Les mer om hvordan UiA bruker informasjonskapsler på dette nettstedet og hvordan du kan deaktivere disse.
21. - 25. januar inviterer UiA til ei veke med mange spennande aktivitetar og opplevingar, og god moglegheit for studentar til å verte kjent med kvarandre og universitetet.
– Med Javel! Mangfoldsuka ynskjer vi å vise at UiA er ein studiestad for alle studentar og tilsette, utan omsyn til religion, etnisitet, legning eller funksjon seier Claudia Klostergaard ved Senter for likestilling.
Mangfoldsuka er ei utviding av tidlegare markeringar for studentar. Ho skal bidra til ein god semesterstart og førebyggje einsemd blant nye og gamle studentar og tilsette.
– Vanlegvis har vi hatt Mangfoldsdagen i starten av studiet på hausten, men no ønskjer vi å bruke ei heil veke i starten på vårsemesteret. Då bruker det ikkje å vere så mange aktivitetar og det kjem mange nye studentar då også, seier Klostergaard.
Trivsel og inkludering har mykje å seie for studieresultata. Trivst du ikkje er det heller ikkje like lett å lære. Mangfoldsuka er eit felles løft frå ulike organisasjonar. I løpet av veka skal det vere over 20 arrangement.
Studentorganisasjonen i Agder (STA) støttar opp om veka. På Engasjer deg-dagen 24. januar vert det eit mylder av studentaktivitetar, og linjeforeiningane vil vise kva tilbod dei har. STA vil også ha ekstra fokus på mangfald på nettsida si og på sosiale medium denne veka.
For full oversikt over alt som skjer i løpet av veka, følg med på facebook-siden til JAVEL! Mangfoldsuka. Ver med på det som skjer i Mangfoldsuka, og få ein god start på studia.