0
Hopp til hovedinnhold

Vel ny representant til universitetsstyret

Laurdag 1. august skiftar UiA sine mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar representanten sin i universitetsstyret. I dag blir valet kunngjort.

Foto av campus Kristiansand
UNIVERSITETET: Mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar vel i vår ny representant til universitetsstyret. (Arkivfoto)
Veslemøy Rabe, foto

Veslemøy Rabe

Sjølve valet blir halde elektronisk i perioden 26. mai – 3. juni 2020. Det skal veljast éin representant og to vararepresentantar. Valkretsen består av nærare 270 tilsette i mellombels undervisings- og forskarstillingar, hovudsakleg stipendiatar.

– Representanten for universitetets mellombels tilsette i vitskaplege stillingar utgjer ei svært viktig stemme i universitetsstyret, kanskje særleg i samband med stipendiatane våre, deira syn og kår. Vi håper derfor på mange og gode kandidatar til valet, seier leiaren for valstyret, Veslemøy Rabe

Sjå heile valutlysinga her

Kandidatperiode 28. april – 12. mai

I valutlysinga blir det opna for å fremje kandidatar i tidsperioden 28. april – 12. mai kl. 14.00. Forslag på kandidat blir fremma på eige skjema. Funksjonstida for den som blir vald er eitt år, frå 1. august 2020 til 31. juli

Dagens representant for valkretsen er stipendiat Ingrid Lande Larsen. Stipendiat Mette Marie Næser Seldal er vararepresentant.