0
Hopp til hovedinnhold

Den Rytmiske Stemma

Det demokratiske og sårbare instrumentet. Kva er det som utgjer augeblikket der håra på armane reiser seg og tårene triller? Alumni Vilde Skjerdal skriv frå musikkonferansen "Den Rytmiske Stemmen" arrangert av Forskningsgruppen for utøvende rytmisk musikk. 

Bilde fra opptreden
Foto: Askil Holm

Tekst: Vilde Skjerdal

I det nedste hjørnet av Kvadraturen, med utsyn mot den frodige Odderøya, ligg Teateret i Kristiansand, og såleis også staden for dagens konferanse. 

Eg betraktar det enorme veggrelieffet av Henrik Finne på Teaterets som pregar fasaden, i det eg trekkjer meg inn frå den lunkne haustdagen. Vel innanfor, etter å ha fått ein kaffikopp i handa, blir vegen vist ned til Biscena. Etter ein liten halvtime med roleg sosialisering stig dirigent og programansvarleg for forskarutdanninga Kunst i Kontekst, Anne Haugland Balsnes, opp på scena.

Kvinna som står framføre oss er stødig og elegant i si framtoning, og eg kan vêre at ho er dyktig i rolla som dirigent. Balsnes opnar med refleksjonar omkring stemma som eit særleg demokratisk og sårbart instrument. Dette, ettersom stemma er det instrumentet som aller flest har tilgang til, men også det einaste instrument som er fullstendig integrert i menneskekroppen. Dermed blir ho også ein sterk identitetsmarkør. Kommentar vi får på stemma kan derfor opplevast som kommentar på mennesket bak.

Frå Balsnes si tonegjevande opning, bevegar vi oss vidare til leiar for forskingsgruppa i utøvande rytmisk musikk, Rolf Kristensen, som presist leier oss gjennom programmet for dagen. Som det første vi skal lytte til, inviterer han vokalist Benedikte Cecilie Gjertsen opp på scena. Vi blir serverte varm og behageleg  haustjazz, då masterstudenten ved Institutt for Rytmisk Musikk framfører sin versjon av Gregory Porters No Love Dying, galant akkompagnert av pianist Harsha Jerome.

Sesjon 1: Vurdering og framføring

Etter ein mjuk start i pedagogens ånd, blir den første faglege samtalen sett i gang. Her møter vi vokalist og studieprogramleiar for BA i utøvande musikk Hilde Norbakken som, i dialog med vokalist og key-note Knut Anders Sørum, sit med rolla som moderator i dagens første sesjon: vurdering og framføring.

Norbakken vender seg mot Sørum og spør: «Kva vurderer du som ei god framføring? Kva rører deg?

Den Rytmiske Stemma

Foto: Askil Holm

I Sørums svar blir vi presenterte for to hovudomgrep som skal følgje oss resten av dagen: teknikk og formidling. For det er først når noko er teknisk briljant eller når nokon klarer å formidle ei historie, at det treffer Sørum. Og dei aller mest rørande framføringane er dei der begge parameter er tilstade – som til dømes hjå Aretha Franklin og Ella Fitzgerald.

Med vemod minnast Norbakken ei forelesing av tidlegare professor II ved UiA, Anne Grete Preus, der ho trakk fram Sørums fortolking av Prøysens Trassvisa som eit døme på god formidling.

«Ho snakka om store ordkunstnarar, om at vi alle står på skuldrene til nokon, og at vi fortel ei historie prega av dei som har gått føre oss.»

Norbakken skildrar Preus sine ord om Sørums fortolkingsevne, og Sørum sjølv fortel om det halve året han brukte på å lage versjonen.

«Ja, det var ikkje så farleg om det var surt (…) – det skulle berre være formidling», seier Sørum. «Og den låta der, den vart så emosjonelt kraftig for eg at eg (nesten) ikkje klarte å gjennomføre.»

«Og eg tenker, det er ikkje tilfeldig at Anne Grete valgte den da», avsluttar Norbakken.

