Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold
Ahmet Gurata
Ahmet Gurata

Den tyrkiske akademikaren signerte ein kampanje for fred. No jobbar han på UiA gjennom «Scholars at Risk».

Ytringsfridom, pressefridom og autonomi er ikkje del av kvardagen til alle akademikarar i verda. Kvardagen til Ahmet Gurata frå Tyrkia vart brått endra då han signerte ein kampanje for fred i 2016.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ahmet Gurata er frå Ankara, og jobbar no på UiA gjennom nettverket Scholars at Risk (SAR). Det er eit internasjonalt nettverk av institusjonar og individ som jobbar for å verne akademikarar og å promotere akademisk fridom.

– Tyrkia har endra seg dramatisk. Det har alltid vore nokre problem med demokrati, men situasjonen har vorte verre dei fire siste åra. Det er ikkje lenger pressefridom, ikkje lenger ytringsfridom. Alt av sivile rettar er veldig avgrensa. Og pressefridom og ytringsfridom er ein viktig del av akademia. Det er ein del av jobben vår å tenkje kritisk og å kritisere kvardagsliv og politikk. Å vere objektiv og ikkje vende det blinde auget til, seier han.

«Academics for Peace»

Sjølv har Gurata ein doktorgrad i kulturstudiar og humaniora. Han har jobba på Bilkent University i ti år heime i Ankara. Men for fire år sida starta kvardagen å endre seg, då Tyrkia sakte, men sikkert vart meir og meir totalitært.

– Fridommen til å snakke og uttrykkje seg har vorte eit problem, og då spesielt i akademia. Det første me lærer på universitetet er å stille spørsmål ved kjente fakta. No er det risikabelt dersom du tenkjer kritisk, og då spesielt dersom du er ein offentleg intellektuell person, seier Gurata, og legg til at nokre forskarar, til dømes dei som studerer religion eller etnisitet, er under meir press.

I januar 2016 signerte Gurata underskriftskampanjen «Academics for Peace» saman med meir enn 2000 andre akademikarar frå landet. Namnet på kampanjen er «We will not be a party to this crime», og dei søkjer der ei løysing på den militære konflikten mellom den tyrkiske staten og det kurdiske arbeidarpartiet (PKK). I kampanjen blir regjeringa blant anna skulda for planlagt massakre og for å deportere folk.

– Ein føler seg ansvarleg og håplaus. Det har vore borgarkrig aust i Tyrkia sidan midten av 1980-talet. Tidleg på 2013-talet starta regjeringa ein prosess for fred, og me vart optimistiske. Men i 2015 stoppa alt brått opp, valden auka, bomber vart sleppte og sivile vart drepne, seier han.

Men underskriftskampanjen fekk store konsekvensar for akademikarane. Rundt 500 mista jobbane sine på universitetet, og regjeringa tok passet frå fleire. No er staten i gong med ei rekke rettsaker mot dei som har signert, men kvar sak fokuserer på eitt individ. Dersom dei blir dømt som skuldige, kan dei ende i fengsel i opptil sju og eit halvt år. Akademikarane er tiltalt for «making propaganda for a terrorist organization» gjennom artikkel 7/2 i Tyrkia sin anti-terror plan, skriv the Guardian.

– Regjeringa reagerte sterkt på kampanjen. Det er årsaka til at mange av oss forsøkte å komme oss ut av landet gjennom stillingar utanfor Tyrkia. Men min eigen situasjon er førebels ikkje så risikabel som for mange av kollegaene mine, fordi eg ikkje har vorte kalla inn til retten endå, seier Gurata.

Veit ikkje kva framtida byr på

Gjennom SAR kan Gurata no forsette forskinga si og jobbe som gjesteforskar og -førelesar ved Institutt for nordisk og mediefag på UiA. Han skal bli på UiA i eitt år, men veit ikkje kva den næraste framtida byr på vidare etter det. Sjølv trur han ikkje at situasjonen heime er betre om berre eitt år.

– Me veit ikkje når den individuelle rettssaka vår kjem, men me er ganske sikre på at ho kjem til slutt. Akkurat no har eg moglegheita til å reise. Dei har ikkje teke passet mitt. Moglegheitene mine avheng av kva som skjer i retten. Og på når, og om, universiteta i Tyrkia fungerer som dei skal igjen, seier han, og sikter til ytringsfridommen.

Gurata føler han får støtte frå UiA, og håper at han kan yta og lære mykje i løpet av året han skal jobbe her.

– Dette er eit veldig ungt universitet. Det kan vere ein fordel. Eldre institusjonar er ikkje alltid like fleksible. Her føler eg at det er rom for nye idear, smiler han.

Gjev meirverdi

Fleire og fleire akademikarar frå andre land søkjer no om vern gjennom SAR. Krigen i Syria og den politiske situasjonen i Tyrkia har blant anna ført til rekordsøknad frå desse landa. Den norske seksjonen av Scholars at Risk (SAR-Norge) vart grunnlagt i 2011, og UiA har no formannskapet der.

– UiA meldte seg inn etter påverknad frå studentane. Me ser at det er viktigare enn nokon gong å verna og promotere akademisk fridom og autonomi, og også global solidaritet med akademikarar som lever under andre vilkår enn oss. Samtidig gjev det meirverdi å vere del av eit stort internasjonalt nettverk, seier Karen-Lise Scheie Knudsen frå UiA, som sit som leiar i SAR-Norge.

UiA tok imot sin første gjesteforskar frå Syria i 2012. I 2018 fekk universitetet utvida budsjettet sitt til å ta imot to gjester samstundes. Gurata er på UiA samstundes som Eqbal Mohammed Abdu Dauqan frå Yemen. Dauqan jobbar på Institutt for folkehelse, idrett og ernæring.

Knudsen seier at SAR forsøker å følgje opp dei som er på UiA gjennom SAR når opphaldet er ferdig. Nokre av dei reiser tilbake til heimlandet dersom situasjonen har endra eller roa seg, nokre få blir i landet, og mange reiser vidare til ein anna institusjon i nettverket.

Tekst og foto: Kamilla Rudberg