Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Utviklar teknologi for ein trygg heim

Ny teknologi utvikla av IKT-miljøet på Universitetet i Agder skal få eldre til å føle seg tryggare i heimen. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjon av eldre mann som leser bok hjemme
Den nye teknologien skal gjere eldre meir trygge og sjølvstendige i eiga heim.

 – Prototypen er no klar. Radiofrekvensar kan fange opp om ein brukar fell om. Da sendar sensoren ei melding til helsevesenet. Einsamme eldre vil føle seg tryggare og klare å bu heime lenger med dette hjelpemiddelet, seier professor Matthias Pätzold ved Institutt for IKT på UiA. 

Matthias Pätzold er professor ved Institutt for IKT på UiA.

Matthias Pätzold er professor ved Institutt for IKT på UiA.

Pätzold leiar forskingsprosjektet WiCare (Wireless In-Home Healthcare Monitoring System for Supporting Independent Living of Elderlies).

Ved hjelp frå radiobølger har han og prosjektgruppa laga eit system som registrerer daglig aktivitet hos brukarane. 

– Målet er å kjenne att og lokalisere eit stort sett av ulike brukaraktivitetar. Dette er mogleg med den kommande femte generasjonen av mobile kommunikasjonssystem (5G) kombinert med signal frå radio- og lydsensorar, seier Pätzold. 

Menneskelege fingeravtrykk

Forskarane ser for seg at sensorane blir plassert relativt usynleg i heimen til eldre bebuarar. Sensorar fangar opp aktiviteten deira og data frå desse seier noko om korleis aktiviteten til brukaren er. All data som kjem inn frå radiofrekvens-sensorane blir analyserte og tolka av kunstig intelligens-teknologi. 

Systemet vil kunne seie noko om kor mykje støtte brukaren treng. Dette vil gjere det enklare å få tilrettelagt nødvendige hjelpemiddel til den enkelte brukaren.  

– Prototypen er basert på fleire eksperiment vi har gjort. Den er blitt trent opp til å tolke ulike aktivitetar, til dømes om brukaren faller, går, stå eller å sitter. Alle menneske har ulikt aktivitetsmønster på akiviteta våre. Utfordringa er å trene teknologien slik at han gjenkjenner brukarar med ulik størrelse, vekt og kjønn, og samstundes har høg grad av pålitelegheit, seier Pätzold.  

Svakheiter i nåverande løysingar

Behovet for nye løysingar på dette feltet er stort, ifølgje forskaren. Ikkje minst fordi nød naudknappar og smartklokkar ikkje er optimale. Slike verktøy er i bruk i helsevesenet mange stader, men har ifølgje Pätzold mange svakheiter.

– Naudknappar er ineffektive om brukaren ikkje når dei eller klarer å utføre handlinga. Ei klokke er lett å gløyme eller ignorere å ta på seg. Og videoovervaking er utfordrande med omsyn til personvern, seier Pätzold.

Målesystemet vil kunne seie noko om kor mykje støtte brukaren treng eller kjenne att om brukarar ramlar. Dette vil gjere det enklare å få tilrettelagt nødvendige hjelpemiddel til brukaren. 

– I tillegg vil brukarane oppleve det tryggare å vere heime aleine i tilfelle noko skulle skje, seier Pätzold. 

WiCare er finansiert av Noreg forskingsråds FRINATEK-program. Prosjektet blir ført vidare av UiA i prosjektet CareWell, finanisert av forskingsrådets IKTPLUSS-program frå i år og fram til 2023. Programmet finansierer prosjekt som gir ny kunnskap og utvikling av teknologi som fremmar produktivitet og effektivitet.