Sjølv om 20 minutt er lite tid for store tankar, fungerer det godt som ei innleiing til panelet, som sluttar seg til Sørum og Norbakken på scena. Her møter vi vokalist og vokalpedagog bak podkasten Vokal til folket Mari Klingen; musikk- og TV-produsent Javed Kurd; artist og vokalpedagog Geirmund Hansen; og artist og NOPA styremedlem Samsaya.

Den Rytmiske Stemma

Foto: Askil Holm

Med karismatisk nærvær ber Norbakken panelet om å dele ein vokalprestasjon frå TV-skjermen som i særleg stor grad har rørt dei. Opplevingar blir utveksla, og vi sit att med litt fleire omgrep som kan hjelpe oss med å teikne opp eit tydelegare bilete av kva dette ‘rørande’ er, og korleis det førekjem. Hansen nemner grunnteknikk. Samsaya nemner nærvær. Og igjen kjem omgrepa teknikk og formidling på bana.

På scenegolvet ligg eit vakkert orientalsk teppe ikledd ornamenterte medaljongmønster. Ornamentet blir eit fint symbol for den tekniske briljansen som samtalen bølgande vender tilbake til. 

Sesjon 2: Stemma i produksjon

Etter ein lunsjpause med rom for refleksjon, vender vi tilbake til andre sesjon. Også denne blir innleidd av musikk, og eg når å tenke at eg skulle ønske dette var den faste konferanse-malen. Den levande musikken gir meg same kjensla som lukta av aromatiske kaffibønner midtvegs i jakta på å finne ein ny parfyme.  

Det er BA-student Gard Songstad Hella som står på scena, akkompagnert av pianist Magnus Berdal Holm. Etter innslaget trer key-note Javed Kurd og vokalist, universitetslektor og moderator Kari Iveland opp på scena. Som musikkprodusent for TV gjennom mange år, sit Kurd på eit vell av erfaring og bransjekunnskap.

Harmonerande med Balsnes’ innleiande ord om stemma som identitetsmarkør, fortel han om suksessen bak program som The Voice og Maskorama som nettopp ligg i den skjulte stemma. I motsetnad til eit klaver eller ei harpe, er stemma utilgjengeleg for vår visuelle sanseevne – utanfor rekkevidde. I TV-konsepta, isolerer ein stemma frå mennesket, og det er det som vekker interesse i publikum.

Urstemma og det musikalske morsmålet

Panelet som fordeler seg i ein halvsirkel ut i frå Kurd og Iveland sitt sentrum, er musikar, førsteamunuensis og PhD. Anneli Drecker; musikar, stipendiat og studieprogramledar for elektronisk musikk Andreas Waaler Røshol; vokalist og vokalpedagog bak podkasten Vokal til folket Carina Frantzen, og Samsaya.

 «Om du tenker på ei stemme som har gjort inntrykk på deg, der du ikkje såg kroppen eller tenkte så mykje på identiteten – er det mogleg å skildre kvifor den ga inntrykk?»

Røshol fortel om Mac Miller, som gjennom sin Tiny Desk konsert leverte eit sett med enorm rytmisk presisjon, men som ikkje alltid er i pitch. Og nettopp på grunn av dette, treff det ei nerve. Frantzen fortel om Björk, og hennar unike, rå uttrykk.

Samsaya grip ordet og skildrar La Loba, ulvekvinna, sin song i lydboka Women Who Run With The Wolves. Medan Samsaya fortel, vandrar mine tankar mot Chavela Vargas si tolking av klagesongen La Llorona. Felles for alle er den rå, ufiltrerte stemma frå djupet av menneskeleg emosjon – urstemma.

«Ein skal ikkje vera redd for det stygge i ein sjølve», seier Samsaya. «Det er noko i det uslipte som er så vakkert.»

