Les mer om hvordan UiA bruker informasjonskapsler på dette nettstedet og hvordan du kan deaktivere disse.
Byar banar veg for næringsutviklinga i heile regionen dei er ein del av. Vi må støtte dei store, om vi ønskjer omstilling og næringsutvikling. Det kjem fram i ei ny doktoravhandling ved Handelshøyskolen ved Universitetet i Agder.
– For å sikre best vilkår for å utvikle eit næringsliv med evne til å omstille seg, bør næringspolitikken stimulere dei store og urbane områda i regionane. Ikkje for at dei store berre skal bli større, men for at heile regionen skal kunne ta del i vekst og omstilling. Det kjem alle til gode å støtte dei store, seier Jan Ole Rypestøl.
Han disputerte nyleg for doktorgraden med ein studie om vilkåra for god næringsutvikling i ulike landsdelar. Avhandlinga inneheld fire artiklar som frå litt ulike vinklar tek for seg samspelet mellom bedrifter og entreprenørar.
Mange regionar i Noreg og andre land har opplevd store utfordringar etter finanskrise, oljeprisfall, nedgang i oljenæringa og stagnasjon i verdsøkonomien. Doktorgradsavhandlinga tematiserer ei utfordring som er aktuell i tida. Ho dreiar seg om det som må liggje til grunn for at eit næringsliv i nedgang og stagnasjon kan omstille seg og få ny vekst.
Næringslivet møter ikkje berre konkurranse frå bedrifter i sin region og sitt land, men er del av ein internasjonal økonomi og ein global marknadsplass. Dei brutale realitetane er at bedriftene må omstille seg for å unngå nedgang, nedlegging og arbeidsløyse.
Jan Ole Rypestøl har vore særleg oppteken av korleis aktørane deler kunnskap og kva for rolle entreprenørar og enkeltbedrifter speler i omstillingsprosessar.
– Det er tidlegare forska mykje på system og strukturar som fremjar nyskaping, men mindre på den rolla nøkkelaktørar som entreprenøren og bedriftseigarane har i omstillingsprosessar. Det har også vore lite forsking på korleis bedrifter samarbeider og utvekslar kunnskap i innovasjonsprosessar, og på dei ulike geografiske tilhøva og kjenneteikna ved næringslivsstrukturen i regionane, seier han.
Forskaren skil mellom tre typar næringsstrukturar i regionane:
Hordaland er døme på ein region med eit variert næringsliv med høg aktivitet innanfor ulike sektorar. Agder-fylka har eit meir einsidig næringsliv, men med spesialisert kunnskap innanfor leverandørindustrien til olje- og gassnæring. Om du samanliknar ulike delar av Agder-fylka, er det likevel dei større byane som har eit mest variert næringsliv.
– Det er eit tydeleg funn i mi avhandling at innovasjonsevna er best i dei såkalla tjukke regionane. Der er entreprenørane meir innovative og ambisiøse enn entreprenørar i tynne regionar, seier forskaren.
Rypestøl har identifisert to roller eller typar som er avgjerande for vekst og omstilling. Han kallar desse typane endringsagentar. Den eine endringsagenten er bedriftsentreprenøren knytt til eigen bedrift, den andre er systementreprenøren.
Den siste typen er ein aktør som arbeider for å betre vilkåra for entreprenørskap på systemnivå. Eit slikt arbeid kan til dømes inkludere å betre vilkåra for nyskaping i heile regionen. Typiske døme er offentlege rådgjevarar eller forretningskonsulentar som styrer større næringsklynger.
– Bedrifter i urbane strok har gjerne fleire bedrifter med ulike typar kunnskap. Di meir variert eit næringsliv i ein region er, di meir nyskaping kan ein forvente. I Agder-fylka har til dømes dei urbane områda rundt Kristiansand og Arendal mest innovativ kraft, seier Rypestøl.
Han understrekar at kunnskapsdeling fungerer best når bedriftene har ulik, men likevel overlappande kompetanse og er i nærleiken av einannan.
– Derfor er det viktig at næringspolitikken stimulerer eit mangfald av bedrifter i ein region. Geografisk nærleik er ein nøkkelfaktor for kunnskapsdeling, og det gjeld same kva for kunnskap du deler, seier Rypestøl.
Også små stader og mindre bedrifter utanfor bysentra kan ifølgje forskaren ha høge ambisjonar om vekst og nyskaping.
– Poenget er likevel at det er skilnad mellom evna til nyskaping i byane og utanfor. Forskjellen ligg i ambisjonsnivå og innovasjonsevne. Nyskaping er mellom anna avhengig av at store og ulike bedrifter samarbeider og deler kunnskap. Bedrifter må ha rik tilgang på kunnskap frå andre for å skape noko nytt, og slike forhold finn du best i urbane strok, seier han.