0
Hopp til hovedinnhold

Vellykka samarbeid mellom UiA og industrien

Tett samarbeid med regional industri og nyskapande forsking på UiA får skryt av Noregs forskingsråd. Det kjem fram i evalueringsrapporten av SFI Offshore Mechatronics. 

Bilde av SFI Offshore Mechatronics som får skryt og grønt lys ifrå Noregs forskingsråd. No kan dei halde fram i andre og neste fase av prosjektperioden fram til 2023. På biletet Seunn Smith-Tønnesen, universitetsdirektør på UiA, Leif Haukom, styreleiar i SFIen og Geir Hovland, leiar for SFIen.
SFI Offshore Mechatronics får skryt og grønt lys frå Noregs forskingsråd. No kan dei halde fram i andre og neste fase av prosjektperioden fram til 2023. På bildet Seunn Smith-Tønnesen, universitetsdirektør på UiA, Leif Haukom, styreleiar i SFI-en og Geir Hovland, leiar for SFI-en.

Rapporten konkluderer med at forskingssenteret får forlenga statusen og finansieringa for dei tre neste åra av prosjektfasen. 

Noregs forskingsråd (NFR) satsar sterkt på Sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI). Målet er å auke samarbeidet imellom forskingsaktive bedrifter i næringslivet og framståande forskingsmiljø. Det er no 24 SFIar i Noreg. UiA har hatt SFI Offshore Mechatronics sidan 2015. 

– Målet er å utvikle relevante løysingar for bransjen saman med industrien, seier Geir Hovland

Han er professor på Fakultet for teknologi og realfag på UiA og leiar av Senter for forskingsdriven innovasjon Offshore Mechatronics (SFI). 

No får forskingssenteret på UiA honnør frå Noregs forskingsråd. MHWirth, National Oilwell Varco og Cameron er nokre av dei lokale samarbeidspartnarane. Trass nedgangen i offshoreindustrien over fleire år, har alle industripartnarane i SFI-en ønskt å halde fram med samarbeidet. Dette imponerar både Noregs forskingsråd og leiinga i SFI-en.

SFI Offshore Mechatronics ved UiA er det einaste senter for forskingsdriven innovasjon i Agder. Målet er å utvikle relevante og innovative løysingar saman med industrien. 

Resultata nyttige for industrien

Alle del-prosjekta i SFI-en samarbeider med industripartnarar. Prosjekta har tema som hydraulikk, røyrslekompensasjon, robotisering, automatisering og tilstandskontroll av maskinar. 

– Det er god samskaping mellom forskarane og partnarane i industrien. Industrien melder tilbake at samarbeidet og resultata er nyttige for dei. Tidlegare har industrien vore veldig utviklingsorientert. Nå melder fleire om god framgang også på forskingsfronten, seier seniorkonsulent Leif Haukom i GCE NODE og styreleiar i SFI-en. 

Skryt frå forskingsrådet

I vår var prosjektet halvvegs i prosjektperioden. Observatørar frå NFR var då ein heil dag på besøk for å vurdere arbeidet ved senteret. No føreligg evalueringsrapporten som viser at senteret får ha senterstatusen og finansieringa fram til 2023. 

– Vi er glade for at vi kan halde fram med arbeidet vårt. Evalueringsdagen var ein spennande og viktig dag for SFI-en. Vi fekk synleggjort arbeidet vårt for Noregs forskingsråd, og vist at det oppfyller intensjonane ifrå tildelinga i 2015, seier Hovland.

Rapporten frå NFR er positiv:

Panelet er gjennomgående fornøyd med det vitenskaplige arbeidet som er utført i senteret. Senterets forskning er publisert i et betydelig antall internasjonalt anerkjente konferanser og tidsskrifter. Flere arbeidspakker har hatt et nært samarbeid og åpenbare synergier på tvers, panelet støtter likevel senterets ønske om en ytterligere integrasjon og samhandling på tvers av arbeidspakkene.

SFI-en er delt opp i sju arbeidspakker som arbeider med kvart sitt fagfelt innan offshore mekatronikk.

Forskingsrådet er også imponert over at senteret har tilsett mange stipendiatar, blant dei fleire kandidatar frå industrien. Senteret har no 22 doktorgradskandidatar og postdoktorar. Fire har disputert etter 3-4 års doktorgradsarbeid. Det er no 14 ledige doktorgrads- og postdoktorstillingar for perioden 2019-22. I år er det i tillegg 28 bachelor- og masterprosjekt knytt til dei ulike arbeidspakkene. 

Viktig for industrien

Partnarar frå industrien var også til stades under evalueringa i vår. 

– Eit godt samarbeid med næringslivet og regionale og internasjonale partnarar er grunnleggjande for SFI-en. Senteret skal bidra til vekst og innovasjon i bransjen, skape arbeidsplassar og verksemder med potensial for vekst både innan og utanfor offshore-sektoren, seier Haukom.

Haukom har lang erfaring ifrå industriverksemdene MacGregor og Aker Solutions. Førstnemnde er partnar i SFIen.

Haukom fortel at samarbeidet med industripartnarane står sterkt og er viktig for SFien, noko Forskingsrådet óg peiker på.

– Vi såg det særskilt i 2015 då det var nedgang for oljebransjen. Trass nedgangen ønskte alle partnarane å halde fram med avtala, trass i at dei hadde færre ressursar. Dette understrekar kor viktig prosjektet er for industrien, seier Haukom.

Vil styrke seg ytterlegare

SFI-en ønsker no å sjå framover og ta til seg tilbakemeldingane Forskingsrådet har komme med. Senteret har fått fleire gode tilbakemeldingar og råd. 

– Responsen frå Noregs forskingsråd har vore positiv. Vi fekk tilbakemeldingar på at mange av våre utfordringar liknar dei som andre SFI-ar har. Dei sa også at dei hadde lært av oss gjennom evalueringsdagen. Det er eit positivt signal, seier Hovland.

Eit av råda er å tydelegare kommunisere resultata frå forskinga. I tillegg bør SFI-en synleggjere det store innovasjonspotensialet for industrien. Senteret blir også oppmoda til å legge til rette for at fleire doktorgrads- og postdoktorstipendiatar kan arbeide saman på tvers av arbeidspakkene. 

– Tilbakemeldingane vil styrke senteret ytterlegare, seier Hovland. 

Leiinga i SFI-en har gjort nyttige erfaringar i den første prosjektfasen. Dei har også eigne idear til forbetringstiltak, som ikkje kjem fram av evalueringa. 

– Dette går til dømes på utvikling av nye såkalla «spin-off-prosjekt» og legge endå meir vekt på innovasjon, seier Hovland. 

Fakta om SFI-ordninga

  • SFI står for Senter for forskingsdriven innovasjon. 
  • SFI-ordninga er finansiert av Noregs forskingsråd.
  • 24 aktive SFI-ar i Noreg. 
  • SFI Offshore Mechatronics på UiA starta april 2015. 
    • Tilknytta Fakultet for teknologi og realfag
    • SFI-en har sju arbeidspakker. UiA er ansvarleg for tre, NTNU for to, GCE NODE for ei og Universitetet i Aalborg for ei. Universiteta deltek også på tvers i dei ulike arbeidspakkene. 
  • Industrielle samarbeidspartnarar: ABB, Bosch Rexroth, Cameron, Klueber Lubrication, Egde consulting, Lundin, MacGregor, MHWirth, National Oilwell Varco, Skeie Technology og Stepchange. 

Send studiet på mail