0
Hopp til hovedinnhold

Vasskraft blir møtt av auka reknekraft

Agder Energi og Universitetet i Agder har oppnådd konkrete framsteg i simuleringane for at kunstig intelligens skal styre vasskraftproduksjonen. Minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø var begeistra for det ho fekk sjå og høyre.

Bernt Viggo Matheussen, Iselin Nybø og Ole-Christoffer Granmo, foto
Bernt Viggo Matheussen, Iselin Nybø og Ole-Christoffer Granmo. Foto: Tor Martin Lien, UiA.

Hovudmålet med forskingsprosjektet til Agder Energi og Universitetet i Agder er at kunstig intelligens skal styre vasskraftproduksjonen betre enn menneske. Forskar og leiar for Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) ved Universitetet i Agder, Ole-Christoffer Granmo, seier at det er mykje usikkerheit i kraftproduksjonen i dag.

– Det er vanskeleg å planleggje for vasstilførsel og straumprisar, og derfor også utfordrande å finne den mest optimale bruken av vasskrafta. Når kunstig intelligens får styre meir av produksjonen, er tanken at den kan styre eit vasskraftverk betre enn menneske. Vi har den siste tida gjort konkrete framsteg som viser at det om nokre år kan bli ein realitet, seier Granmo.

Kraftstasjonen ved Hunsfos i Vennesla var åstad for statsrådsbesøket, og ministeren for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, var begeistra for det ho fekk sjå og lære om.

– Dette er eit veldig godt døme på korleis akademia og næringslivet bør samarbeide. At akademia går saman med Agder energi for å optimalisere bruk av vatn i kraftproduksjonen er veldig spennande og framtidsretta seier Nybø.

Milliardar av scenario

Bernt Viggo Matheussen, Ole-Christoffer Granmo, Frank Reichert, Seunn Smith-Tønnessen og Iselin Nybø, foto

Bernt Viggo Matheussen, Ole-Christoffer Granmo, rektor Frank Reichert, universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen og statsråd Iselin Nybø. Foto: Tor Martin Lien, UiA.

Forskarane simulerer milliardar av scenario for å utvikle styringssystem som skal avgjere når vatnet bør brukast i kraftproduksjonen. Dei matematiske modellane som styrer kraftproduksjonen i dag er rundt 30 år gamle, og det er utfordrande å optimalisere produksjonen til å bli så lønsam som mogleg. Målet er at kunstig intelligens skal bidra til ein produksjon som er sjølvlærande og mest mogleg optimal.   

– Universitetet i Agder satsar betydeleg på vårt fagmiljø og vi investerer nå i ni superdatamaskiner for å auke satsinga på kunstig intelligens. Også EU satsar nå store forskingsmiddel på fagfeltet, og det er sjølvsagt eit mål for oss å få tilgang til ein del av desse midla. Om vi lykkes kan vi få ein teknologi som sjølvsagt kan eksporterast, seier Granmo.

Viktig for Agder Energi

Maskinlæring er eit av satsingsområda til forskingssenteret, og er ein sentral del av samarbeidsprosjektet med Agder Energi. Ved hjelp av såkalla djup forsterkingslæring kan datamaskinen sjølv utvikle metodar og modellar som tar høgde for unøyaktigheitar og usikre i vassforsyninga.

– Vi ønskjer heile tida å forbetre kraftproduksjonen vår og måten vi bruker våre vassressursar. Universitetet i Agder er leiande i Noreg på arbeidet med kunstig intelligens, og derfor synast vi dette samarbeidet er veldig spennande. Her ligg det også store moglegheiter for betre inntening for oss, seier Bernt Viggo Matheussen, leiar for avdeling for hydrologi og meteorologi i Agder Energi.

Matheussen har i prosjekttida ei bistilling hos forskingssenteret CAIR og jobbar tett med Granmo om utviklinga av modellane. Forskingsprosjektet Generic Hydropower Optimization Using Deep Reinforcement Learning blir støtta av Forskningsrådet sitt ENERGIX-program.

– Utviklinga på dette området går utruleg raskt og det er eit kappløp for å liggje i front. Men om vi lykkes med å få dataprogramma til å styre prosessen på eigahand, blir vi dei fyrste som innfører denne teknologien i styringa av vasskraftproduksjonen, seier Matheussen.

CAIR-senteret

Iselin Nybø deler ut vester, foto.

Statsråd Iselin Nybø tok ansvar for sikkerheten. Foto: Tor Martin Lien, UiA.

Forskingssenteret CAIR blei opna ved Universitetet i Agder i mars 2017. Det er i dag 14 forskarar med variert fagbakgrunn knyta til senteret. Samtidig er kunstig intelligens eit fagområde som er bygga opp over lang tid ved UiA, men utviklinga innan fagfeltet har gått i rekordfart dei siste åra. 

– For tida går det føre seg ein revolusjon innan forsking på feltet, og kunstig intelligens blir ein meir og meir sentral faktor for samfunnsutviklinga. Så skal vi framleis vere leiande på fagfeltet, så må vi heile tida utvikle vår forsking og våre metodar, seier Ole-Christoffer Granmo.

Dei tre satsingsområda er maskinlæring, resonnering og naturleg språk. CAIR har også forskingsprosjekt med Sørlandets sjukehus HF, og dei er partnarar i eit større forskingsprosjekt i regi av SINTEF om å utvikle datamaskiner som kan gje råd om psykisk helse, såkalla chatbots.

Send studiet på mail