Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Utviklar spel for barnehagebarn

Studentar i barnehagelærarutdanninga ved UiAs campus i Grimstad samarbeider med e-sportmiljøet på UiA for å utvikle spel for barn. 

Bildet av spelet
I spelet Katten Kantus er katte-figuren 3D-printa, brettet er laserkutta og dei ulike elementa er laga av både tre og papp.

– Målet er at studentane skal lære av dette. Spel i barnehagen skal være leik, men med aukande digitalisering treng vi å utdanne fleire til å stå støtt i den digitale verda og gjere gode vurderingar og bevisste val. 

Det seier Silje Vegge, faglærar i barnehagelærarutdanninga på UiA.

Barnehagelærarutdanninga på UiA har utvikla spel i mange år. Spelprosjektet er ein viktig del av det tverrfaglege  emnet Språk, tekst og matematikk der pedagogikk, norsk og matematikk er sentralt. Studentane har emnet i tredje og fjerde semester. 

I 2016 fekk spelprosjektet i utdanninga i Grimstad eit digitalt element. Studentane samarbeider då med e-sportmiljøet og miljøet på multimedieteknologi og design. 

– Vi er glade for det gode samarbeidet med teknologi-miljøet. Både faglærarar og studentar hjelper til med råd og rettleiing i spel-utviklinga, seier Vegge.

Studentane får to veker på å utvikle eit spel for barnehagebarn. Dei bruker teori dei har lært, i tillegg til å legge inn lydfiler, QR-kodar og mellom anna filmsnuttar i spela. 

– Studentane får auka kompetanse, tryggleik og refleksjon kring korleis bruke digitale element på ein god måte i barnehagar, seier Vegge. 

Tverrfagleg prosjekt: Silje Vegge er faglærar pedagogikk, Ninni Hogstad er faglærar i matematikk og Elin Moseid er faglærar i norsk.

Tverrfagleg prosjekt: Silje Vegge er faglærar pedagogikk, Ninni Hogstad er faglærar i matematikk og Elin Moseid er faglærar i norsk.

Stor etterspørsel

Kunnskapsdepartementet lanserte nyleg Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole 2023-2030. Arbeidet med spelprosjektet passer godt inn i denne satsinga.  

Vegge fortel at det er stor etterspørsel etter barnehagelærarar med kompetanse i bruk av digitale verktøy. Det handlar om meir enn å vite kva appar ein skal bruke.  

– Digitale spel er blitt ein stor del av barnekulturen. Det er ein del av barns kvardag både i barnehagen og heime. Vi kan ikkje velje det bort. Vi må vite korleis vi bruker det for barns beste, seier Vegge. 

27. april la alle studentane i emnet fram spela dei har utvikla dei siste vekene. 

– Studentane opplever mykje læring undervegs. Alle spela som er laga er testa ut saman med barn i barnehagar og er spelbare. Dei har absolutt potensiale, seier ho. 

Nokre studentar har laga spel der ein flyttar på figurar med lydklipp frå kjente eventyr. Barna kan då flytta seg rundt på golvet og skanne QR-kodar med oppgåver. Andre har laga spel der barn øver på risiko med å kaste ein terning. 

Fantasifullt gruppearbeid

– Det har vore gøy å bruke fantasien og lage noko gøy for barna. Fint å teste ut det vi har lært i undervising. Spennande å sjå at barna i barnehagen faktisk synest dette var gøy, seier Anette Espevik. 

Ho er student i barnehagelærarutdanninga på campus i Grimstad. Saman med medstudentane Dani Olufsen, Louise S. Hansen, Sara Mortensen og Anna Amelcenkova har dei utvikla brettspelet Katten Kantus. 

Studentane Anette Espevik, Louise S. Hansen og Dani Olufsen har laga spelet om katten Kantus.

Studentane Anette Espevik, Louise S. Hansen og Dani Olufsen har laga spelet om katten Kantus.

Spelet har både brikker og figurar, og målet er å byggje opp igjen ein by som har rast saman etter ein eksplosjon. Spelarane skal, ved hjelp av programvare på ein Ipad, få på plass igjen kjente og ukjente element som høyrer til i ein by. 

– Målet er ikkje å gjenoppbygge byen perfekt. Det handlar meir om sjølve prosessen med å finne element og sjå kor dei kan passe. Barna skal leike og å skape ein by saman, seier Espevik.