0
Hopp til hovedinnhold

– Knyter tettare band til praksisfeltet

Norsk nettverk for utdanning og forsking innan helsefremming møttest på UiA. Dei fekk presentert ny forsking, nye satsingar og viktigast av alt; utveksle erfaringar.

Biletet viser medlemmene av Norsk nettverk for utdanning og forsking innan helsefremming.
Nettverket møtest to gonger i året for å dele kunnskap og erfaringar.

– Desse møta blir arrangerte to gonger i året, og medlemmene vekslar på å halda dei. No var det UiAs tur, og me er glade for at så mange har teke turen hit, seier professor Ruth Kjærsti Raanaas, som er nestleiar for nettverket.

Nettverket består av forskarar, forelesarar og tilsette i ulike institusjonar som tilbyr utdanning innen folkehelse eller helsefremmande arbeid. Nettverksmøta er ein arena for å orientera om nye utviklingar, utveksla erfaringar og styrkja samarbeid på feltet.

Mange like utfordringar

– Samlingane er eit resultat av eit behov mange av oss kjende på. Folkehelse blir jobba med litt kvar for seg rundt om i Noreg, og me kjende at me kunne få mykje ut av å samlast. Det knyter tettare band innan akademia og frå akademia til praksisfeltet, seier Raanaas.

– Me som jobbar med dette har ofte mange av dei same utfordringane, men ser dei frå kvart vårt perspektiv. Me har mykje å læra av å snakka med kvarandre, og det er godt å bli utfordra og få nye innspel, seier Tormod Bjørkkjær, studieprogramleiar for bachelor i folkehelsearbeid ved UiA.

Fleire presentasjonar

Nettverkssamlingene går frå lunsj til lunsj, og under samlinga vart det halde presentasjonar frå blant anna Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Sunne kommunar, Folkehelseforeningen og to forskingsprosjekt. Det vart også orientert om arbeidet med den nye Folkehelsemeldingen.

– Målet for samlingane er å bli inspirerte, og å utveksla informasjon. Det er utruleg nyttig for oss som jobbar med folkehelse å kunna snakka med alle i feltet, og å ha eit nettverk å spela på, seier professor og studieprogramleiar Frøydis Nordgård Vik ved Institutt for ernæring og folkehelse ved UiA.

Ho presenterte sjølv forskingsprosjektet «Matnyttig» saman med Nina Øverby, som tek sikte på å betra kosthald og ernæring tidleg i livet. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd.