0
Hopp til hovedinnhold

Oppstartsseminar med Claimed Pasts

Fredag 16. september inviterte forskingsgruppa Claimed Pasts til seminaret (Post-)Colonial Knowledge: Histories and Heritage på UiA. Nye masterstudentar, stipendiatar og postdoks presenterte sine prosjekt for gruppa og eksterne ekspertar.

Oppstartsseminar for forskergruppen Claimed Pasts
Claimed Pasts: Critical Knowledge and Heritage Production

Forskargruppa Claimed Pasts: Critical Knowledge and Heritage Production samlar forskarar frå historie, arkeologi, lingvistikk, religionsvitskap, med meir, og kunne denne fredagen ønske fleire nye medlemmar velkomen.

Masterstudentane Trond K. Høgsaas og Gunhild Tveiten presenterte sine prosjekt, om høvesvis strida mellom Danmark og Noreg om historiske gjenstandar og om etiske prinsipp knytt til menneskelege leivningar i vestlege museumssamlingar. «Seminaret var spennande og svært lærerikt», seier Tveiten i etterkant. «Det er veldig gøy å lære gjennom møte med forskargruppa.» 

Masterstudenten Gunhild Tveiten

Masterstudenten Gunhild Tveiten

Ho fekk verdifull tilbakemelding særleg frå gjestane frå Oslo på prosjektet som skal drøfte repatriering og Māori-perspektiv knytt til menneskelege leivningar i De schreinerske samlinger i Oslo og repatrieringsprogrammet Karanga Aotearoa til Te Papa Tongarewa, det new zealandske nasjonalmuseet. Høgsaas samla innspel til sitt arbeid med offentlege diskusjonar og medieomtalar av tilbakeføringskrav mellom Noreg og Danmark, og då særleg den kjende Codex Hardenbergianus.

Nye kollegaer

Med var også nyslått stipendiat Diego A. Salazar. Dei neste tre åra skal han forske på politisk mobilisering og transnasjonale nettverk blant etniske minoritetar i Noreg og Norden. Monica Grini starta også nyleg som postdok, med eit prosjekt tilknytt Claimed Pasts. Grini er kunsthistorikar og kjem frå ei førstelektorstilling ved Universitetet i Tromsø for å arbeide med samisk kunst og kulturgjenstandar i norsk og internasjonal akademia og museum, i lys av postkoloniale perspektiv og kritisk teori.

I seminaret presenterte Grini eitt av kasusa hennar, den såkalla Anders Poulsens tromme som tidlegare i år vart ført tilbake til De samiske samlinger i Karasjok frå det danske nasjonalmuseet. Grini skal følgje tromma si reise mellom ulike samlingar og kunnskapsinstitusjonar, og kartleggje korleis den har vorte tolka og brukt til å konstruere kunnskap om og bilete av samisk kultur og folk. 

Monica Grini presenterer forskningsprosjekt

Monica Grini presenterer forskningsprosjekt

«Diego A. Salazar og Monica Grini er fantastiske tilskot til forskinga her ved instituttet og til gruppa» seier leiar for Claimed Pasts, Christa Wirth. «Grini sitt arbeid med samiske kulturgjenstandar og deira bruk i koloniale kunnskapssystem vil tilføre sårt tiltrengt kunnskap og kompetanse både her ved UiA og for heile landet, og Salazar tek i sitt prosjekt opp eit tema som fram til no har fått lite merksemd i norsk historieskriving.»

Viktig og verdifullt

Med for dagen var også vitskapshistorikar Ageliki Lefkaditou frå Universitetet i Oslo og historikarar Daniel Maul, også frå UiO, og Thomas Lindtner frå Universitetet i Rostock. Deira rolle var å førebu tilbakemeldingar på framlegga og delta i diskusjonen som følgde med innspel og innsikt.

«Dette er eit viktig høve for oss til å invitere inn kompetanse me ikkje har sjølve på instituttet», seier Christoph Kalter, medlem av Claimed Pasts og arrangør av seminaret. «Gjestene frå Oslo og Tyskland har andre bakgrunnar og ekspertise, og deira bidrag hjelper oss å løfte forskinga vår.»

Kalter er også særskilt nøgd med at seminaret samla heile spekteret frå masterstudentar til professorar. «Det skjer mykje viktig læring i slik møte mellom ulike generasjonar i akademia, og der studentar får høve til å møte erfaring og kjennskap kan professorar møte nye perspektiv og ukjende tema.»

 

Tekst: Nils H. Korsvoll  /  Foto: Josephine Munch Rasmussen