 2009 til rundt 100 millioner i 2020 og kultur fekk ei meir instrumentell rolle, seier Korum. Alt skulle kunne målast!

I følgje ei stortingsmelding frå 2013 skulle stønaden ha målbar effekt i bistandsland, og norske aktørar fekk reduserte midlar til å drifte kultursamarbeid med partnarar i Sør.

– Systemet er veldig resultatbasert. Rikskonsertane nytta same type skjema for rapportering på kulturelle prosjekt som eit prosjekt for vegbygging. Det er ikkje tilpassa kultur og musikk-feltet, seier Korum.

Ho meiner det er viktig å ta utgangspunkt i ei lokal forståing av verkelegheita og lokale behov, og ikkje minst: I lokale musikkformer og funksjonen den har i desse samfunna. 

 – I staden for å kome utanfrå og seie at ein skal drive eit prosjekt for fred og forsoning, må ein heller stille spørsmål om kva slags forandring partnarane ønskjer og kvifor musikk er eit nyttig verktøy for å oppnå denne forandringa. Ein må kartlegge kva slags plass musikken har i lokalsamfunnet og bruke lokale aktørar før sjølve programmet byrjar, seier Korum.

 Utvikla eige rammeverk

Ut ifrå desse observasjonane har Korum utvikla eit eige rammeverk som skal sikre dialog med mottakar gjennom heile det kulturelle bistandsprosjektet og samstundes syne effekten.

– Rammeverket er bygd opp av tre delar. Den fyrste inneheld eit sett med knaggar ein kan gå gjennom når ein skal setje i gang og drive slike prosjekt, seier Korum.

Del to av rammeverket omhandlar sjølve prosessen.

– I slike prosjekt må ein evaluere på sjølvreflektert vis heile tida. Det nyttar ikkje berre å tenkje gjennom det først. Ein må sjå på maktstrukturar og om ein har ei delt forståing av prosjektet. Vidare må ein sjå på om alle sine stemmer slepp til, og om dei ser for seg ei ny verd. Eller gjer dei berre det dei blir fortalt?

Del tre i rammeverket omhandlar arv. Dersom ein berre tenkjer «resultat» og ikkje gjer rom for at desse prosessane kan utfalde seg så mister ein arven frå prosjekta som ein potensielt kunne fått.

–Her er det viktig å stille spørsmåla: Korleis forandrar dette måten vi lever på? Har det ført til forandring på eit personleg nivå? Nye relasjonar gjennom møter i prosjekta har vist seg særskilt viktige. Kunstnarar som har blitt kobla saman i prosjekt har helde kontakten seg i mellom. Det betyr mykje for kunstnarar i det globale Sør å ha kanalar ut i en svært pressa kontekst, seier Korum.

Ho understrekar at rammeverket skal hjelpe til med å bryte ned hierarki og skape ei forståing av at vi er ein del av ei integrert verd. I denne verda finst mange ulike musikkformer, syn på kunnskap og måtar å leve livet på, men vi har òg mange felles trekk og utfordringar vi må løyse.

– Rammeverket, der musikken nyttast som eit verktøy for utvikling og utjamning av sosial ulikskap må gjentakast heile tida. Dette er eit kontinuerleg arbeid vi aldri blir ferdige med. På musikkspråket seier ein «Da capo al fine». I mitt rammeverk har eg skreve dette om til «Da capo [never] fine», seier Korum.

 Stadig aktuelt tema

Sjølv om Korum si avhandling ser på historikken frå 2000-2018, så er temaet svært aktuelt den dag i dag. Debatten har blussa opp no mellom anna i Ny tid og Vårt Land.

–Rammeverket er òg aktuelt i forhold til FN sine bærekraftmål. Kultur er eit verktøy for å nå nesten alle måla. Det ligg kunnskap og praksis som hjelp til med å nå bærekraftmåla. Vi må ta eit kollektivt løft, ein er ikkje sterkare enn det svakaste ledd. Det gir ei føring i korleis ein kan rigge tankar og handlingar for å nå bærekraftmåla, seier Korum.

Ho meiner Noreg kan lære mykje frå ikkje-vestlege land i dette arbeidet.

– Forlauparen til bærekraftmåla var tusenårsmåla. I både India, Palestina og Sri Lanka har dei arbeidd svært mykje med tusenårsmåla som primært var retta mot ikkje-vestlege land. Så dei har erfaring med å integrere offentleg sektor, privat sektor, kulturliv og sjå heilskapen på andre måtar enn det vi har i Noreg. Till dømes i Palestina har dei ikkje berre musikk som eit fag i skulen, men dei har dykka ned i korleis musikk kan fungere som eit verktøy for bærekraftig utvikling og andre skulefag. Dette kan vi lære mykje av i Noreg, seier Korum.

 Fyrste offentlege ph.d.

Doktorgradsarbeidet er finansiert gjennom (NFR) Norges forskningsråds OFFPHD-program (Offentleg sektor ph.d.), der NFR og Kulturtanken har finansiert 50/50 av kandidaten sine kostnadar. Korum si avhandling er den første offentlege ph.d. på musikk for UiA.