Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Vann forskarpris for drøymande dataspelalgoritme

Doktorgradsstipendiat Per-Arne Andersen ved UiAs CAIR-senter har i konkurranse med 260 kunstig intelligens-forskarar frå heile verda vunne pris for beste presentasjon på Cambridge-konferanse.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Per-Arne Andersen, foto
Doktorgradsstipendiat Per-Arne Andersen ved UiAs CAIR-senter er her ved Cambridge University for å presentere ein ny studie om kunstig intelligens. Han fekk prisen for beste presentasjon for studien.

Professorar og forskararar frå heile verda presenterte nye oppdagingar og perspektiv på kunstig intelligens på konferansen SGAI International Conference on Artificial Intelligence i Cambridge.

Det var over 260 presentasjonar på konferansen. Den beste av dei var presentasjonen av draume-algoritmen til Per-Arne Andersen frå Universitetet i Agder. Andersen heldt prisforedraget sitt på den internasjonale konferansen om kunstig intelligense på Cambridge University 13. desember 

Under rettleiing frå førsteamanuensis Morten Goodwin og professor Ole-Christoffer Granmo ved UiAs Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR), har Andersen laga ein draume-algoritme som drøymer opp nye landskap og nye sjansar undervegs i eit dataspel.

Treng lite data

Kunstig intelligens-algoritmar, også kalla oppskrifter, er sjølvlærande. Vanlegvis treng dei mengder av data for å lære seg å ta smarte val. Men det gjer ikkje oppskrifta Andersen har laga. Han har laga ein algoritme som treng lite data for å lære seg sjølv opp til å forstå spelet.

Morten Goodwin, foto

Morten Goodwin.

– Denne algoritmen kan skape nye spelsituasjonar og utvikle sin eigen data undervegs, seier Morten Goodwin. 

Goodwin meiner avgjort det er ei fjær i hatten for doktorgradskandidaten å få pris for beste studie allereie som første års ph.d.-kandidat.

Goodwin minner også om at Cambridge University er blant universiteta med lang og ærefull fartstid innanfor forsking og utvikling av kunstig intelligens. Alan Turing var ein av pionerane i feltet og forska og utvikla sine teoriar ved Cambridge.

Kunstig intelligens

– Algoritmen har eg kalla The Dreaming Algoritm, og kort fortald er han laga slik at han sjølv finn opp den datamengda han treng for å spele godt, seier Per-Arne Andersen.  

Algoritmen utfører tilfeldige handlingar for å utforske korleis spelet heng saman. Etter at algoritmen har samla inn ei viss mengde data, har han så å seie lært seg grammatikken eller anatomien i spelet. Ut frå det kan han avle fram nye framtidsbilde. Draumealgoritmen drøymer da opp moglege utviklingstrekk, og til slutt kan han sjå for seg alle dei framtidige utviklingstrekka som ligg i spelet.

Kommersielt interessant

– Arbeidet med algoritmen starta med masteroppgåva mi og bruk av kunstig intelligens i spel. I såkalla forsterkingslæring der algoritmen lærer opp seg sjølv til å forstå eit spel, krev dei aller fleste algoritmar svært mykje data. Det gjer at læringa vert langsam og vanskeleg å gjennomføre med avgrensa datakraft. Tanken bak denne algoritmen var at han skulle lære seg delar av spelet og ut frå det sjå for seg ny spelhistorie, seier forskaren.

Han trur algoritmen kan ha kommersiell interesse.

– Eit døme kan vere i miljø der konsekvensen for å gjere feil er fatal. Da kan du bruke ein slik algoritme til å lære opp dei andre algoritmane i eit draumemiljø som utprøver ulike løysingar utan at det vert nokon skade om ein gjer feil, seier han.

Eit område der ein kan ta i bruk draume-algoritmen er innanfor medisin.

– Det er mangel på data for medisinske diagnosar. Potensielt kan denne algoritmen drøyme opp nye døme på røntgenbilde og vise ei utvikling som legen elles ikkje ville få auge på, seier Morten Goodwin.

Utvidar forskingsfronten

Studien Andersen legg fram i Cambridge, er den tredje han presenterer på ein konferanse. Totalt har han no seks offentlege publikasjonar på CV-en, inkludert masteroppgåva. Den unge forskaren har sett seg som mål at doktoravhandlinga hans skal utvide forskingsfronten innanfor bruk av kunstig intelligens i spel.

– Draumealgoritmen er eit lite steg i riktig retning mot meir effektive og mindre datakrevjande algoritmar, men dette er ikkje slutten på den forskinga, seier han.

Per-Arne Andersen traska opp på podiet ved Cambridge University og tok imot prisen for den beste studien på kunstig intelligens-konferansen 13. desember. Og det var ikkje slutten. Det var starten.