Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Vil gi litteraturen til innvandrarar plass i undervisninga

Mange vaksne som får opplæring i norsk har lita erfaring med romansjangeren, men meir erfaring med munnlege tekstar. Det bør speglast i læreplanen, meiner forskar.

Foto fra voksenopplæringssituasjon
– Mange elevar på vaksenopplæringa vil ha teksterfaringar frå litterære tradisjonar som kan vera ukjende i norsk samanheng, seier universitetslektor Lene Anundsen. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

– Romanen kan vere ein nokså ukjend sjanger for mange innvandrarar. Mange lærarar veit dette, men det er lett å ta for gitt at den litterære tradisjonen vår er det naturlege utgangspunktet for undervisninga.

Det seier universitetslektor Lene Anundsen ved Universitetet i Agder. Ho har nyleg disputert for ei doktorgrad med tittelen Litteraturundervisning og litterære tekstpraksisar i grunnskuletilbod for vaksne innvandrarar.

Poesi på YouTube

Foto av Lene Anundsen

Universitetslektor Lene Anundsen ved Institutt for nordisk og mediefag på UiA.

Under arbeidet følgde ho tre grunnskuleklassar der elevane er vaksne innvandrarar med bakgrunn frå blant anna Syria, Eritrea og Somalia. Dei fleste elevane ho følgde hadde berre budd kort tid i Noreg, noko som inneber at dei framleis var undervegs i språkopplæringa. Fleirtalet hadde også relativt lite skulegang frå heimlandet.

– Undervisningssituasjonen i grunnskuletilbodet byr på fleire utfordringar, men også moglegheiter. Til dømes vil mange av elevane ha teksterfaringar frå litterære tradisjonar som kan vera ukjende i norsk samanheng, seier Anundsen.

YouTube viste seg å vera det mest brukte mediet når elevane oppsøkte litteratur. Dette kunne vera opplesnader av til dømes somalisk  gabay-poesi eller den syriske poeten Nizar Qabbani.

– Bør få plass på læreplanen

Dei ulike litterære tradisjonane som fleirspråklege elevar har med seg, bør få innpass på læreplanen meiner Anundsen.

– Eg meiner ikkje det skal erstatta norske tekstar. Men no som det blir laga ein ny læreplan for vaksne elevar med innvandrarbakgrunn, tenkjer eg det blir naturleg å gjera slike tekstar meir synlege, seier ho.

Som eit døme foreslår Anundsen at eit av kompetansemåla kan vera å visa kjennskap til eigen litterær tradisjon.

FAKTA/Vaksenopplæring i Noreg

  • Vaksne har hatt lovfesta rett til grunnskuleopplæring sidan 2002.
  • Dei siste åra har deltakarar med minoritetsspråkleg bakgrunn utgjort størstedelen av elevane: 80 prosent i 2014, og rundt 97 prosent i 2018.
  • Fleirtalet av dei minoritetsspråklege deltakarane er mellom 25 og 40 år gamle.
  • Ein ny forsøkslæreplan for vaksenopplæring i norsk vart innført i 2017, og er gyldig fram til sommaren 2023.

Ulike typar samtaler

I avhandlinga har Anundsen også gjort observasjonar og teke lydopptak medan klassen snakka om litterære tekstar dei har lese. Ho fann tre ulike typar samtalar i klassane.

Den første samtalesjangeren har ho kalla forståingsorientert samtale. Hensikta her er å hjelpa elevane med å forstå teksten på ord- og handlingsnivå. Dette er ein utprega lærarstyrt samtale – det er til dømes ikkje uvanleg at læraren sjølv svarer på spørsmåla i tillegg til å stilla dei.

I den andre typen samtale handlar det om å tolka tekstar og respondera personleg på han.

Den tredje samtaletypen handla om korleis til dømes romanen Og av Veronica Salinas sette i gang ei erfaringsdeling hos elevane.

Romanen handlar om ei ung kvinne som forlet heimlandet Argentina for å dra til Noreg og arbeide som au-pair.

– Dette vart ein kollektiv samtale kvar elevane er meir likestilte med læraren. Desse tre mønstera veksla litt i klasserommet, men lærarar bør vera merksame på kva slags samtalemønster dei legg opp til. Det er spesielt viktig når det er snakk om vaksne elevar, seier Anundsen.

Dei andre delstudiane i avhandlinga undersøkjer litteratur og litteraturundervisning gjennom ulike inngangar, som korleis den enkelte eleven forstår ein litterær tekst, og refleksjonane til lærarane, med vekt på litteraturdelen i norskfaget.

Usynleg vaksenopplæring

I dag ber vaksenopplæringa preg av å vere usynleg i utdanningsfeltet, ifølgje Anundsen. Ho ønskjer seg at det skal bli høgare prioritert innan både utdanningsinstitusjonar og utdanningsforskinga.

– Andrespråkfeltet har tradisjonelt handla om språklæring. Dette burde utvidast til korleis lesnad går føre seg, opplevast, blir brukt og blir praktisert. Me burde interessera oss meir for teksttradisjonar i alle former, seier ho.