I årets første universitetsstyremøte vart det òg vedteke endringar i valreglementet ved UiA.
Universitetsstyret var digitalt samla for første gong i år, tysdag 1. februar 2022. Den opne delen av møtet vart som vanleg strøymt digitalt på uia.no.
Universitetsstyret vedtok nye prinsipp for korleis tid til forskings- og utviklingsarbeid (FoU) skal fordelast mellom dei vitskapleg tilsette. Dagens gjeldande prinsipp på dette området vart sist behandla i universitetsstyret i 2009-2010 og har ikkje vore vurdert eller revidert i styret sidan.
Dei vedtekne prinsippa er eit retningsgivande signal og ein ambisjon frå universitetsstyret for korleis forsking og utviklingsarbeid skal prioriterast ved UiA – ei norm for FoU-tid som avklarer kva den tilsette normalt sett kan forventa seg ved forventa aktivitetsnivå.
Formålet med prinsippa er å gi forventingsrammer for både arbeidsgivar og den tilsette, sikre autonomi i fagmiljøa, og å gi fleksibilitet og strategisk handlingsrom til fakultet og institutt. Prinsippa skal òg kunna stå seg over tid for å unngå hyppige endringar. Dei nye prinsippa legg til grunn ei aktiv prioritering av FoU-tida i kvart enkelt fakultet og institutt framover.
Forslaget som vart vedteke legg kort sagt til grunn ei fordeling av FoU-tid som både tek omsyn til stillingstype og individuelle vurderingar. Professorar/dosentar/førsteamanuensar skal i utgangspunktet ha mest FoU-tid (30-45 %), førstelektorar nest mest (15-25 %) og universitetslektorar minst (10-15 %). I tillegg vil det gjerast individuelle vurderingar knytt til:
Det komplette forslaget og resten av saksdokumenta kan lesast i sin heilskap. Tid til forsking og utviklingsarbeid kan ikkje sjåast uavhengig av tid til undervisning og administrasjon. I same sak vart det derfor vedteke at det skal gjennomførast ein tilsvarande gjennomgang av fordeling av tid til undervisning og administrasjon. Fakultetsstyra og styret for lærarutdanningane skal behandla dei nye institusjonelle prinsippa i eiga sak.
Universitetsdirektøren orienterte styret om UiAs handtering av koronapandemien. Tilsett- og studentrepresentantane ytra bekymring for meirarbeidet pandemien og hybrid undervisning medfører, og at dette kan gå ut over energinivået i begge grupper.
Rektor og universitetsdirektør gav uttrykk for forståing for dette, og at leiinga i universitetet vil utnytta det handlingsrommet som nasjonale og lokale retningslinjer til kvar tid gir. I vår er det forventa å vera eit betydeleg sjukefråvær, slik at hybrid undervisning i stor grad kjem til å halda fram, uavhengig av kommande lettar. Kontinuitetsplanlegging og føreseielegheit er andre viktige prioriteringar i vidare handtering.
Utover vårsemesteret vil universitetet halda fram med tiltak som skal gjera det bra å komma tilbake til campus.
Universitetsstyret vedtok diverse endringar i valreglementet. Blant anna er praksisen med å krevja norskkunnskapar for å vera valbar i UiAs styrar og utval teke inn i valreglementet.
Reglementet som gjeld rektorval er òg endra i samsvar med ny universitets- og høgskulelov slik at alle tilsettes stemmer tel like mykje, uavhengig av om dei er vitskapleg eller teknisk/administrative tilsette. Vekting ved eit eventuelt kommande rektorval er 72 % for tilsette og 28 % for studentar.
Alle endringane og saksgrunnlaget finst på UiAs nettsider.
Alle saksdokument frå universitetsstyremøtet 1. februar 2022