0
Hopp til hovedinnhold

Vel 80 representantar i to val

Studentvala i år går av stabelen i perioden 22. – 29. april. Siste frist for å fremme kandidatar er onsdag 25. mars.

Studenter med stemmesedler i været, foto
TO VAL PÅ EIN GANG: Studentane ved UiA veljar i vår representantane sine til Studentparlamentet og til fakultetsstyra. (Arkivfoto.)

– Studentvala er viktige for oss studentar. Vi håper derfor på mange og gode kandidatar og høg valdeltaking, og for å klare dette treng vi engasjement både frå studentar og tilsette, seier leiar Benedicte Nordlie i Studentorganisasjonen i Agder (STA).

Benedicte Nordlie, foto

Benedicte Nordlie

Det skal veljast studentrepresentantar i to val ved studentvala i april i år. Dei to vala blir samtidig haldne:

  • Til fakultetsstyra – det øvste organet til fakulteta, lærarutdanningane og Handelshøyskolen ved UiA. Fakultetsstyra har eit overordna ansvar for at verksemda ved fakultetas og lærarutdanningane held høg kvalitet.
  • Til Studentparlamentet – det øvste organet til Studentorganisasjonen i Agder (STA). Studentparlamentet behandlar saker som omhandlar velferda til studentane, økonomiske, sosiale og faglege aspektar. Det vel òg representantar til alle råd, styrar og utval ved UiA og STA.

Kandidatar fremjast til STA innan 25. mars

Det er frivillig å stille til val, og alle som blir fremma må vere spurt.

Alle studentar som har semesterregistrert seg er valbare og kan stemme.

Kandidatar femjast via nettsidene til STA.

Funksjonstida er frå 1. august 2020 til 31. juli 2021.

Viktige datoar er

  • 4. mars – 25. mars: Fristperiode for å fremje kandidatar
  • 25. mars kl. 14.00: Frist for å klage på manntalet
  • 22.april kl. 10.00 – 29. april kl. 14.00: Valperiode, elektroniske val

Elektronisk val

Sjølve valet blir halde elektronisk i val perioden 22. april kl. 10.00 – 29. april kl. 14.00. Studentane kjem til stemmerommet via nettsidene til STA.

Desse skal veljast

Studenter i forelesningssal, foto

KANDIDATAR: Alle studentar som har semesterregistrert seg kan stille til val. Studentleiar Benedicte Nordlie håper flest mogleg vil engasjere seg i studentvala. (Ill. foto: Arkivfoto).

Fakultet for samfunnsvitskap:

  • Til fakultetsstyret: To representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Fire representantar og fire vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Fakultet for helse- og idrettsvitskap:

  • Til fakultetsstyret: To representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Fire representantar og fire vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Fakultet for humaniora og pedagogikk:

  • Til fakultetsstyret: To representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Tre representantar og tre vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Fakultet for kunstfag:

  • Til fakultetsstyret: To representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: To representantar og to vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Fakultet for teknologi og realfag:

  • Til fakultetsstyret: Det skal veljast to representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Fire representantar og fire vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Lærarutdanningane:

  • Til Styret for lærarutdanningane: Tre representantar og tre vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Fire representantar og fire vararepresentantar. OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Handelshøgskulen ved Universitetet i Agder:

  • Til fakultetsstyret: To representantar (ein frå kvart kjønn) og to vararepresentantar (ein frå kvart kjønn).
  • Til Studentparlamentet: Fire representantar og fire vararepresentantar OBS: Dei som får flest stemmer – uavhengig av kjønn - blir valde.

Spørsmål om vala?

Spørsmål om studentvala blir fortrinnsvis retta til Studentorganisasjonen i Agder (STA) - til STA-leder Benedicte Nordlie.