Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Vil starta grautkafé i Kristiansand

Innvandrerkvinner og masterstudentar i mat og helse møtest over graut på UiA. Saman lærer dei om matlaging, entreprenørskap og kulturar.  

På dette bildet er det to personer som lager mat sammen på Universitetet i Agder.
På UiA putrer grytene med søtgraut frå Sri Lanka til grønnsakspolenta frå Tsjetsjenia. «Kvinner rundt grauten» er eit samskapingsprosjekt mellom UiA og Nav Kristiansand. Foto: Damares Stenbakk

Graut med all verdas smakar putrar i grytene. Saman med innvandrarkvinner lærer studentar ved UiAs mat og helse om grautkultur frå ei rekkje land. Planen er å opna eigen kafé til glede for fleire grautelskarar. 

– Eg brenn verkeleg for faget, og har eit stort ønske om å jobba med mat og helsa i skulen. Ein av grunnane til det er fordi det er for lite kompetanse om faget i dag. Dette er mykje meir enn å berre lika å laga mat.  

Det seier student Thea Bekken (31) medan ho rører i den putrande kjelen. Ho er utdanna lærer og vidareutdannar seg i masterstudiet mat og helse ved UiA.

Saman med Khava Busultanova (38), som er lærling frå Nav, lagar dei ein utradisjonell tsjetsjensk polenta. Bekken lagar grauten frå botnen av medan Busultanova hakker opp sopp, løk og basilikum til den rykande ferske retten.

– Det er fint å møta nye folk og læra av kvarandre. Sjølv lagar eg polenta som liknar meir norsk risgraut, men dette ser veldig godt ut, seier tsjetsjenske Khava Busultanova.

Smil og latter fyller rommet når Khava Busultanova (t.v) og UiA-student Thea Bekken lagar graut saman. Dei lagar ein tsjetsjensk polentagraut. Busultanova skjer opp sopp og løk samtidig gjer Bekken klar grauten med fersk basilikum.

Smil og latter fyller rommet når Khava Busultanova (t.v) og UiA-student Thea Bekken lagar graut saman. Dei lagar ein tsjetsjensk polentagraut. Busultanova skjer opp sopp og løk samtidig gjer Bekken klar grauten med fersk basilikum. Foto: Damares Stenbakk

Det heile er eit tverrfagleg prosjekt mellom Universitetet i Agder og Nav Kristiansand som blir kalla «kvinner rundt grauten»: 

  • Prosjektet skal bygga bru mellom akademia og praksisfeltet. 
  • Masterutdanninga i mat og helse ved UiA skal utfordra studentane i å utvikla ulike grauttypar. 
  • Det gjer dei saman med innvandrarkvinner, som er deltakarar hos «jobbsjansen» i Nav Kristiansand. Rettene representerer kulturen og tradisjonen deira. 
  • På sikt er målet at kvinnene skal etablerte eigen kafé i Kristiansand sentrum. Planen er å få til eit graututsal med smakar frå Øst-Europa til Asia. Her skal kvinnene få opplæring og kunnskap i korleis driva ei bedrift, og få høve til å ta fagbrev. 

Bidreg til norsk arbeidsliv 

– Det er spennande å få vera med studentane, og få nye inntrykk og oppskrifter frå andre land undervegs i prosjektet. Studentane lærer noko av oss og me lærer noko nytt av dei. Eg er her via Nav for lærlingplass, det er god jobbtrening, seier Busultanova som har budd 15 år i Noreg.  

For kvinnene betyr matlaginga saman med studentane eit steg inn i norsk arbeidsliv.  

– Eg opplever at mat er meir enn berre mat. Det er også psykisk helse. Og det å sitja saman og dela erfaringar har ein del å seia for integrering. Derfor tenkte eg det var fint å samarbeida med UiA når ein har så dedikerte studentar, seier ein fornøgd Jørn Kildedal. 

Han er prosjektleiar for «jobbsjansen» i Nav Kristiansand, som hjelper innvandrarkvinner ut i arbeidslivet. Han har late seg inspirera av eit suksessfullt prosjekt i Danmark med same tema som «kvinner rundt grauten». 

– Me ser at det å starta eit prosjekt som dette gjer at kvinnene får språkpraksis, kompetansebevis og jobb. Prosjektet starta først i København og har i dag 17 kafear i Danmark der du får graut med ulikt tilbehøyr med ein fastpris. 

Vigdis Guttormsen er førstelektor ved UiA og Jørn Kildedal er prosjektleiar i Nav Kristiansand. Dei meiner samarbeidet mellom studentane og innvandrarkvinnene er verdifull kompetanse for begge partar.

Vigdis Guttormsen er førstelektor ved UiA og Jørn Kildedal er prosjektleiar i Nav Kristiansand. Dei meiner samarbeidet mellom studentane og innvandrarkvinnene er verdifull kompetanse for begge partar. Foto: Damares Stenbakk

Ønskjer meir kompetanse i skulen 

Som ein del av studiet får studentane verdifulle oppskrifter, og erfaring med interkulturell samhandling og sosialt entreprenørskap. 

– Studentane får førstehandkunnskap når dei er i dialog med kvinnene i prosjektet. Det gir endå større læringsutbytte fordi ein nyttar teorien i praksis gjennom samarbeid, seier Vigdis Guttormsen, førstelektor ved UiAs Institutt for ernæring og folkehelse. 

Ifølge masterstudent Thea Bekken ser ho allereie kor verdifullt faget blir når ho skal undervisa barn og unge: 

– Ofte blir det lyst ut jobbar i norsk, matte og engelsk, medan praktisk-estetiske fag som mat og helse ikkje blir sett på som like viktig. Dette er eit fag mange kan blomstra i, spesielt for elevar som elles ikkje får vist ferdigheitene i eit vanleg klasserom, seier ho. 

Masterstudent Thea Bekken (31) vidareutdanna seg i mat- og helsefag ved UiA.

Masterstudent Thea Bekken (31) vidareutdanna seg i mat- og helsefag ved UiA. Foto: Damares Stenbakk

Som utdanna lærer med lidenskap for matfaget ønskjer Bekken derfor meir kompetanse om mat og helse i skulen. 

Det finst kompetansekrav, men likevel har 40 prosent av dagens ungdomsskulelærarar ikkje nok kompetanse innan matfag. I barneskulen står det verre til, der heile 78 prosent manglar kompetansen. Sjå statistikk her.

– Med kompetanse blir undervisninga særs mykje betre. Mange elevar som kanskje ikkje kan lesa eller forstå til dømes at «ms» er forkorting for «matskei» når dei les ei oppskrift. Mange trur at elevar lærer om mat heime, men det er det ikkje alle som gjer. Sjølv har eg hatt elevar som verken kan skjera ost eller brød, seier Bekken. 

Rusta for matkulturen i framtida 

Sjølv om mat og helse er det minste faget i grunnskulen meiner førstelektor Vigdis Guttormsen at det er eit viktig fag som rustar barn og unge for ei berekraftig framtid. 

– Det handlar om at barn og unge skal ta vare på eigne liv, bli kjend med identiteten og matkulturen til kvarandre, og ta gode matval.  

– Kvifor bør fleire lærarstudentar vidareutdanna seg og ta dette masteremnet? 

– Skulane treng lærarar med praktisk og estetisk kompetanse. Eg trur at mangfaldet til skulen blir endå større om fleire har høgare utdanning også i dei praktiske faga. Folkehelse og livsmeistring, og berekraftig utvikling er viktige tema ein lærer meir om, seier Guttormsen.