0
Hopp til hovedinnhold

Vinnarar i GDPR-quizen

Grete B. Starheim vann hovudpremien i GDPR-quizen – ein boksjekk på 500 kroner i SiA Bok.

Sikkerhetsuke-4 - Vern-om-kollegers privatliv - illustrasjon.

- Eg veit akkurat kva bok eg vil ha, seier ho nøgd.

I tillegg blei Vigdis Dikkanen, Line Hauge, Jørgen Sørlid Engh og Cathrine Mjåland heldige vinnarar av kvar sin powerbank.

Quizen kan du forresten ta framleis. Sjølv om du ikkje kan vinne noko, gir quiz-runden eit godt startpunkt for å evaluere eigen kompetanse på det nye personvernregelverket - GDPR (General Data Protection Regulation). GDPR blei norsk lov frå i sommar.

Ta quizen og les meir om GDPR: Da kan du ikkje minst finne ut kva for rettar du har etter den nye personvernlova. Innsamling av big data om deg er mykje meir omfattande enn du trur. Mange du ikkje skulle tru at var interessert, samlar iherdig data om deg.

Sjå òg på nettsidene til Datatilsynet: Der finn du gode poeng presentert kortfatta, og du kan lese kva for rettar du har overfor dei som samlar inn data om deg.

Vi gratulerer vinnarane.

Send studiet på mail