Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Vil vite meir om seksuell trakassering av sjukepleiarstudentar

Kvar tredje sjukepleiar under 30 år vert seksuelt trakassert på jobben minst ein gong i året. No skal ein sjå nærare på kva dei enda yngre sjukepleiarstudentane opplever når dei er i praksisopphald i helse-Noreg.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjonsfoto av sykepleierstudenter
I PRAKSIS: Ei kartlegging skal sjå på om og kor mykje sjukepleiarstudentar vert seksuelt trakassert når dei er i praksisopphald i sjukehus og i helsevesenet. (Ill. foto)

Det er klart etter at Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Nettverk for kjønnsforsking ved Universitetet i Stavanger og Institutt for samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet har fått 200.000 kroner frå Universitets- og Høgskolenettet på Vestlandet (UH-nett Vest) for å sjå nærare på nettopp seksuell trakassering blant studentar ute i obligatorisk praksis i helse- og omsorgssektoren. Undersøkinga skal gjennomførast våren 2019.

Åsta Lovise Håverstad Einstabland, foto

Åsta Lovise Håverstad Einstabland

– Vi veit at omfanget av seksuell trakassering i Noreg er høgare innanfor enkelte yrke, der tilsette i helse- og omsorgssektoren er særs utsett. Til dømes har 18% av dei tilsette i helsevesenet opplevd seksuell trakassering dei siste tre åra. Vi veit også at det er dei yngste som er mest utsett. Men vi veit ikkje korleis det er for sjukepleiarstudentar og andre helsestudentar når dei er ute i praksis. Det er det vi vil finne ut av no, seier Åsta Lovise Håverstad Einstabland ved UiA sitt senter for likestilling. Ho er den som har ført søknaden til UH-nett Vest i pennen.

Pasientar og brukarar

Undersøkingar utført av Fafo og Norsk sjukepleiarforbund dei siste to åra syner at det fyrst og fremst er pasientar og brukarar av helse- og sosialtenester som utfører verbal, ikkje-verbal og fysisk seksuell trakassering, men at også kollegaer og leiarar er utøvarar. Undersøkingane syner også at om ein tar med uønskt seksuell merksemd, stig talet på sjukepleiarar som har rapportert å ha opplevd dette på jobben til nær halvparten.

Dei same studia finn også at svært få sjukepleiarar og andre helsearbeidarar fortel om trakassering. Dei tre gjengse forklaringane for at dei ikkje rapporterer er at "sjukepleiarane ikkje trudde seksuell trakassering var noko å rapportere", "pasienten kunne ikkje haldast ansvarleg for sine gjerningar" og "dei har akseptert seksuell trakassering som ein del av risikoen for å arbeide med enkelte pasientgrupper. "

Er avhengige av ein god praksisperiode

I løpet av våren 2019 går fleire tusen  sjukepleiarstudentar og andre helsestudentar ut i praksisperiodar ved sjukehus og sjukeheimar over heile landet.  Alle er heilt avhengige av å gjennomføre og få godkjent praksisperioden sin for å fullføre og bestå utdanninga.

– Det gjer dei ekstra sårbare. Samstundes gjer det at utdannarane; universitet og høgskular, og praksisplassane; sjukehus og sjukeheimar, har eit ekstra ansvar for at studentane ikkje vert utsette for seksuell trakassering. Undersøkinga vi no skal til med er med på å få fram meir kunnskap om dette temaet i praksisopplæringa, slik at studentane kan få så gode råd som mogleg med seg ut i praksis og seinare i yrkeslivet, seier Åsta Lovise Håverstad Einstabland.

Sosionomstudentar

I undersøkinga er det også med studentar knytt til sosionomstudiet. Dette er også ei yrkesgruppe som er utsett for seksuell trakassering.

– Eg vil også poengtere at gjennom eit nordiske prosjekt knytt til førebygging av seksuell trakassering i helse og sosialsektoren, som vi er med i, finn vi at planar rundt førebygging og kartlegging av risiko er fråverande. Vi har eit ansvar for at våre studentar vert godt tatt vare på også i praksisperioden og at førebyggingstiltak samt rutinar for oppfølging også må vere på plass på praksisplassen, seier Åsta Lovise Håverstad Einstabland.