Ordvekslinga i panelet flyt vidare til tilbakemeldingar artistane sjølve har fått om kva som har gjort inntrykk på andre. Samsaya, som er fødd i India, fortel om at ho alltid har betrakta norsk som sitt primære språk. Då ho byrja å eksperimentere med hindi opplevde ho likevel ein større flyt i det rytmiske og melodiske. Og det var på mange måtar ho forstod kva morsmål er. For sjølv om det semantiske innhaldet ikkje nødvendigvis er korrekt når ho musiserer på hindi, så opnar det opp eit rom i henne der ho er i musikalsk flyt.

Sesjon 3: Stemma som kompositorisk verktøy – top-liner og singer-songwriter.

Tredje sesjon opnar med Jenny Ayunda, og hennar tolking av I Can’t Breathe – H.E.R. Ayunda blir akkompagnert av gitarist Isak Torgersen, og enno ein gong blir stemma som kommunikativt instrument manifestert.

Den Rytmiske Stemma

Foto: Askil Holm

Opp på scena trer key-note Anneli Drecker, og vokalist, førsteamanuensis og moderator Torun Eriksen. Eriksens introduksjon av Drecker osar av anerkjenning og respekt. Som i dei to føregåande sesjonane, stiller  Eriksen spørsmålsteikn ved når ein blir bergteken av vokal. Med krystallklare auge skildrar Drecker kjensla av essens. Drecker fortel om augeblikk der ein mister litt fotfestet, og hevdar at det er der magien ligg – der noko anna tek over.

«Dei finaste augeblikka eg har hatt som komponist …(er dei) … der eg ikkje har kalkulert ting i hovudet. Eller…eg har berre vore utruleg til stades.»

Dagens tredje og siste panel blir ønska velkommen av Eriksen, og opp kjem dei tidlegare introduserte panelistane Carina Frantzen, Mari Klingen, Andreas Røshol og Knut Anders Sørum.

I samtalen som følgjer dreg Drecker linjer tilbake til førre sesjon og Samsayas skildring av musikalsk morsmål. Vi kjem alle frå den same familien. Vi har lag på lag i oss av historie. Forfedre som har vore både mongolarar, indarar og afrikanarar.

«Alle, har vi nokon langt tilbake i slekta som har halde på med kauking.» seier Drecker.

Det bur i cellene våre. I kroppen vår. Og plutselig kan vi finne fram til nokre rom som eksisterer i oss.

Urstemme, essens og tiltrekkingskraft

Det er tydeleg at dagens samtalar og paneldebattar kunne trekt ut i dei mørke nattetimane. For i salen sit menneske som har den rytmiske stemma til felles – noko som dannar rammene for det inklusive og samtalande rommet.

Så kva er det som utgjer det rørande augeblikket der håra på armane reiser seg og tårene triller? Sjølv om spørsmålet har blitt stilt på ulike måtar gjennom dagen, har det også fått lov til å bli hengande – der – i lufta. For sjølv om det finnast akademiske verk og fysiologiske forklaringar, kan det verke som at vi alle ønsker å halde liv i mystikken. Og det synest eg er fint. For det er jo i det musikkens tiltrekkingskraft ligg: det sanselege, mystiske og litt romantiske som utgjer musikken som eit så sterkt kommunikasjonsmiddel.

Og eg skulle gjerne ha blitt sitjande lenger. Men det er også fint at det sluttar på eit tidspunkt der spørsmåla er usvara og mystikken enno er intakt. Nettopp dette synast også vakkert illustrert gjennom Prøysens velvalde ord i Spelldåsen. For i jakta på svar om kva essensen er, får Prøysen uttrykt det, som nok også ligg i mykje av vår eiga drivkraft til å halde på med musikk:

 «(…)

Je ville sjå å som laga låta

så spellmann spelte og fela let     

je tok ei hårnål og pirke borti     

så verket hoppe og fjæra sprang.

(…)

Rør æller verket som lagar låta, 

nei, slike ting har vi ittno mæ.

Men er du stille og følger takta,           

så har du tona i ny og ne»