Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Magi og medisin i seinantikken

Fakultet for humaniora og pedagogikk var førre veke medarrangør for ein internasjonal konferanse om ulike kunnskapstaksonomiar og førestillingar om helse og læking omkring Middelhavet for nesten to tusen år sidan.

Konferansedeltakere
Konferansedeltakere tilknyttet prosjektet “Healing, belief and placebo: Medical and religious plurality in late antiquity”,

Der er rett nok ikkje spor etter vaksineskeptikarar*, men elles syner kjeldene at det var eit stort mangfald når det kom til forklaringar på sjukdom, og ikkje minst læking, i antikken. Dei tjue forskarane som sist veke samla seg ved Central European University i Budapest presenterte og drøfta alt frå mark og luftinfeksjonar til demonar og guddommeleg straffedom.

Heidi Marx

- Konferansen samla ekspertar på ulike lækingstradisjonar frå det austlege Middelhavet, inkludert magisk eller rituell læking, for å utforske korleis lækjarar og pasientane deira forstod og haldt seg til sjukdom, seier Nils H. Korsvoll (UiA).

- Me ser at folk hadde eit stort utval forklaringsmodellar når det kom til sjukdom, og store rom for ulike diagnosar og sjølvdiagnosering ikkje ulikt bruken av «dokter google» i dag.

 

Kosmologi og balanse

Første keynote var professor Heidi Marx frå Universitetet i Manitoba i Kanada, som teikna opp dei store linjene for tidleg hippokratisk medisin. Ho synte korleis forståinga av medisin og helse var tett knytt opp til forståinga av verda som ein større kosmos der balanse og harmoni mellom dei ulike delane var viktig. Sjukdom kom når det var ubalanse i systemet.

Eit anna viktig bidrag kom frå professor Veronique Dasen, ved Universitetet i Fribourg i Sveits, som gjekk gjennom korleis edelsteinar gjerne hadde lækjande eigenskapar i seg sjølve, men at desse også kunne bli forsterka ved å risse inn både tekst og bilete på steinen.

 

Samarbeid med UiO

Konferansen er ein del av prosjektet “Healing, belief and placebo: Medical and religious plurality in late antiquity”, som Nils H. Korsvoll har med Ágnes T. Mihálykó (UiO/Universitetet i Wien), og var delvis finansiert med midlar frå Fakultet for humaniora og pedagogikk.

 

* Heng truleg saman med at vaksiner ikkje var oppfunne enda.

 

Bilete 2: Heidi Marx (University of Manitoba).

Bilete 3: Antikke edelsteinar med lækjande symbolikk.

 

 

Tekst og bilete: Nils H. Korsvoll